Året rundt med sau

Denne artikkelen går igjennom eit saueår og kva ein sauebonde bør gjera i dei ulike årstidene for å lykkast med produksjonen sin. I artikkelen er det lenker til Temahefte og fagartiklar for den som vil fordjupe seg vidare i eit tema.

Sauesanking

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Hausten


Slaktelamma

Når ein skal vurdere om eit lam er slaktemogent, så vurderer ein eigentleg kva feittgruppe ein trur lammet har. Det varierer kor tungt eit lam er når det byrjar å avleire feitt:

  • Lam som har hatt ein jamn god tilvekst, avleirar feitt ved ei høgare vekt enn eit lam som har hatt lågare tilvekst
  • Intensiv sluttfôring fører ofte til feittavleiring på ei lågare vekt enn meir ekstensiv sluttfôring
  • Søyelam avleirar som regel feitt ved lågare vekt enn vêrlam
  • Lam av lette raser avleirar feitt ved lågare vekt enn lam av tunge raser

Ideell feittgruppe er rundt 2+/3-. Da har ein utnytta potensialet i lammet, samstundes som lammet ikkje mistar kvalitetstillegg på grunn av for mykje feitt. Snittslaktevekt for lam med desse feittgruppene er rundt 19 kg for dei vanlegaste sauerasane.

Når ein skal plukkslakte i store slaktelam-flokkar, kan det vera rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt som ein grovsorterer lamma etter, og så ta den siste sjekken ved å haldvurdere kvar enkelt lam som held vektkravet.

Lammeveiing
Ved plukkslakting i store slaktelamflokkar er det rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt

Når ein skal sikte seg inn på ei forventa slaktevekt, må ein ta stilling til slakteprosenten, eller prosent slaktevekt av levandevekt. Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Søyelam og godt kjøttsette lam har høg slakteprosent
  • Lam vege om morgonen før beiting, har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden

Lam vege i sankegjerde med lite fôr i vomma, har høg slakteprosent, gjerne rundt 45%. Vanleg slakteprosent på Norsk kvit sau på beite er 40 % på vêrlam og 42 % på søyelam. Siktar ein seg inn på 20 kg slaktevekt for vêrlam og 18,5 kg slaktevekt på søyelam, må altså vêrlamma vega ca 50 kg og søyelamma ca 44 kg.

Det er god økonomi å sluttfôre lam som ikkje er slaktemogne. Ha difor eit gjennomtenkt opplegg for Sluttfôring av lam. Prioriter beitet slik at slaktelam på sluttfôring får det beste beitet, f.eks. raigrasgjenvekst i kombinasjon med vanleg håbeite.

Livlamma bør få det nest beste beitet, f.eks. vanleg håbeite. Søyene kan gjerne vera beitepussarar etter at lamma har fått sitt. Skiftebeiting er alltid lurt, da utnyttar ein beitet best og beiteopptaket blir større. Det er viktig å ikkje drøye haustbeiteperioden så lenge at beitekvaliteten blir så dårleg at søyene taper seg i hold.

Sluttfôringslam på raigrasgjenvekst og vanleg håbeite
Sluttfôringslam på raigrasgjenvekst og vanleg håbeite

Utplukk av livlam

Aktuelle livlam-mødrer bør ha desse eigenskapene:

  • Høge avlsverdiar for morseigenskaper
  • Gå i beiteområde som du ynskjer
  • Jamne og passelege fødselsvekter
  • Lite lammingsvanskar
  • Livskraftige lam
  • Friske med godt jur

Søye med godt jur og fint plasserte spener
Søye med godt jur og fint plasserte spener

Ved å bruke Sauekontrollen aktivt for å merka av aktuelle livlam-mødre med etikettar, har ein eit godt utgangspunkt for å plukke ut dei rette livlamma.

EtikettarAktiv bruk av etikettar i Sauekontrollen gjev eit godt utgangspunkt for å finne aktuelle livlammødre

Arbeid med søyene

Gå over jura og sjekk om det er klumpar etter mastitt. Vurder produksjon, hold, tenner og eksteriør når du bestemmer deg for om søya skal utrangerast eller skal få produsere eit år til.

Livsøyene bør skiljast frå lamma rett etter sanking og bli sett inn på litt dårleg beite/seint hausta grovfôr/NH3 halm, for avsining i ei vekes tid. Vurder holdet på søyene. Søyer på "husmorferie" utan lam kan byggje hold på gode haustbeite dersom dei har behov for det. Skiftebeiting er alltid lurt. Søyene kan gjerne vera beitepussarar etter at lamma har fått sitt. Det er viktig å ikkje drøye haustbeiteperioden så lenge at beitekvaliteten blir så dårleg at søyene taper seg i hold.

Søyer på "husmorferie" utan lam kan leggje hold på godt haustbeite
Søyer på "husmorferie" utan lam kan leggje hold på godt haustbeite

Vinteren

Ved innsett skal søyer og lam behandlast mot innvortes parasittar. Påsettlamma skal vaksinerast etter innsett.

