Stordriftsutfordringer på sau – erfaringer frå Sveio Smalesamdrift

LAM 2014:

(06.02.14) Sveio er den sørlegaste kommunen i Hordaland, og ligg heilt ute mot Nordsjøen. Me har altså eit mildt klima, men med mykje regn og vind. Sveio Smalesamdrift blei starta i 2005 med tre deltakande partar, der to av bøndene hadde drevet med sauer og tredjemann var mjølkeprodusent.

Av: Ole Andreas Våge, sauesamdriftsbonde frå Sveio i Hordaland

Bakgrunnen for samarbeidet var ønske om betre tid og betre økonomi. Driftsgrunnlaget har vore gardane til dei tre deltakande bøndene samt mellom 7-8 leigegardar. Dette utgjer til saman 280 mål dyrka mark, 1000 mål kulturbeite og eit par tusen mål utmarksbeite. I samband med oppstart blei det skilt ut ei tomt på 10 mål, der det blei satt opp eit sauehus på 1200 kvm. Huset er ein industrihall med talle og laus innreiing, og har plass til 800 vfs. Buskapen har vore mellom 550 og 370 vfs Norsk kvit og nokre farget spælsau. Alle tre bøndene skulle ha samdrifta som fulltidsarbeid, men med ønske om å få meir fritid.

Sauene settes inn rundt 1. november. Buskapen er ein avlsbuskap, og all paring er kontrollert. Det insemineras mellom 60-120 vfs. Lamminga startar i første del av april, og sauene sleppes på vårbeite frå rundt 20. april. 400 dyr blir i slutten av juni sendt til fjellbeite på Hardangervidda, medan resten beiter på kulturbeite i Sveio.

Dei viktigaste områda der stordrifta skil seg frå vår tidligare drift (ca 100 vfs) kan oppsummeras slik:

  • Stordriftas sårbarheit
  • Behov hos sauen
  • Auka viktigheit av å løyse problem tidleg
  • Økonomisk utfordringar som følgje av endra balanse mellom produksjonsinntekter og tilskot
  • Overvurdert arbeidsrasjonalisering

Stordriftas sårbarheit
Etter oppstart i 2005 har hendingar som utbrot av Toxoplasmose og restriksjonar etter funn av ”snille” fotråtebakteriar lært oss at ein stor sauebuskap er svært økonomisk sårbar. I motsetning til i små buskaper der ein større del av inntektene kjem  frå tilskot, vil inntektene hjå oss i større grad vera  avhengig av produksjon. I tillegg til store dyrevelferdsmessige konsekvensar, vil sjukdom kunne få svært store økonomiske konsekvensar.

Et anna eksempel på stordrifta si sårbarheit er arbeidsuføre hos deltakarene.  Drift på 11 forskjellige gardar gjev ein komplisert logistikk. Det blir vanskeleg,  for ikkje å seie umuleg å vera vikar når ein  eller begge skulle bli råka av sjukdom

Behov hos sauen
Norsk kvit sau er kanskje verdens beste sau på dei eigenskapane den blir målt på. NKS er utvikla i- og for dei tradisjonelle små norske buskapane, og det har difor vore fokus på korleis ein kan få maksimalt ut av dei få sauene ein har, heller enn korleis redusere arbeidsmengda per dyr.

I vår buskap har me no ein sau med eit genetiske potensiale me ikkje greier å ta ut på grunn av for dårleg produksjonsmiljø. Ein av flaskehalsane i drifta vår er arbeidsbelastninga i lammingsperioden.  Svært mange dyr og ei lang lammingsperiode, saman med økonomiske rammer som ikkje tillet leige av hjelp, gjer at me ser eit auka behov for ein sau som kan ta seg av lamma sine, og som har jur og spenar som er utforma slik at lamma lett kan finne mjølk. For økonomien i buskapen vår er også auka holdbarheit avgjerande.

Noko om erfaringar frå Storbritannia?

