Betre økonomi på villsauen med bruksdyrkryssing
(30.06.25) Randi Underthun og Ove Holmås er Nortura- sauebønder i Lindås i Alver kommune i Vestland Fylke. Her har dei ca100 Norsk Kvit sau (NKS)- søyer og 120 søyer av rasen Gammelnorsk sau (villsau) eller krysningar av Gammelnorsk sau. Dei har god erfaring med bruksdyrkryssing på villsauen. Bruksdyrkryssing betyr at ein parar saman dyr der avkommet i utgangspunktet skal bli eit slaktedyr og ikkje bli brukt vidare som avlsdyr. Vi hadde difor lyst til å høyre meir om dette og tok ein telefon.

Ove har alltid med litt kraftfôr når han går tilsyn på villsaubeita. Tekst og foto: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Randi og Ove er gjestfrie folk som gjerne deler kunnskap og erfaringar med andre. Difor varte det ikkje langt ut i telefonsamtala før Ove inviterte til ein studietur til Lindås for å sjå og høyre meir om bruksdyrkryssing med villsau. Det takka vi sjølvsagt ja til, og i slutten av mai tok vi turen.
Her var det full service med henting og levering på flyplass, saueprat, omvising på ulike beite der villsauen og villsaukryssingane gjekk, og til slutt; servering av Randi sin legendariske bondesuppe, med andre ord ein drøymedag for ein matglad Nortura-fagsjef på småfe.
Kvifor satsing på villsau?
Fyrst lurte vi på kvifor Randi og Ove satsa på villsau i utgangspunktet? Dei er jo også ivrige NKS-sauebønder. Bakgrunnen for det var eit tilbod om å overta ei villsaubeseting i 1998. Dei hadde lyst til å prøve noko nytt og takka ja til tilbodet. Dei likte villsauen godt. Det er ein triveleg sau å arbeide med, med lette lammingar, godt lynne og god haldbarheit. Ulempa var at lamma var slaktemogne ved låg vekt og klassa seg for dårleg. Dei var med på Nor-X prosjektet til Nortura som hadde som formål å lage gode kjøttverar til bruksdyrkryssing. Dei hadde difor gode erfaringar med det. Difor ville dei prøve å utnytte dei gode eigenskapane villsauen har som mordyr, samstundes som ein betra slaktevekt og klasse med bruksdyrkryssing.
Kjøttvêrar til bruksdyrkryssing blanding NKS og Charolais. Foto: Finn Avdem
Gjennomføring av bruksdyrkryssing
Det er Ove som er hovudarkitekten for villsausatsinga. Dei var tidlegare med i verering, men dei har meldt seg ut av den nå. Ove er difor sin eigen avlssjef og kan prøve ut det han har tru på. NKS har god tilvekst. Mora til ein god kjøttvêr er difor ei NKS-søye som er godt kjøttsett og er god på tilvekst. Denne blir inseminert med kjøttsaurase for å få enda betre kjøttfylde. Her har han prøvd forskjellige raser, men har funne ut at kjøttrasen Charolais egnar seg godt. Denne rasen har ofte ein «lett» frampart, lite hovud og har fin beinbygnad. Dette er viktige eigenskapar for å forebygge lammingsvanskar hjå villsau-søyene. Dette gjev fine, livskraftige lam, og det er sjeldan han må trå til som lammingshjelp. Han tek også vare på ein del krysnings-søyelam og parar dei med kjøttvær. Dette er også gode mødrer med mor-eigenskapane til villsauen. Regelen er at morsøya skal vera minst 50 % villsau. Dei beste villsau-søyene blir difor para med ein god villsau-vêr slik at han alltid har ein del reine villsau-søyelam å setje på.
Krysningslam Villsau, Charolais og NKS. Foto: Finn Avdem
Fôring og drift
NKS-sauen blir sleppt på fjellbeite i Stølsheimen der dei er med i Beinhelleren Beitelag. Det meste av villsauen og villsau-krysningane går på ulike beite rundt garden, året rundt. I dei siste åra har dei også sendt ein flokk villsau til Stølsheimen med gode erfaringar. Ove er oppteken av at villsauen må ha god fôring for å produsere godt. Frå midten av desember til ca månadsskiftet mars/april får villsauen difor tilleggsfôring med rundball eller høy ensilasje og litt kraftfôr. Da tærer ikkje søyene på feittlagra gjennom vinteren, men har feitt å mobilisere når dei skal produsere mjølk til lamma. Ove har også erfart at søyer i godt hold har mindre fødselsvanskar fordi fødselskanalen er jamnare og mindre «beinete» enn på magrare søyer. Difor kjem lamma lettare ut. Han har fosterteljing også på villsauen, men held likevel jamn, lik fôring heilt fram til lamming for å ikkje få for høge fødselsvekter. Alle søyene får også mineralbolus da det er utfordrande å gje mineraltilskot på utefôring.
Gjennom sommaren er Ove ofte på tilsyn på villsaubeita, og da har han alltid med litt kraftfôr. Da kjem søyer og lam springande til fôringsplassen, og det er enklare å halde oversikt på at alle er friske og har det bra. Villsaulamma avsluttar tilveksten tidleg på hausten og byrjar å avleire feitt. Difor blir lamma avvendt frå mora rundt 20. august og sett på sluttfôring. Mesteparten av lamma blir plukkslakta i løpet av september. Villsaulamma som blir sleppt i Stølsheimen, er også stort sett slaktemogne rett frå sankekvea i starten av september.
Godt kjøttsett villsauvêr til produksjon av reine villsaulam. Foto: Finn Avdem
Økonomi
Randi og Ove har funne ein måte å drive med villsau på som gjer at dei leverer lam som oppnår god klasse, godt over kravet til å få kvalitetstilskot frå staten (O+ eller betre). Dei alle fleste lamma greier også vektkravet som kjem neste år for å få høgaste kvalitetstilskot på kr 714 pr lam (over 15 kg slaktevekt). Dei leverer villsaulamma og villsaukrysningslamma i ei periode av sesongen det er stor etterspørsel etter lam. Det betyr betre pris. Ove er også lammeringsleiar i Lindås og Austrheim Lammering med 53 medlemmer. Alt av slaktedyr får difor fullt puljetillegg og lammeringstillegg. Nedanfor har vi sett opp nokre resultat som Randi og Ove oppnår på villsau- og villsaukrysningslamma sine.
Resultat villsaulam og villsaulam-kryssingar | |
---|---|
Tal selde livlam | 47 |
Tal slaktelam | 71 |
Slaktevekt, kg | 17,3 |
Medel klasse | R+ (8,9) |
Medel feittgruppe | 3- (7,3) |
Alder slakt, dagar | 151 |
Andel Stjernelam | 77 % |
Andel Gourmetlam | 56 % |
Andel høgt kvalitetstilskot (O+ betre og over 15 kg slaktevekt) | 88,5 % |
Slakteoppgjer inkludert tilleggsytingar og statstilskot *) | Kr 2 020 |
*) Statstilskot er grunntilskot, distriktstilskot sone 3 og kvalitets tilskotet som kom etter jordbruksforhandlingane