Storfekjøtt produksjon på innkjøpt kalv - Del 2

(29.08.07) Del 2: Artiklane omhandlar driftsopplegg for spesialisert storfekjøttproduksjon ved innkjøp av kalv, samt aktuelt stoff for dei som vurderer kva opplegg dei skal velje ved framfôring av eigenproduserte kalvar.

Av: Karl Vie, fagrådgjevar i Team Storfe

 

Framfôring/intensitet

Tradisjonell oksekjøttproduksjon
Eit viktig moment i all storfekjøttproduksjon er å planleggje driftsopplegget godt og deretter å fylgje den oppsette planen. Av dei aktuelle opplegga som er aktuelle i spesialist innkjøpt produksjon er tradisjonell oksekjøttproduksjon den som er lettast å fylgje opp i høve til planen. Grunnen til det er at ein har kontroll ved at dyra er fôra inne heile tida.

Ein må her ta utgangspunkt i kva tilvekst ein ynskjer og så legge opp fôrplanen etter det. Då har ein og oversikt over slaktealder og utslaktingstidspunkt.

For kjøttferasane og krysningar med desse vil produksjonsmåla avvike noko i høve til oversikta det er vist til over.

Utslaktingstida vil variere i forhold til fôrstyrken. Dette vil verte omhandla nærare under slaktemodenheit.

For NRF oksar er det aktuelt å velje mellom intensiv eller moderat fôrstyrke.

Intensiv fôrstyrke betyr i den samanheng ein medel dagleg tilvekst mellom 1000 og 1200 gr. levandetilvekt pr. dag. Noko som resulterer i ei framfôringstid på 15 til 17 mnd.

Moderat framfôringstid betyr ein dagleg tilvekst mellom 900 og 1000 gr. pr dag.

Framfôringstida vil då ligge mellom 18 og 21 mnd. Svakare fôring enn dette vil vi ikkje tilrå då det vil resultere i eit for stort totalt fôrforbruk.

Desse tala er sett opp i tabell under nøkkeltal der vi og har tilsvarande tall for kjøttferasane. Det totale fôrbehovet og samansettinga av fôrrasjonen vil variere med fôrstyrken. Desse står og under nøkkeltal.

Pris på dei ulike fôrmiddlane er viktig å ta omsyn til i val av fôrstyrke. Det totale fôrforbruket vil auke med lenger framfôringstid. Ein viktig faktor i vurderinga ved val av fôrstyrke er mengde og pris på grovfôr.

Utradisjonell oksekjøttproduksjon ved bruk av beite
Oksekjøttproduksjonen er i si form ei intensiv produksjonsform som i dei fleste høve gjev det beste resultat ved full innefôring.

Under visse føresetnader kan likevel bruk av beite til oksekjøttproduksjon være aktuell.

Innefôring av okse er den mest vanlege driftsopplegg i storfekjøttproduksjonen. Grunnen til dette er at oksane har høg vekstevne og kan fôrast fram til ferdig slakt på kort tid med lågt totalt forforbruk. I eit slikt intensivt opplegg vil kraftfôr utgjere ein stor del av fôrrasjonen.

Dersom ein vel eit driftsopplegg for å utnytte billigare for som grovfor og beite er driftsopplegg med kviger og kastrater til slakt det mest aktuelle. Men ingen regel utan unntak. Oksen kan tilpassast produksjonsopplegg der beite er medrekna.

Oksar av lette kjøttferasar.
Oksar av dei ekstensive, lette kjøtferasane ser ut til å vere dei som klarer å utnytte beite best. Desse vil kunne gå ute på beite i to somrar, der den første er i lag med mora som ammekalv. Det at dei er vande med beite frå ammeperioden er og eit godt grunnlag for å nyttiggjere seg av beite neste sommar.

Desse ekstensive rasane er nøysame gode beitedyr som ofte kan vere slaktemodne rett frå beite andre sommaren.

Skal kjøttfeoksekalvar brukast i eit slikt driftsopplegg bør ein ha kalving seinast i april slik at oksane ved slutten av andre beitesommaren er 17 til 18 mnd.

NRF oksar
Skal NRF oksar få akseptabel tilvekst på beite vil det krevje svært god beitekvalitet eventuelt i kombinasjon med tilleggsfôring . Desse er det kun aktuelt å ha ein sommar på beite og dei bør være tidleg haustfødde slik at dei er store nok til å utnytte beite neste sommar. NRF oksar vil krevje sluttfôring inne for å verte slaktemodne.

