God økonomi med bruksdyrkryssing i mjølkebuskapane

(30.08.07) Bruksdyrkryssing i mjølkebuskapane vil kunne skape større inntekt i kjøtproduksjonen samstundes som det vil auke produksjonen av storfekjøtt.

Av: Karl Vie, rådgiver, Nortura Førde

Kryssingsoksar av tung rase tåler 
sterkare fôring og høgare slaktevekter 
enn NRF før dei vert slaktemodne.

Med bruksdyrkrysning meiner vi planlagt innkryssing av kjøttferase i mjølkebuskapane for å produsere bruksdyr til ein meir effektiv og lønsam kjøtproduksjon.

Omfanget av bruksdyrkrysning
Fram til vi fekk det kraftige overskotet av storfekjøtt i 1999 hadde vi ein jamn auke i bruken av kjøttfesæd i mjølkekubesetningane. Tiltak som då vart sette i verk, mellom anna med reduksjon av prisen på dei høgare vektene, gjorde at bruksdyrkryssing vart mindre interessant. Sjølv om marknadssituasjonen dei siste par åra igjen har aktualisert bruken av kjøtfesæd har vi ikkje fått den forventa auken. For 2002 viser tal frå Geno at andelen av kjøttfesæd på landsbasis er 4,40 %, ein nedgang på 8,3 % samanlikna med året før.

Moglegheiter eller motforestillingar
Det finnest mange motforestillingar mot bruksdyrkryssing i mjølkebuskapane. Vi vil i staden syne moglegheitene. Marknadssituasjonen no gjer at vi igjen har vektgrenser som gjer dette interessant. Fagleg sett er det ingen motsetning mellom dei vektgrensene vi no har og det å få optimal effekt av bruksdyrkryssing.

Kvifor bruke kjøttfesæd til mjølkekyr?
Avkom etter bruksdyrkrysning gjev samanlikna med NRF:

  • Høgare tilvekst, betre klassifisering og høgare slakteprosent.
  • Lågare fôrforbruk pr. kg slakt.
  • Endra slaktemodningstidspunkt.

Kryssingsopplegg med "tunge" kjøttferasar vil kunne gje større slakt på same framfôringstid som NRF, eller større slakt utan feittrekk. Bruk av "lette" kjøttferasar kan gje tidleg slaktemodne oksar eller kryssingskviger som ein seinare kan ta kalv av eller bruke som ammekyr. Målet med bruksdyrkryssinga avgjer kva rase ein bør velje.

Kryssingsfrodigheit ( heterosis)
Ved kryssing av to ulike rasar vil avkommet verte betre for enkelte eigenskapar enn medelet av foreldra. Dette gjeld eigenskaper som tilvekst og fruktbarheit. Denne effekten ved kryssing, kallar ein kryssingsfrodigheit eller heterosis.

Val av rase

Ein kan dele dei ulike kjøttferasane i to kategoriar:

  1. "Lette" eller tidleg slaktemodne rasar.
    eks. : Aberdeen Angus, Hereford og Tiroler Grauvieh.
  2. "Tunge" eller seint slaktemodne rasar.
    eks. : Charolais, Simmental, Limousine og Blonde D`Aquitaine.
  • Lette rasar gjev slaktemodne dyr ved relativt låge vekter. Dei krev ikkje sterk fôring for å bli slaktemodne.
  • Tunge rasar har stor vekstevne og kan fôrast intensivt til høge slaktevekter utan å verte for feite.

Fordelar med bruksdyrkryssing
Vi manglar gode norske data for korleis økonomiske faktorar som tilvekst, fôrforbruk, og klassifisering kjem ut på kryssingsdyra samanlikna med NRF.

Det finnast derimot mykje informasjon om dette frå Danmark der samanlikningsgrunnlaget er Svartbroget Dansk Melkerase (SDM). Vi tar atterhald om at dette er direkte overførbart til bruksdyrkryssing med NRF, men det gjev ei rettesnor og er i hovudtrekk i samsvar med norske erfaringar.

