Meir og betre kjøt frå mjølkebruket?

(26.04.08) Det er behov for meir produksjon av storfekjøt i Noreg. Prognoser frå Nortura i mars 2008 syner eit underskot på 8 600 tonn for heile året når ein reknar med import.

Av:  Øystein Havrevoll, Team Storfe Nortura


Trass i auka interesse for høgare mjølkeavdrått,  er det utruleg viktig at ein i Noreg  kan ta vare på NRF som ei kombinasjonsku for å halda opp kjøtproduksjonen.

Grovt sett er det økonomien i storfekjøtproduksjonen og arbeidsmarknaden utanfor garden som vil avgjera omfanget av norskprodusert storfekjøt i framtida. Volumet av storfekjøt blir elles bestemt av tal kalvar født per år og middel slaktevekt i ulike kategoriar.

Effektivitetskontrollen i TINE dei siste åra syner at produksjonen av kjøt per årsku er om lag 300 kg. I snitt for alle kyr som er med i Kukontrollen er nok dette talet ein del lågare.

På kva måtar kan ein så ta vare på og heller auka kjøtproduksjonen i mjølkebuskapane, og kan ein betra kvaliteten på unge kyr slik at ein oppnår pristillegget på Gilde Ekstra?

Ta vare på kombinasjonskua

NRF er ein kombinasjonsrase der kjøtteigenskapar heile tida har vore vektlagt til ei viss grad i tillegg til mjølk, helse, fruktbarhet og lynne. Trass i auka interesse for høgare mjølkeavdrått,  er det utruleg viktig at ein i Noreg  kan ta vare på NRF som ei kombinasjonsku for å halda opp kjøtproduksjonen. Avlsarbeid for ei effektiv produksjonsku er sentralt. Men pris på kjøt i forhold til mjølk, tilskotsordningar, fjøsbygg og fordeling av faste kostnader på garden, rasjonelle driftsformer og ikkje minst rådgiving vil i meir eller mindre grad kunna virka inn på dette. 

Nøkkelen til nok storfekjøtproduksjon i framtida ligg i mordyrtalet.  Dersom ein ved planlegging av samdrifter og større buskapar einsidig fokuserer på mjølk, vil ein over tid auka presset på vektlegging av mjølkeeigenskapane hos NRF på line med meir reindyrka mjølkekurasar. Samla sett er dette neppe god utvikling for norsk storfeproduksjon. Fordeling av faste kostnader, arbeidstid per produsert mengde og klimagassutslepp er alle eksempel på sider ved produksjonen som er gunstig for kombinasjonskua utan at kvaliteten på kjøt og mjølk blir ringare.

Ta vare på alle fødde kalvar

Registreringar i Kukontrollen viser at opp mot 7 % av alle kalvar er daudfødde eller dør dei første månadane. Dette talet har auka dei siste åra, og lungesjukdom og diare er dei største sjukdomsårsakene. Noko tap må ein rekna med,  men det er stort potensiale å halda kalvetapet lågt. Tidleg og god nok råmjølkforsyning er kanskje det viktigaste tiltaket i den unge kalven sitt liv. Ein lun, tørr og trekkfri liggeplass er vidare nødvendig.


Trivlege kalvar i godt miljø!

Friske kalvar med nok plass veks etter den næringa dei får. Ein jamn og god vekst på kalven er grunnlaget for framtidig produksjonsdyr. Den første månaden bør kalven få kumjølk. Tidleg tilgang på grovfôr og kraftfôr stimulerer til utvikling av drøvtyggarfunksjonen, spesielt når ein avgrensar mjølkemengder per dag og kalv til 5-6 liter. Ein kvigekalv av NRF med normal fødselsvekt på knapt 40 kg bør gjerne vera 90-95 kg ved 3 månader alder. Tilvarande vekt på oksekalv som skal inn i intensiv oksekjøtproduksjon bør vera 100-110 kg.

Intensitet i oksekjøtproduksjon

Tilgang på kalv, plass og grovfôr vil i mange tilfelle avgjera kva intensitet ein skal velja i oksekjøtproduksjonen. Når kalvetalet er gitt, vil auka intensitet gi reduksjon i mengde produsert kjøt. Dette har samanheng med  at rask vekst gir tidlegare slaktemogne dyr, dvs. dei  begynner å avleira feitt ved ei lågare vekt enn ved svakare fôring.

