Framleis god etterspørsel etter Norturalam

(27.10.25) Veke 42 (13/10-19/10) er inne i slaktestatistikken. I denne veka slakta Nortura 49 600 lam. Medel slaktevekt var 18,05 kg, 0,3 kg over tilsvarande veke i 2024. Det betyr at slaktevektene på lam for alvor er på veg nedover nå, som vanleg er mot slutten av slaktesesongen, men at vi framleis er over fjoråret.

Lam i haustfjellet. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Medel klasse var R (7,9) og medel feittgruppe 2/2+ (5,4).

Vi er nå i gang med siste veka i oktober. I veke 44 (27/10-2/11) er det planlagt å slakte 34 300 Nortura-lam og 9 000 sau. Det er difor framleis stor aktivitet på småfeslakteria, og dette er fleire lam enn  vi slakta på same tid i fjor. Vi er difor spente på kva vi endar opp med til slutt.

Alt av lam går framleis rett til eiga skjering eller til industrikundar. Det er difor god etterspørsel etter Nortura-lam sjølv om salgssesongen i butikk på ferske sesonglam nå meir eller mindre er over.

Sesongsalet på høgde med fjoråret

I vekene 33-42 (11/8-19/10) ligg salet i viktige salskanalar som daglegvare og storhushaldning, ca på fjorårsnivå. Det er vi godt fornøgde med sidan tilførslane hittil er 4 % lågare enn i fjor på same tid. God kvalitet på lamma frå Nortura-sauebonden som held kvalitetskrav, og god logistikk frå beite til bord, er viktige forklaringar på det.

Statistikk graf Nortura

Graf veke 27-42 Noprtura

Statistikk tal Nortura

Statistikk total