Grovfôrbasert kjøtproduksjon på storfe

(24.04.20) Storfe er ein drøvtyggar og spesialist til å kunna omdanna gras, grovfôr og beite til mjølk og kjøt. I følgje Landbruksdirektoratet var det 9,8 millionar daa jordbruksareal i drift i 2019.

Ta ut fôrprøve til analyse av grovfôrkvalitet
Ta ut fôrprøve til analyse av grovfôrkvalitet

Av: Øystein Havrevoll, tidl. rådgivar storfe i Nortura

Av dette var 68,4 % i vekstgruppe grovfôr. I tillegg har NIBIO rekna på at det er 138 millionar daa utmarksbeite som drøvtyggarane våre kan utnytta. For å nytta desse norske fôrressursane, er det viktig at driftsopplegg og fôring av storfe er grovfôrbasert. Kraftfôret skal supplera ein god grovfôrrasjon og er nødvendig til høgtytande mjølkekyr og dyr i sterk vekst. Litt kraftfôr i rasjonen kan også vera gunstig for omsetting i vomma og utnytting av næringsstoff i grovfôret. Det er viktig at alle dyr til ei kvar tid har nok forsyning av mineral og vitamin. I rasjonar med lite kraftfôr eller når dyra er på beite, er dette svært viktig å ta omsyn til.  

Skaff deg oversikt over mengde og kvalitet på grovfôravlinga
Lag gjerne ein plan tidleg kva type, kvalitet og mengde grovfôr du har bruk for til neste sesong. Dette heng saman med skifteplan og gjødselplan. Når det gjeld kvalitet på grovfôret snakkar me om innhald per kg tørrstoff av energi (FEm eller MJ NEL20), råprotein (analyse av N multiplisert med 6,25 eller AAT og PBV),  mineral og vitamin. I tillegg er det viktig å vita innhald av gjæringsprodukt (mjølkesyre, eddiksyre, smørsyre) og pH.

For å vurdera energiinnhald i rundballar, er tørrstoffinnhaldet veldig viktig, dernest vekt av rundballen og deretter FEm per kg tørrstoff. Ingen bør selja eller kjøpa rundballar utan å kjenna til desse parametrane. For å få oversikt over grovfôrkvaliteten, bør ein ta ut prøve av kvar slått på hovudskifte. Ut frå alder på enga, gjødsling, haustetid og verforhold ved hausting kan ein gjera seg opp ei meining om kvalitet på grovfôr frå andre skifte. Sorter og merk rundballar slik at ein kan bruka rett kvalitet til ulike dyregrupper gjennom vinteren.  Bruk prøvebor og ta ut prøve av 3-4 rundballar. Om du ikkje har tilgang til prøvebor, kan du be ein rådgivar om hjelp eller ta prøve av fersk surfôr frå fôrbrettet. Uttak av prøve, pris og analyse sjå www.oftotlab.no eller www.eurofins.no.

Krav til næringsinnhald i grovfôret
Slått før eller ved begynnande skyting sikrar eit grovfôr med høgt energiinnhald. Begynnande skyting er definert som 10 synlege aks per kvadratmeter av den dominerande grasarten i enga. Fortørkring til 30-35 % tørrstoff er gunstig for fôropptaket. Bruk av syrebasert ensileringsmiddel i stor nok dose, 3-5 l per tonn gras (opptil 35 % tørrstoff), god pakking i silo og minst 6 lag plast på rundballar er nokre råd ein bør følgja , sjå artikkel «Noen råd i siloslåtten»  som du finn i dette fagbiblioteket til Nortura.

Til kalv, kviger fram til inseminering/paring og til slaktedyr bør grassurfôret innehalda minst 0,90 FEm/kg tørrstoff eller 6,3 MJ NEL20 og minst 130 g råprotein per kg tørrstoff. Fôr å oppnå dette, bør ein slå før og ved begynnande skyting så sant veret tillet det. Lågt proteininnhald kan bety seint slått, lite N-gjødsling, utvatning under fortørking eller sterk gjæring etter pakking pga. lågt tørrstoffinnhald. Kløver i grasblandinga vil auka både protein- og mineralinnhaldet i fôret.

Drektige ammekyr bør få eit grovfôr som er meir energifattig, gjerne ned mot 0,75 FEm per kg tørrstoff (5,3 MJ NEL20 per kg tørrstoff). Drektige ammekyr blir lett for feite når dei får fri tilgang på middels til godt grovfôr. For mange produsentar med kyr i kornområde, er det aktuelt å bruka ammoniakkbehandla halm til desse dyra. Tynne kyr, drektige kviger og kyr etter kalving bør få middels, godt grovfôr. 

Dersom arealet er lite i forhold til dyretalet, kan det vera nødvendig å gå ned på kvalitetskrav til grovfôret ved bevisst  å slå seinare enn begynnande skyting. Det vil føra til meir bruk av kraftfôr for å oppnå lik tilvekst eller at ein må bruka lengre tid på framfôringa. 

Enkelte store produsentar med lite grovfôrareal hevdar at det er best økonomi med nestan fri tilgang på kraftfôr for å få flest mulig dyr slaktemogne på kortast mulig tid.  Ved god tilgang på kalv, låg pris på kraftfôr i forhold til eigne grovfôrkostnader, tilskot via Jordbruksavtalen og betaling for volum av slakt, kan dette vera ei realistisk vurdering sjølv i normale grovfôrår. Men er det slik drøvtyggarfôring norsk storfekjøttproduksjon skal basera seg på?