I snitt blir oksane registrert i Kukontrollen levert til slakt når dei er 18-19 månader gamle med ei slaktevekt på knapt 300 kg.  Ved å redusera framfôringstida med 3-4 månader, kan ein spara 700-800 FEm per dyr på grunn av redusert behov for vedlikehaldsfôr. Dette vil resultera i litt lågare slaktevekter, men meir grovfôr til andre dyr og meir plass til innsetting av nye kalvar/oksar. På denne måten kan ein auka kjøtproduksjon i fjøset per år eller per grovfôrareal.

Ennå for mange lette slakt

Nortura ynskjer ikkje grove, tunge og feite okseslakt inn i Gilde-merket. Normal variasjon i slaktevekt bør liggja mellom 270 til 330 kg hos NRF-oksar ut frå ulik intensitet/driftsopplegg og individuelle skilnader. Men framleis er nesten 15 % av okseslakt under 250 kg, og mange av desse dyra blir levert om hausten. Betre slakteplanlegging ut frå tilgang på kalv, plass og grovfôr bør kunna redusera på omfanget av for lette slakt og dermed bidra til auka kjøtproduksjon. Har du ein fôrplan for oksane dine?

Meir fokus på hodyr


På tide å verdsetja hodyra meir i kjøtproduksjonen

For å auka kjøtproduksjonen i mjølkebuskapane, må det til meir fokus på hodyr som kan gi framifrå slakt i eit mørt, marmorert og magert perspektiv basert på fôrgrunnlag frå grovfôr og beite. Det er på tide å verdsetja hodyra meir i kjøtproduksjonen enn som eit biprodukt frå mjølkeproduksjonen. Høg rekrutteringsprosent gir mange unge dyr i buskapen og kontinuerleg vekst og kjøtproduksjon i tillegg til mjølk. Å fôra fram kviger til slakt ved 2,5 års alder etter at dei først har hatt ein kalv, gir både meir kjøt og nye dyr til kjøtproduksjon.

Slakt frå ku utgjorde 26,5 % og ung ku 10,2 % av all storfeslakt i Nortura i 2007 rekna etter vekt. I tillegg var det 6,8 % kvigeslakt.  Passe hold og slaktevekt er nøkkelen til ein brukbar økonomi også ved kjøtproduksjon på hodyr.

Kvige og ung ku i Gilde Ekstra

Frå juli i 2007 innførte Nortura ein varestraum Gilde Ekstra der både kvige og ung ku går inn i tillegg til ung okse og kastrat. Kriteria for Gilde Ekstra er slaktevekt frå 225 til 350 kg, klasse O- eller betre og feittgruppe 1+ til og med 3-. Hensikta med dette tiltaket er å arbeida for meir og magert storfekjøt med basis i mjølkebruket  i nært samarbeid med GENO.  Måling av mørhet i slakta saman med registrering av dyr i Kukontroll/Storfekjøttkontroll kan på sikt gi oss mulegheit til seleksjon for etekvalitet på storfekjøtet.   

Klasse P+ og P dominerer blant kuslakta, mens kvigeslakt ofte kjem i klasse O- eller O. I kategorien  ung ku er det relativt mange slakt som er for tynne, mens innanfor  ku-slakta er det relativt mange som er for feite.

NRF-kviger til slakt kan fort bli for lette til å tilfredsstilla krava i Gilde Ekstra. Moderat fôrstyrke og utslakting når dyra er knapt 500 kg skulle gi rom for å greia vektkravet. Bruk målband og haldvurdering av kviga.

For kategorien ung ku kan det vera meir problem å greia kravet til klasse. God fôring etter kalving og utslakting etter ein feitingsperiode på 2-3 månader kan føra til at dyret kjem i høveleg hold og oppnår klasse O- eller betre. Både for kvige og ung ku kan ein gjennom avlsarbeid og bruk av kjøttpluss-oksar gjera det lettare å oppnå bra klasse. Bruksdyrkryssing på dyr som ikkje skal brukast til påsett vil virka i same lei.