Sluttfôring av lam

(Sist oppdatert 26.09.19) Det vil alltid vera ein del lam som ikkje har ynska vekt og hold ved vanleg slaktetid om hausten. Desse bør ein fôre vidare for å oppnå betre vekt, klassifisering og pris på lammet.

Kraftfôrtildeling

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe Nortura

Start sluttfôringa rett etter sanking 
Rett etter sanking bør alle lam bli fråvende frå søyene. Sett søyene inn nokre dagar på litt seint hausta grovfôr slik at dei blir skikkeleg avsina. Dette reduserer faren for mastitt.

Livlam og slaktelam bør sorterast slik at du har ein eigen flokk med slaktelam når du skal plukkslakte utover hausten. Lag eit system med vekt og sorteringsrenner anten du sluttfôrar inne eller ute på beite. Da vil plukkslaktinga utover hausten gå føre seg raskt og effektivt. Det vil ofte bli ei stureperiode rett etter avvenning, men med god fôring, vil sluttfôringslamma få skikkeleg god tilvekst. Dersom du let lamma gå med søyene på haustbeite av ymse kvalitet utover hausten, vil dei vera mykje tregare å få i gang når du til slutt startar sluttfôringa. 

Økonomi med sluttfôring
Det er god økonomi å sluttfôre lamma slik at dei oppnår slaktetilskot frå staten og kvalitetstillegga frå Nortura. Eit lam på rund 35 kg levandevekt (ca 13,5 kg slaktevekt) sanka i veke 36, som blir sluttfôra i tre veker på Intensiv sluttfôring og får ein tilvekst på rundt 400 g/dag, vil ha ei vekt på ca 43 kg i veke 39. Slaktevekta er da ca 17,5 kg og lammet vil sannsynleg vis oppnå både slaktetilskot og kvalitetstillegga frå Nortura. Ein har da ca 35 kr/dag til fôr og arbeid dersom ein vel å sluttfôre lammet.

Ulike sluttfôringsalternativ
Kva sluttfôringsalternativ ein bør satse på, varierer med kva tilvekst ein ynskjer og kva fôrgrunnlag ein har. Har ein rikeleg med gode håbeite og/eller grønnfôrvekster som raps og raigras, er det godt mogleg å få til bra tilvekst utan bruk av kraftfôr: 

Tabell 1: Forventa tilvekst på ulike haustbeite

Beitetype

Fôropptak FEm

Forventa tilvekst g/dag

Godt håbeite

1,2

250 - 270

Raigras/Raps + hå

1,4

350 - 400


0,2 da raigras + 0,1 da hå pr lam som skal sluttfôrast, bør vera nok haustbeite.

Eit godt haustbeite får du dersom du haustar graset ca fire-seks veker før sanking og raigras-grønnfôr 2 - 4 veker før sanking. Overgjødsling med 4-6 kg N passar godt til den mengde fôr ein haustar ved beiting.

Intensiv sluttfôring inne med fiberrikt lammekraftfôr og grovfôr er eit godt alternativ når ein har lite eller dårleg haustbeite. Fare for brunstsmak på verlam, lågt fôrforbruk per kg kjøtt og betre slaktekvalitet talar også for ei rask sluttfôring. 

Nokre ynskjer å styre tilveksten for å kunne levere større puljar med lam, eller for å få lamma slaktemogne til eit spesielt tidspunkt.  Ein kan bruke fylgjande tabell som utgangspunkt for kraftfôrtildelinga i sluttfôringsperioden.

Tabell 2: Forventa tilvekst ved ulike mengder ved kraftfôr ved sluttfôring av lam

Planlagt tilvekst g/dag

Kraftfôr kg/dag

Grovfôr

100 g/dag

0,2 kg

Godt grovfôr etter appetitt
dvs velberga fôr hausta
ved byrjande skyting

200 g/dag

0,6 kg

300 g/dag*)

0,9 kg

400 g/dag eller meir*)

Etter appetitt frå kraftfôrautomat


*) Det er viktig å fylgje med på at lamma ikkje blir for feite ved intensiv sluttfôring.

Hugs å sortere søyelam og vêrlam ved sluttfôring inne. Dette gjev meir ro i bingen og betre tilvekst. I tillegg reduserer ein risikoen for brunstmak på vêrlamslakta.  

Søyelamma passar best til ekstensiv sluttfôring pga at det ikkje er fare for brunstsmak, og søyelam kan lett bli for feite ved intensiv sluttfôring om ein ikkje passar godt på.

Dersom du brukar tidleg hausta grovfôr med lite fiber, og i tillegg gjev kraftfôr etter appetitt, kan møkka lett bli laus, og bingen blir møkkete og utriveleg. Da bør en heller gje kraftfôret avgrensa i to rasjonar. Tilveksten vil likevel bli høg fordi opptaket av godt grovfôr aukar.  