Effekt av grovfôrkvalitet på fôropptak
Oksen kan eta opptil 2 kg grovfôrtørrstoff per 100 kg levande vekt per dag. Dette krev at grovfôret er av tidleg slått gras, godt konservert med optimal tildeling. Grovfôropptaket varierer mykje både med forhold ved dyret, fôrkvalitet og fôringssystem. Kvalitet på grovfôret og mengde kraftfôr i rasjonen har mest å seia for grovfôropptaket. 

Tabell 1. 
Eksempel på grovfôropptak ved ulik grovfôrkvalitet. Okse på 400 kg med 1200 g tilvekst per dag. Fri tilgang på grovfôr.

FEm/kg tørrstoff grovfôr

0,75

0,85

0,95

Opptak av grovfôr, FEm/dag

3,3

4,8

6,3

Næringsbehov per dag, FEm

7,3

7,3

7,3

Behov for kraftfôr, kg/dag

4,5

3,0

1,0

Fôrkostnader per dag, kr 1)

26,46

24,66

20,91


1) Kostnader grovfôr kr 2,70 per FEm og kr 3,90 per kg kraftfôr

Forsøk med "Meir og betre grovfôr på NMBU Ås i 2006-2007 viste respons hos NRF-oksar ved ulik grovfôrkvalitet (Randby m. fl. 2010). Ved haustetid 1 inneheldt grovfôret 0,98 FEm per kg tørrstoff, mens utsett haustetid på to veker reduserer næringsinnhaldet betydeleg. Sjå Figur 1 og Figur 2

Med så energirikt grovfôr som 0,98 FEm per kg tørrstoff, voks oksane i snitt 1400 gram per dag utan kraftfôr. Med dette grovfôret (0,98 FEm) var det var lite å vinna på tilveksten ved å bruka 3,0 kg kraftfôr per okse per dag fordi dyra då reduserte opptaket av grovfôr (substitusjonseffekt).  Men så tidleg slått som i haustetid 1 vil gi lågare avling, slik at haustetid 2 i dette forsøket vil vera meir tilpassa god praksis. 

Forsøka viser at det er stort potensiale for å spara kraftfôr i oksekjøttproduksjonen når dyra har fri tilgang på godt grovfôr.

Kg tørrstoff opptatt per dag

Fig 1


Figur 1. Fôropptak hos oksar med ulik grovfôrkvalitet (FEm/kg tørerstoff). Forsøk med NRF-oksar frå 310 kg til slakt ved 570 kg. 3,0 kg kraftfôr per dag. NMBU Ås 2006-07. Randby m.fl. 2010.

Fig 2


Figur 2. Tilvekst hos oksar med ulik grovfôrkvalitet (FEm) og ulik kraftfôr-mengde. Forsøk med  36 NRF-oksar frå 310 kg til slakt ved 570 kg. NMBU Ås 2006-07. Randby m.fl. 2010.

Figur 3 viser samvariasjon mellom grovfôrkvalitet, kraftfôrmengde og tilvekst. Når grovfôret er dårleg, treng dyra meir kraftfôr for å oppnå tilfredsstillande vekst.  Når grovfôret er godt bytter dyret ut grovfôr med kraftfôr (substitusjonseffekt), mens tilveksten blir lite påvirka.

Fig 3


Figur 3. Effekt på tilvekst hos kastratar ved ulik mengde kraftfôr i rasjonen og ved ulike grovfôrkvalitetar (Randby, 2009).

Fôrplan til oksar på grovfôrbasert rasjon
Ofte blir det gitt ein bestemt mengde kraftfôr frå innsett av oksar uavhengig av tilgang og kvalitet på grovfôret. Tilnærma fri tilgang på ymse slag grovfôr og 4 kg kraftfôr per dyr og dag er eksempel på det. Om grovfôret er av svært god kvalitet, blir ikkje dyra utfordra på grovfôropptak. Bruk av kraftfôr til oksar bør retta seg etter kvaliteten på grovôret og planlagt slaktealder og vekst. 

Nedanfor er det sett opp eit eksempel på  ein plan for fôring av NRF-oksar frå 6 månaders alder til slakting ved 17 månaders alder. Her er det fri tilgang på svært godt grovfôr.

Fig 4


I gjennomsnitt er det rekna med knapt 1200 g tilvekst per dag på rasjon med ca. 30 kraftfôr rekna på energibasis.

For låg nakkebom! God grovfôrkvalitet er ikkje nok, oksane må få tak i fôret.
For låg nakkebom! God grovfôrkvalitet er ikkje nok, oksane må få tak i fôret.

Tilsvarande fôrplan er sett opp når ein må spara på grovfôret og berre kunna gi 80 % av appetitt og når grovfôret er betydeleg dårlegare. Både lågare opptak av grovfôrtørrstoff og lågare energiinnhald vil føra til meir behov for kraftfôr.

Fig 5


I denne planen vil det gå med dobbelt så mykje kraftfôr som i den førre planen for å oppnå lik slaktevekt til lik alder.

Konklusjon
I praksis er det ikkje alltid lett å oppnå tilvekst og grovfôropptak som vist i tabellane ovanfor. Men når det ligg an til gode grovfôravlingar, er det viktig å hausta tidleg for å oppnå god kvalitet på grovfôret.

Vidare må ein spara på kraftfôret dersom ein skal stimulera dyra til å eta mest mogeleg grovfôr. For å maksimera grovfôropptaket, er det nødvendig at dyra alltid har tilgang på friskt fôr.

Når det er liten tilgang på kalv, er det aktuelt å auka framfôringstida og gå opp i slaktevekt. Dersom det då er god tilgang på grovfôr av topp kvalitet, kan mykje av kjøttproduksjonen vera basert på gras og grovfôr.

Relatert informasjon (ekstern)