Fôringstrategiar for oksar – fôrforbruk, slaktekvalitet og økonomi

Artikkel fra "Storfe 2013":

(11.02.13) Fôringsstrategi vil seia at kjøttprodusenten bestemmer seg for ein plan over slaktealder og nødvendig tilvekst på oksane sine. Dermed er også passe slaktevekt innan rase bestemt.

Av: Øystein Havrevoll, tidligere tilførselsleder storfe, Nortura

Men her må ein rekna med store individuelle skilnader. God dyrevelferd, god utnytting av innsette ressursar og produksjon av kvalitetsslakt bør vera eit mål for alle storfeprodusentar. Men målet og vegen til å oppnå dette kan vera ulik frå gard til gard. Rase, tilgang på kalv og grovfôr og plass i fjøset er sentrale faktorar som avgjer fôringsstrategiar av innsette fôringsdyr. I tillegg er det mange andre faktorar som spelar inn m.a. pris på slakt gjennom året og store individuelle skilnader frå dyr til dyr innan same rase.

Ulike fôringsstrategiar
Fôringsstrategi handlar om valg av intensitet i fôringa. I stor grad betyr dette bruk av kraftfôr i rasjonen.  Fri tilgang på kraftfôr frå kalvestadiet til oksen et ein fast mengde kraftfôr i kg/dag og grovfôr etter appetitt er den fôringsstrategien som er mest vanleg i dag.  Strategien byggjer mykje på tidlegare erfaring med innsett av fôringsdyr og tek lite omsyn til variasjon av mengde og kvalitet av grovfôret eller variasjon i dyrematerialet.

Det kan dermed bli stor variasjon i alder ved slakting frå innsett til innsett sidan tildeling og opptak av næring frå grovfôr kan variera så mykje. Min påstand at 90 % eller meir av alle storfeprodusentar brukar denne strategien. 

Er denne fôringsstrategien god nok for å henta ut mest mulig marginar i produksjonen?

I større grad enn i dag bør ein definera intensitet i forhold til alder når dyra er slaktemogne. Som nemnt vil dette variera med rasar. Dei kontinentale rasane er t.d. meir intensive rasar enn dei britiske. I dette foredraget definerer eg intensitet ut frå alder ved slakting: Intensiv fôringsstrategi er slaktealder under 15 månader. Moderat strategi har slaktealder 16-19 månader og i ekstensiv strategi er alder ved slakting på over 19 månader. I tillegg kjem produksjon av kalv (storfe<301 dagars alder ved slakting). NRF og dei fleste kjøttferasar kan brukast i alle desse fôringsstrategiane, men kviger og kastratar av NRF og lette kjøttferasar passar best dersom ein vil leggja opp til ein ekstensiv produksjon.

Før neste innsett av oksekalvar (innkjøpte eller frå eigen buskap), bør du ta ein grundig gjennomgang av fôringsstrategien du skal velja. Ofte kan små justeringar gi godt resultat.  

Dyra må bli slaktemogne før levering
Storfe veks etter ei sigmoidforma kurve med sterkast vekst kring kjønnsmogning. Det er store individuelle variasjonar i vekstevne både mellom og innan rasar. Utvikling av bein, kjøt og feitt i kroppen vil føregå i ulike fasar. 

Først utviklar bein og bindvev seg, deretter musklar i lemmer og kropp og til sist avleiring av feitt under huda, i brysthola og innsprengt i musklane. Når dyr nærmar seg vaksenvekt, er det musklane i framparten som utviklar seg mest. På oksar gir det utslag i meir markert manke. Dyret er slaktemogent når det genetiske potensiale for muskeltilvekst er mest mulig utnytta, og innhald av feitt i skrotten er tilpassa marknadsynskje. 

Sterk fôring fører til at dyret begynnar å avleira feitt ved ei lågare vekt enn når fôrstyrken og tilveksten er svakare. Når alder ved slakting er bestemt, vil det tilseia ei bestemt optimal slaktevekt som er ulik for ulike rasar og kjønn. Her må ein hugsa på at det som nemnt tidlegare er store individuelle variasjonar. 

Ved slakting kan godt 10-20 % av slakta få feitt-trekk (feittgruppe>2+). Det viser at ein har utnytta vekstpotensialet hos dyra. Når oksen blir slaktemogen og tilveksten begynnar å innehalda meir feitt, går det meir og meir energi til å produsera ein kg vektauke. Dette fordi næringsinnhaldet i ein kg feitt er nesten dobbelt så høgt som næringsinnhaldet i musklar.   

Tabell 1. Eksempel på alder og vekt for storfe

Rase

NRF

Lett rase

Tung rase

Kjønn

Okse

Okse

Kastrat

Kvige

Okse

Okse

 Okse

Okse

Slaktealder, mnd.