Ved meir ekstensiv sluttfôring av lam kan ein bruke same slags kraftfôr som resten av flokken. 

Innvortes parasittar
Dersom du har problem med innvortes parasittar på utmarksbeite, vurder om lamma bør bli behandla før sluttfôring. Spør veterinæren om råd. Hugs tilbakehaldelsesfrist og at dette varierer mellom ulike middel.  

Pulpanyre
Sjukdommen pulpanyre skuldast giftstoff frå ei ein bestemt type bakterie. Bakteriane finst også i tarmen hjå friske dyr, men vil oppformere seg når dyret får særs god næringstilførsel, gjerne i samband med omlegging av fôringa ved at fôr som ikkje er melta passerer vomma og over i løypemagen. Lam som blir sett på store kraftfôrrasjonar, kan difor vera utsett for pulpanyre. Drøft evt. vaksinering med veterinæren. Dersom ein vaksinerer søyene på våren og lamma får rikeleg med råmjølk, skal lamma vera beskytta mot pulpanyre i 2-3 månader.

Lam som blir sett på kraftig håbeite om hausten kan vera utsett for pulpanyre. Får dei kraftfôr/grønfôr i tillegg, er risikoen enda større. Desse bør difor bli vaksinerte så snart som råd. Ein har ikkje verknad av vaksinen før etter ca 14 dagar. Ein bør difor starte gradvis med kraftfôret og vente ca 14 dagar før ein er oppe i full kraftfôrrasjon. Dette forebygger både mot appetittsvikt og pulpanyre. 

Urinstein
Urinstein er ei særs smertefull tilstand hjå lam. Båe kjønn er utsette, men særleg hjå vêrlam kan det føre til blokkering av urinstraumen, store smerter ved vasslatinga og i verste fall urinforgifting med dødeleg utgang. Urinstein oppstår dersom det er ubalanse i mineralforsyninga.

Eit viktig førebyggande tiltak er å syte for at fôrrasjonen har høgt kalsium/fosfor –forhold dvs 2:1. Ein bør difor vera ekstra merksam på mineralforsyninga når ein bruker kalsiumfattige fôrvarer som bygg, havre og avfallsbrød. Fiberrike kraftfôrslag tilpassa lam har ofte også gunstig kalsium/fosfor- innhald. Eit anna førebyggande tiltak er å stimulere til høgt vassinntak. Ein må difor syte for at lamma har tilgang på saltslikkestein og rikeleg med vatn av god kvalitet.

Sur vomgjæring (acidose)
Sur vomgjæring (acidose) oppstår dersom det er for mykje lett fordøyelege næringsstoff i rasjonen. Acidose fører til appetittsvikt hjå lammet. Førebyggande tiltak er å syte for gradvis opptrapping av kraftfôrrasjonen over eit par veker og dele kraftfôret opp i minimum to rasjonar. Ved appetittfôring med kraftfôr er det mindre risiko for acidose fordi lamma vil ta opp mindre mengder kraftfôr om gongen. 

Koparforgifting
Koparforgifting er mest vanleg i innlandet, og intensivt fôra lam er meir utsett enn meir ekstensivt fôra dyr. Ein bør difor unngå koparhaldige mineralblandingar og saltslikkesteinar når ein er redd for koparforgifting. 

Klipping ved innsett for sluttfôring
Animalia sine tilrådingar om klypping av sluttfôringslam: "Lam som ikke er slaktemodne ved sanking må sluttfôres utover høsten. Mange ønsker å klippe disse for å bedre tilveksten. For god slaktehygiene må disse kunne klippes på nytt i de områdene som er avgjørende for slaktehygienen. Forutsetningen for at dette skal være mulig, er at ulla har blitt minst 1 cm lang. Dyr som forventes slakta i løpet av første måneden skal derfor ikke klippes. Lam som skal fôres i mer enn en måned kan klippes. Det bør i tilfelle skje straks, slik at ulla igjen kan vokse ut. Det er produsentens ansvar og risiko at lamma har lang nok ull ved levering til at de kan nyklippes. Den korte ulla vil ikke ha noen verdi som ull." 

Fôrplan 
Team sau kan hjelpe deg å lage ein fôrplan for sluttfôring av lam. Du må da gi oss opplysningar om:

  • tal lam
  • vekta på lamma
  • vekt og dato du ynskjer å slakta lamma
  • grôvfôrkvalitet

Vi lagar da ein fôrplan for deg med tilrådd kraftfôrmengde per dag og forventa økonomisk resultat av sluttfôringa.