Kastratproduksjon
Kjøttproduksjon på kastrater har liten tradisjon , men kan vere eit aktuelt alternativ, for dei som ynskjer eit ekstensivt driftsopplegg. Produksjonen høver på bruk som har rikeleg med billeg grovfor og gode beiteressursar. Kastratane kan sleppast på utmarksbeite og vil kunne utnytte desse beita godt. Kastratane er rolege beitedyr og kan beite i lag med andre storfe og sau. Produksjonen vil binde opp kapital over lenger tid og produksjonen bind opp stor fjøsplass.

Ein føresetnad for kastratproduksjonen er haustfødde kalvar som kan utnytte beite første sommaren. Kjøttfeoksar og krysningar med kjøttfe bør få utnytte sitt vekstpotensial og ikkje kastrerast.

Kastrering
Kastrering bør gjerast før kalvane når kjønnsmoden alder. For NRF kalvar er dette ved 6-7måndar, og kjøttfe litt eldre. Det er berre veterinærar som har lov til å kastrere eller sterilisere storfe, og det skal foregå med bedøving.

Rundt to månaders alder er gunstig tidspunkt. Venter ein til nærmare puberteten vil det være verre både etisk sett og reint praktisk, og det er ei større påkjenning for kalven. Kalvane bør ikkje kastrerast samtidig som dei vert utsett for andre påkjenningar som avvenning, flytting beiteslepp osv. Fullstendig kastrering gjerast med tang. Sædstrengen vert knust og både sæd og hormonproduserande vev vert øydelagt. Kastraten vert ufruktbar og mister hanndyrpreget. Den vert høgare, slankare og lenger i skrotten enn oksen. Forskjellen i kroppsutvikling kjem tydeleg fram etter kjønnsmoden alder, mens kastrartane i kalveperioden vil vekse like bra som oksar på same fôring.

Driftsopplegg
Allereie tidleg i kalveperioden bør vidare opplegg for framfôringa vere bestemt. For kastrater har ein fylgjande alternativer: "Intensivt", moderat og "ekstensivt" opplegg. Sjå under nøkkeltal. Intensivt opplegg har framfôringstid som for ein moderat fôra okse. Det forutset at ein har godt innmarksbeite, og at ein bruker kraftfôr i innefôringsperioden. Har ein derimot rikelg utmarksbeite, bør ein velje moderat eller ekstensivt opplegg.

Kjøtproduksjon på kviger
Marknadssituasjonen for storfe gjev rom for å utnytte alle kvigekalvar, som ikkje skal brukast til rekruttering i mjølkeproduksjonen, til slakt. Det er muligheit for å produsere både meir og betre kjøt på kviger.

Bruken av kvigekalvane
Kvigekalvar av reine kjøttfe og kjøttfekrysningar bør, slik som marknadssituasjonen no er, hovudsakleg rekrutterast til ammekyr.

NRF kvigekalvar som er "til overs" kan fôrast til slakt utan eller med ein kalv.

Å inseminere kviga å få fram ein kalv samstundes som den veks, bør for dei fleste vere eit godt alternativ som vil kunne forbetre lønsemda i produksjonen. Dersom ein har to eller fleire kviger er det aktuelt å synkronisere kalvinga. Då kan nokre kviger slaktast etter kalving, medan andre kviger går med to, eventuelt tre kalvar nokre månader. Vi er skeptisk til å synkronisera insemineringa ved hormonbehandling for å få fram brunst hos kviger som ikkje er utvikla nok. Dette opplegget gjev kalvane ein god start. Ved slakting vil mora bli klassa som ung ku som har ein lågare pris enn kvige, men feittmengda på slakteskrotten vil vere mindre og normalt oppvege nedgangen i pris frå kvige til ung ku.

Ekstensiv produksjon.
Slakteproduksjon av kviger er ein meir ekstensiv produksjonsform enn oksekjøttproduksjon og det er eit poeng å utnytte rimeleg fôr som grovfôr og beite. Totalt vil det gå med frå 2100 til 2600 FEm til å produsere eit kvigeslakt med slaktevekt mellom 200 og 230 kg. Sjølv om andelen kraftfôr i produksjonen ikkje bør ligge høgare enn 15 til 20%, er det likevel viktig å gje kviga ein god start ved å bruke bra med kraftfôr på kalvestadiet.