Vurder grovfôrkvalitet og mengde, sett deg inn i fôrbehovet til søyer og påsettlam og lag ein plan for fôring av sau gjennom vinteren. Grunnlaget for rett fôring er gruppering etter alder og holdet på sauene. I fjøs med kraftfôrautomat, er det mindre behov for gruppering da kraftfôrmengda kan styrast individuelt, men også her bør ein fylgje med på holdet for å luke ut evt. taparar. Vurder holdet med jamne mellomrom gjennom vinteren slik at søyene er i godt hold, holdgruppe 3/3+ når dei lammar. Da har dei feittreserver å produsere mjølk av. Tomme og lågdrektige søyer får ofte lite kraftfôr. Da er det ekstra viktig med vitamin- og mineraltilskot for å førebyggje mangelsjukdomar.

Holdvurdering klasser 1

Holdvurdering klasser 2

Holdvurdering klasser 
Bakerst på ryggen og rumpetangen er fine stader å vurdere holdet på sauen. Kjenn etter feitt på torntapp og tverrutvekst

Søyene skal klyppast snarast råd etter innsett. God ullbehandling er viktig for å få god betaling for ulla. NSG arrangerer klyppekurs for den som vil lære seg saueklypping. Nortura klyppeteam hjelp til å skaffe saueklyppar dersom du vil leige denne tenesta. 

Sørg for gode arbeidsvilkår for saueklypparen
Sørg for gode arbeidsvilkår for saueklypparen

Sørg for å ha på plass gode avlsvêrar i god tid før avlssesongen er i gang. Uansett interesse, er det  viktig å utnytte den avlsframgangen som avlsbesetningane i Norsk Sau og Geit produserer. Her er tre måtar å gjera det på:

  1. Lite interessert i saueavl:
    Gjer deg opp en meining om nokre få eigenskaper du vil forbetre. Ta kontakt med ein som driv aktiv avl, og gjer avtale om fast bestilling av vêr hjå han/ho for fleire år. Hugs å hente vêren i god tid før paring. Seljaren sitt ansvar er da å finne den vêren som passar best, og som ikkje er i slekt med dei vêrane du har kjøpt før.
     
  2. Medels interessert i saueavl
    Del søyeflokken opp i to grupper. Ei gruppe som skal berre skal produsere slaktelam, og ei gruppe som skal produsere livlam. Til slaktelam-gruppa, bruk ein vêr som er sterk på slaktevekt, slakteklasse og feittgruppe.

    Til mordyr-gruppa, så bruk ein vêr med best mogleg O-indeks, helst ein avkomsgranska vêr. Gå gjerne på seminkurs og inseminer dei beste søyene i mordyrgruppa.
     
  3. Svært interessert i saueavl
    Søk om medlemsskap i vêrering og bli ein del av det nasjonale avlsarbeidet på sau. Det fører med seg ein del arbeid, men er lærerikt og moro!

Dersom du ynskjer mest mogleg konsentrert lamming, er det mogleg å synkronisere brunsten på søyene.

Klauvene skal kontrollerast og om naudsynt, skal dei skjerast to til tre gonger i året. Det er ekstra viktig at bein og klauver er kontrollert og i god stand før søyene blir tunge og høgdrektige.

I perioden 90 dagar etter fyrste paring og 40 dagar etter siste paring, passar det å ha fosterteljar på besøk. Fordelen med fosterteljing er tidleg utslakting av tomme søyer, enklare å planlegge av overføring av lam til fostermor og jamnare fødselsvekter og hold på søyene fordi ein kan differensiere fôringa etter tal foster. Vaksiner søyene 2-6 veker før lamming, slik at søyene får tid til å produsere antistoff som kan gå over i råmjølka.

Fosterteljar
90 dagar etter fyrste paring til 40 dagar etter siste paring, passar det å ha fosterteljar på besøk

Mange har god erfaring med å leggje til rette for lufting av sauen gjennom vinteren. Søyene får betre kondisjon, noko som ser ut til å redusere behovet for fødselshjelp og det blir færre daudfødde lam.

Godt å koma ut på lufting ein fin vinterdag
Godt å koma ut på lufting ein fin vinterdag

Våren

Planlegg lamminga godt. Dette er den mest hektiske perioden i saueåret, og ei godt planlagt lamming gjev overskot til å berge flest mogleg lam. Her er ei liste ein bør tenkje igjennom:

Ordne i god tid før lamminga:

  • Ryddig og oversiktleg (system) i og rundt fjøs
  • Smittesluse med handvask, overtrekksklede og støvlar til veterinær og andre som skal inn i fjøset
  • Råmjølk i frysaren (frå sau året før og frå ku som reserve)
  • Øyremerke og tang
  • Framfallssele
  • Helsekort 

Ordne til lamming:

  • Nok folk (vaktlister)
  • Viktige telefonnummer (veterinær, Mattilsynet, osv.)
  • Nok grinder til å skilje frå søyer som skal lamme
  • Mogelegheit for lamma til å ligge på tett underlag
  • Lammingslister/noteringsbøker
  • Til fødselshjelp:
    • Hansker, lange og korte
    • Glidemiddel
    • Såpe med lav pH til vask av søya
    • Bøtte
    • Reine tau/snører etc til fødselshjelp
  • Merkestifter
  • Jod, sårsalve, osv.
  • Flasker med smokkar til lamma
  • Lammesonde
  • System for å forhindre nedkjøling av lam og for oppvarming av nedkjølte lam
  • Evt. Utstyr til overskotslamproduksjon (alt ein treng)

Tenk igjennom korleis du skal ta vare på overskotslamma. Mange har fått godt tak på denne produksjonen og er med å forsyne marknaden med lam tidleg i den ordinære slaktesesongen.

