Stor etterspørsel etter lam

(05.09.25) Nortura er vi full i gang med slakting, skjæring og levering av årets sau og lam til folket. Vi har slaktestatistikk t.o.m. veke 35 det vil si ut august.

Lam i haustfjellet. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

I juli og august har Nortura slakta nesten 50 000 lam med medel slaktevekt på 20,8 kg (+0,11 kg), medel klasse R+ (+0,17) og medel feittgruppe 2/2+ (-0,3). Stjernelam-andelen ligg på 95 % og Gourmetlam-andelen på nesten 79 %, så det er flotte lam som er levert i starten av årets sesong.

Som vanleg er det Rogaland som dominerer statistikken så tidleg i sesongen. Så langt ser det veldig bra ut for dette viktige sauefylket med både auka vekt og klasse. Mange andre fylke er også godt i gang. Det er truleg ein stor andel overskotslam i slaktestatistikken frå dei fleste fylka så tidleg i sesongen. God slaktekvalitet tyder på at mange har godt tak på denne produksjonen. Det er bra og eit viktig supplement til å vera leveringsdyktig tidleg.

Vi er nå i ferd med å avslutte den fyrste veka i september, veke 36. Denne veka er det innmeldt ca. 42 000 sau/lam. Alt av lam går rett ut til ulike kundar, medan det blir noko reguleringslagring av sau.

Neste veke, veke 37, 8. - 14. september er også ei viktig veke for å fylle diskane med årets lam til salskampanjene er i gang i butikk frå veke 38. Da er det planlagt med slakting av 55 500 lam og 1 900 sau. I tillegg kjem leigeslakt.

Innmeldingane er spesielt store sør for Dovre, og slaktekapasiten er fullt utnytta, inkludert overtid, på både Gol, Førde, Sandeid og Forus. Nortura greier å dekke 70 % av bestillingane med denne slaktinga.

Med andre ord: Nortura-lam er ei populær vare!

Statistikk graf Nortura

Graf veke 27 - 35

Statistikk tal Nortura

Statistikk total