15

18

22

22

15

18

15

18

Fødselsvekt, kg

41

41

41

39

40

38

45

42

Vekt ved 6 mnd. alder, kg

200

180

175

170

260

240

310

280

Vekt ved slakting, kg

540

610

530

480

490

540

590

670

Slakteprosent

52

51

49

48

54

53

56

55

Slaktevekt, kg

281

311

260

230

265

286

330

369

"Slaktetilvekst", g/dag

570

531

357

315

536

488

675

635

 

Grovfôr og fôringsstrategi
Grovfôr og beite har ein sentral plass i rasjonen til storfe i vekst. Normalt utgjer grovfôr 40-60 % av energien i rasjonen til oksar. Dyr i vekst skal saman med mjølkekyrne ha det beste grovfôret på garden. Høg kvalitet på grovfôret er særleg viktig med moderat eller sterkare fôring og ein ynskjer å få bruka mest mulig grovfôr på oksane. 

Dårleg eller lite grovfôr kan til ei viss grad kompenserast med kraftfôr.  Skaff deg oversikt over grovfôrkvaliteten på det fôret du disponerer. Sjå råd om uttak, sending, analyse av fôrprøver og pris hos laboratoria: www.fkra.no/plantekultur/analyser eller www.eurofins.no/vare-tjenester/landbruk.aspx.

Laboratoria gir opp analyseverdiar etter FEm-systemet og etter NorFor til bruk i Tine Optifôr Ungdyr.

Tabell 2. Forslag til krav til grovfôret ved moderat fôringsstrategi

Tørstoff
(TS) %

FEm/kg
TS

NELp20
MJ/kg TS

Protein
g/kg TS

PBV
g/kg TS

NDF
g/kg TS

Uford. NDF
g/kg NDF

Fylleverdi/
kg/TS

25-35

>0,85

>6,30

140-160

15-50

480-520

<120

<50


Det er like viktig å bry seg om opptak av grovfôr som grovfôrkvaliteten. Dyra skal alltid ha tilgang på grovfôr med ny tildeling to eller fleire gonger per dag. Uavhengig av oppstalling skal alle storfe ha fri tilgang på reint og friskt vatn.

Fullfôr kan vera gunstig for grovfôropptaket helst fordi ein får jamnare tildeling av kraftfôr i dagsrasjonen og meir stabil vomgjæring. Forsøk på UMB med ei gruppe av NRF-oksar over 300 kg viste at dyra tok opp nesten 9 kg tørrstoff av grassurfôr (0,91 FEm/kg tørrstoff) og voks 1262 g per dag utan bruk av kraftfôr. Ei anna gruppe som fekk 3,0 kg kraftfôr per dag åt ca. 2 kg mindre grovfôrtørrstoff men voks 205 g/dag meir (Randby m.fl., Husdyrforsøksmøtet 2009). Forsøket viser at oksane veks svært godt på grovfôrbasert rasjon når dei får fri tilgang og kvaliteten er på line med grovfôr til høgtytande mjølkekyr.

Val av driftsopplegg på NRF
Tilgang og kvalitet på grovfôr er viktig for val av driftsform og framfôringstid av storfe til slakt. Men tilgang på kalv, plass i fjøset og årsvariasjon i slaktepris betyr også mykje. Når grovfôrlageret er litt knapt, men kvaliteten er god, bør ein satsa på rask framfôring og slaktealder på 15-16 månader. Dersom det er lite tilgang på kalv, men god tilgang på grovfôr og plass, kan det vera aktuelt å fôra oksane til slakt ved 17-19 månaders alder. I det siste alternativet kan ein også vurdera kjøtproduksjon på kviger og kastratar. Her vil beite vera ein viktig innsatsfaktor.  Når det er lite plass og lite grovfôr kan det vera aktuelt å produsera kalv til slakt. Ta i så fall kontakt med slakteri for å få avtale.

Tabell 3 viser eksempel på aktuelle vekter og fôrforbruk ved ulik framfôringstid av NRF-oksar. Her er det også tatt med dekkingsbidrag som er produksjonsinntekter inklusive tilskot minus variable kostnader.

Tabell 3. Resultat ved ulik framfôringstid av NRF-oksar
I tillegg kjem fôrforbruket i kalveperioden frå fødsel til 3 månaders alder. Dette omfattar 300-400 l mjølk, 50-70 kg kraftfôr og totalt ca. 180-200 FEm per kalv. 

Alder ved slakting, mnd.

15

17

19

Startvekt, 3 mnd. kg

110

100

100

Tilvekst i gjennomsnitt, g/dag

1273

1142

1056

Slaktevekt, kg

299

305

313

Fôrforbruk totalt, FEm

2332

2715

3034

FEm/kg slakt

7,8

8,9

9,7

Grovfôr i rasjonen, % av FEm

46

57

72

Kg kraftfôr per dag, maks.