Eit samandrag av data frå Danmark for ung okse syner fyljande:

  • Tilvekst.
    Den daglege nettotilveksten for kryssingar mellom SDM og dei aktuelle kjøttferasane ligg mellom 12 og 20 % høgare enn for SMD. Her er ligg dei tunge kjøttfekryssingane høgast med Simmental heilt på topp.
  • Fôrforbruk.
    Fôrforbruket pr. kg nettotilvekst ligg for dei aktuelle kryssingskombinasjonane mellom 15 og 22% lågare enn for reinrasa SMD.

 

Klassifisering av ung okse i dansk bruksdyrkryssing:

Rase

Kvalitetspoeng*

SDM

5,3

SDM x Angus

7,4

SDM x Hereford

7,0

SDM x Charolais

8,9

SDM x Limousine

8,4

SDM x Simmental

7,6

5 kvalitetspoeng er klasse O. 6 poeng er klasse O+, 7 poeng er R-, 8 poeng er R osv.

Økonomisk gevinst.
Dersom ein får ein oksekalv som er halvkryssing mellom NRF og tung rase vil ein ha moglegheit for ekstra forteneste på den, samanlikna med reinrasa NRF. Under fylgjer eit døme på meirpris på ein slik kryssing. Som de vil sjå er det teke forsiktig til med omsyn til effekten av kryssinga, dersom vi samanliknar med dei danske tala. Følgjande føresetnader er lagt til grunn:

Rase

NRF

NRF x Tung kjøtfe

Fødselsvekt

40

46

Slaktevekt kg

300

330

Slaktealder

16 mnd.

16 mnd.

Fôrforbruk pr. kg slaktevekt

9,0 FEm

8,4 Fem

Totalt fôrforbruk

2520 FEm

2578 Fem

Klasse/ fettgruppe

O/3-

R/2+

Pris med distriktstillegg i sone 2

41,40

44,20

Kvalitetstillegg/Gilde Ekstra

1,50

3,00


Meirpris gjennom større slaktevekt: kr 44,20,- x 30….…. kr 1326,-

Meirpris for betre klasse+ kv.tilegg: kr 4,30,- x 330……. kr 1419,-

=Større produksjonskostnader: kr 2,50,- x 58……… kr 145,-

Forteneste på kryssing kr 2600,-

Framfôring av kryssingsoksen.

  • Kryssingsoksar av tung rase tåler sterkare fôring og høgare slaktevekter enn NRF før dei vert slaktemodne. I dei fleste situasjonar vil det vere rett å fore desse kryssingsoksane intensivt til slaktevekter mellom 300 og 375 kg.
  • Kryssingsoksar av lett rase vil vere aktuelle der ein har driftsopplegg med moderat fôring. For mjølkeprodusentar som fôrar oksar og som har så knapt om plassen at oksane må ut før neste kalving, kan lette kryssingsoksar vere løysinga. Ved svært intensiv fôring kan slike vere slaktemodne heilt ned i 220 kg slaktevekt. Elles er lette kryssingsoksar slaktemodne i vektintervallet 240 til 300 kg.

Bruken av kryssingskviger
Kva så om bruksdyrkryssinga resulterer i ein kvigekalv? Kvigekalven bør takast godt vare på og kan brukast på ulike måtar:

  • Framfôring til slakt.
  • Ta ein kalv av kviga før ein slaktar den som ung ku.
  • Setjast på som ammeku enten i eigen buskap eller ved sal til andre.

Med den målsetjinga ein har om å auke ammekutalet bør vel det siste av dei ovanfornemde alternativa veljast.

Kalvingsvanskar
For å unngå kalvingsvanskar bør kjøtfe ikkje brukast på kviger. Ein skal og vere merksame på at dersom ein brukar ein tung far-rase forlenger dette drektigheitstida med nokre dagar. Det er derfor lurt å fôre kyr som er inseminert med kjøttfesæd litt svakare enn elles før kalving, slik at ikkje fosteret vert unødig stort.

Vi vil oppmode mjølkeprodusentane til å satse på bruksdyrkryssing. Det ligg moglegheiter i å prøve ulike rasar i kryssing og ikkje minst, her er pengar å tene.