Betre slakteklasse sjølv med litt nedgang i både vekt og feittgruppe
(07.10.24) Siste veka i september er inne i slaktestatistikken. I veke 39 gjekk slaktinga til Nortura ned til 51 000 lam med medel slaktevekt 19,0 kg, medel klasse R (8,1) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).
Slaktevekta og feittgruppa ligg litt under same veke i fjor, men klassen ligg 0,2 over.
Slaktekvaliteten held seg difor godt oppe utover slaktesesongen. Nortura-lamma går framleis unna. I veka vi er i gang med (veke 41, 7. - 13. oktober) er det innmeldt i underkant av 55 000 sau/lam. Alt av lam og alt går rett ut til industrikundar og Nortura si eigen skjæring, medan det er forventa eit overskot på ca 1000 sau.
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 39, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 38, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 37, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 36, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)