Ha eit gjennomtenkt opplegg for å ta vare på overskotslamma
Ha eit gjennomtenkt opplegg for å ta vare på overskotslamma

Prøv å få til overgangsfôring til vårbeitet. Nok vårbeite er ein flaskehals på mange sauebruk. Ofte kan det vera lurt å leggje til rette for tidleg beiteslepp på eit avgrensa areal, og full fôring med kraftfôr og grovfôr ute, til vårbeitet er komen langt nok. Da lettar ein "trykket" i ein overfylt sauefjøs om våren, samstundes som ein får ei overgangsfôring frå full innefôring til vårbeite. Ein reknar ofte at ein treng ca 0,7 dekar fulldyrka, gjødsla vårbeite per søye med lam.

Vårbeitet bør ikkje snaubeitast, det går utover vårtilveksten og det går lenger tid før gjenveksten kjem i gang. Da bør ein heller bruke større areal eller redusere sauetalet. Ein får størst beiteopptak med å leggje opp til skiftebeiting. Lamma bør behandlast mot innvortes parasittar før slepp på utmarksbeite. Som regel er det unødvendig å behandle søyene. Vurder om sau og lam er beitedyktige. Her er ein del punkt ein bør tenkje igjennom når ein skal vurdere om søyer og lam er klare for livet i utmarka.

Søyer som ikkje skal sleppast på utmarksbeite:

  • Dyr som haltar eller har andre skavankar som til dømes brokk (vomiskinn)
  • Søyer med mastitt og speneskader. Sjekk jur og spenar!
  • Søyer og lam med munnskurv. Munnskurvsmitte kan spreiast, og risikoen for mastitt er stor
  • Dyr med symptom på sjukdom (heng etter flokken, feber, diarè m.m.)

Er lamma beitedyktige?

  • Lamma må vera livskraftige og i god stand til å fylgje mora på utmarksbeite. Søya skal også gje nok mjølk til at lamma får ein tilfredsstillande tilvekst
  • Gå tilsynsrundar på vårbeitet, og vurdér korleis søyer og lam fylgjer kvarandre. Ha eit spesielt auge på unge søyer med mange lam og søyer med adoptivlam
  • Lam bør vera minimum 14 dagar, runde og fine når dei blir sleppte i utmarka utan dagleg tilsyn
  • Haldet på søyene og vårtilveksten til lamma er gode indikatorar på om søyer og lam er klare for livet i utmarka

Oppdriving til fjells
Pass på at søyer og lam er beitedyktige før dei blir sleppt på utmarksbeite. Dette er spesielt viktig når utmarksbeitet er i høgfjellet

Sommaren

Ha gode rutinar for slepping av sau på utmarksbeite slik at søyer og lam ikkje kjem frå kvarandre i samband med slepping. Ha tilsyn gjennom sommaren og tilpass sanketidspunkt til prisløypa for lam og kvaliteten på utmarksbeite. Samarbeid i og mellom beitelag effektiviserer sankinga.

Samarbeid effektiviserer sankinga
Samarbeid effektiviserer sankinga

Har du sau på innmarksbeite gjennom sommaren, er utfordringa å ha nok beite av god kvalitet.

Dei sju viktigaste punkta for eit godt innmarksbeite:

  1. Sørg for eit godt plantedekke, med godt attleggsarbeid og rette sortar av beitetolande artar
  2. Gjødsle lite/moderat og ”ofte”. Det gjev jamnare plantevekst og fôrkvalitet
  3. Unngå snaubeiting – del opp beitet og flytt dyra så plantene får kvile. Ha og tilleggsfôr klart Dyra bør flyttast v. 4-5 cm grashøgde
  4. Puss beita jamnleg, minst etter kvar andre avbeiting
  5. Bruk grønfôr til ettersommar- og haustbeite. Det gjev meir beite, betre dyretilvekst og skånar enga, som ikkje skal beitast i innvintringsperioden
  6. Sett rett dyr på rett beitekvalitet om hausten
  7. Godt kløverbeite eller litt nitrogengjødsel kan vere ”gull verdt” for betra dyretilvekst på haustbeite.

Lag ein strategi for behandling av innvortes parasittar i samråd med veterinær. Behovet for behandling av lam varierer mykje, avhengig av dyretettleiken på beitet, beiteskifter o.l. Behovet for behandling bør vurderast ut frå prøvetaking. Vaksne dyr skal i utgangspunktet ikkje behandlast. Feil bruk av parasittmidlar kan føre til utvikling av resistens slik at parasittmidla ikkje lenger fungerer.

Da er ein klar for ein ny haustsesong!

Lykke til med livet som sauebonde!