4,5

3,0

2,0

Kg kraftfôr totalt

1283

1179

893

Dekkingsbidrag, kr/slakt

4274

4286

5396

DB per år og slakt, kr

4274

3674

4047

50 plasser, produksjon per år, kg

14950

13267

11438

 

Ved utrekning i Tabell 3 er det brukt prisar frå januar 2013.  Produksjonstilskot er tatt med. men ikkje distriktstilskot eller avløysartilskot. Kostnader til grovfôr er sett til kr 2,00 per FEm for intensiv, kr 1,80 for moderat og kr 1,60 for ekstensiv fôringsstrategi. Pris på kraftfôr er sett til kr 3,30 per FEm i alle tre alternativa. Oppsettet viser at framfôringstida har mykje å seia for fôrforbruket per okse og for total produksjon av oksekjøt i fjøset per år.  Dekingsbidrag i kr per okseslakt er eit uprisist mål for økonomien i kjøtproduksjonen på garden.  

Val av fôringsstrategi vil avhenga av kor sterkt ein vektlegg dei enkelte faktorane. Dei produsentane som har gått over 17 månader framfôringstid på NRF-oksar, bør ha ein gjennomgang på opplegget om dette ikkje er nøye planlagt med bevisst framfôringstid.  

Val av fôringsstrategi for kjøttfe
I denne produksjonen er ofte val av strategi gjort ved val av rase eller ved bruk av kryssingar i produksjonen. Målet for dei som produserer kalv til kjøtproduksjon, anten i eigen buskap eller ved sal, er at kalven er  stor og i god vekst og at han er god til å utnytta grovfôr og kraftfôr når oppfôringa startar ved 6-8 månaders alder.  

I Storfekjøttkontrollen for 2011 er slaktetilvekst hos Charolais i gjennomsnitt for oksar 588 g/da, Limousin 498 g, Simmental 551 g, Angus 456 g  og Hereford 481 g/dag. Måling av enkeltdyr og grupper av dyr under optimale norske fôrhold viser tilvekst på 800 -1000 g/dag. Jamt over kan ein vel seia at vekstkapasiteten til dyra ikkje blir fullgodt utnytta i kjøttproduksjon på norsk kjøttfe og NRF.

I kalkylen nedanfor har sett på to ulike alternativ innan lett og tung rase av kjøttfe. Ein ekstensiv rase skal vera god og nøysom på å utnytta grovfôr og beite, mens ein intensiv rase har større vekstkapasitet og svarar på sterkare fôring med mykje kraftfôr i rasjonen utan at det går ut over tidleg avleiring av feitt under huda. 

Kan det vera slik i norsk kjøttfeproduksjon at det blir satsa for mykje på moderat fôring av alle rasar utan å utnytta fullt ut eigenskapane til den enkelte  rase eller kryssing?

I eit rekneskap over fôrforbruk, tilvekst og økonomi er det viktig at alle vilkåra er kjente. Men det blir lett mykje tal å forhalda seg til. Dei viktigaste tala, etter mi meining, skal eg visa til i utrekningane nedanfor. Feittgruppe for lett kjøttfe er sett til 3- og 3, mens det er ikkje rekna med feittrekk hos tung kjøttferase. Ei driftsgreinanalyse over kjøttproduksjonen er nyttig for å samanlikna mellom år. 

Tabell 4. Fôrforbruk, tilvekst og økonomi for to ulike fôringsstrategiar av lett og tung kjøtferase.

 

Lett rase

Lett rase

Tung rase

Tung rase

Slaktealder, mnd.

15

18

15

18

Vekt ved 7 mnd. ald., kg

260

240

310

280

Slaktevekt, kg

265

286

330

370

Totalt fôrforbruk, FEm

1541

2080

1817

2597

% grovfôr

64

70

43

45

Slaktevekt, kg

265

286

330

370

Feittgruppe, snitt

3-

3-

2+

2+

Dekkingsbidrag, kr per slakt

2701

3537

3514

4764

Dekkingsbidrag, kr per slakt per år

4052

3858

4047

5197

 

Sluttord
Val av fôringsstrategi er avgjerande for økonomien i storfekjøttproduksjonen når visse driftsfaktorar er fastlagt. Låg slaktealder med høg tilvekst er aktuelt for intensive kjøttferasar og NRF når det er god tilgang på kalv. Med mykje og rimeleg grovfôr/beite og liten tilgang på kalv, kan det vera meir lønsamt å auka slaktalder og utnytta dyra ved ei høgare slaktevekt.

Med prissystem som er på slakt i dag, kan godt 10-30 % av slakta ha feitt-trekk særleg i soner med distriktstilskot. I dei fleste produksjonar blir ikkje vekstevna til dyra utnytta.