Økonomisk utfordringar som følgje av endra balanse mellom produksjonsinntekter og tilskot
Dyretilskotet per sau er høgare i buskapar med få dyr, og har eit tak som gjer at ein ikkje får tilskot for meir enn 300 vfs. Dette gjer at inntektene i  vår buskap i større grad er avhengige av produksjon.  Samstundes er økonomien i sauehaldet så marginal, at vår erfaring er at inntektene ikkje er tilstrekkeleg til å både dekke lønn og investeringar, sjølv om me hadde greid å maksimalisere produksjonen i buskapen. Dette har gjort seg utslag i at me i Sveio Smalesamdrift har redusert dyretalet frå 500 til 300 vaksne dyr.

 I tillegg har dei økonomisk premissane vore avgjerande for val av driftsbygning.  Utgangspunktet  vårt var at kostnadane til bygging av nytt hus  måtte vera så lave som mogleg. Eigentlig har me ikkje hatt råd til driftsbygning i det heile tatt!! Me valde ein enkel industrihall på 1200 kvadratmeter med tallegolv som var heilt ukjent for oss, og med enkel, fleksibel innreiing utan anna mekanisering enn ein traktor. Slik me vurderer valet vårt i dag, var dette eit rett val sett i lys av at me er pålagde å ha eit hus. Kostnaden vart ca 2,5 mill. Kostnaden pr sau avheng sjølvsagt av kor mange sauer ein har i huset. Med 500 sauer vert prisen altså 5000 kr. pr saueplass.

Auka viktighet av å oppdage og løyse problema tidleg
I Sveio Smalesamdrift har me god tilvekst på lamma om våren. Utover sommaren stoppar imidlertid tilveksten opp på lamma på heimebeite. Ettersom me har svært mange lam, utgjer dette eit betydeleg økonomisk tap, i størrelsesorden 70 000-100 000 per år. Dette har vist oss viktigheita av raskt å oppdage og utgreie problema. Me har difor sett i gang ulike prosjekt for å betre tilveksten. Det første prosjektet vårt gjaldt utgreiing av snyltarsituasjonen i buskapen, samt å auke kunnskapen om dette temaet. Her har me lagt ned eit betydelig arbeid, slik at me t. d. mikroskoperer og analyserer skitprøvane våre sjølv heime i sauehuset. Resultat av dette arbeidet har vist oss at snyltarproblematikken er vorte mykje meir komplisert og trusselen er resistens mot dei snyltarmidla me i dag rår over. Denne trusselen skal balanserast mot  optimal tilvekst.

Då det viste seg at snylterar åleine ikkje var årsaken til problema, blei det i 2012 i samarbeid med Haugaland Landbruksrådgjeving, igangsett eit større beiteprosjekt. Målet her var å utrede så mange moglege årsaker til dårleg tilvekst i løpet av ein beitesesong som mogleg. Funna var svært låge verdiar av kobolt i dyra, moderat låge verdiar av koppar i dyra og høge verdiar av molybden i graset på særlig eit av beita. Ettersom me har mange sauer, kan me forsvare ei slik utredning økonomisk. Samstundes er funn av låge mineralverdiar i dyra og i beitegraset, viktig kunnskap som kan komma svært mange sauebønder i området til gode. Utregreiing av problema i buskapen er difor til felles nytte. Dette arbeidet er ikkje ferdig, men ser ut til å gje gode resultat. Også her har auka kunnskap vist at årsakssamanhengane er mykje meir kompliserte enn ein ofte  først tenkjer.

Overvurdert arbeidsrasjonalisering
Når me starta opp samdrifta, var eit av hovudmåla å få meir fritid. Dette har på inga som helst måte vore tilfelle.  Etter 8 års drift ser me at arbeidsrasjonaliseringa me hadde sett for oss,  ikkje var realistisk. Berre i vintermånaden frå januar til slutten av mars har me ei reell muligheit til å ta ut fritid. Dette har dels samanheng med at driftsgrunnlaget vårt er eit lappeteppe av jordstykke, både beiter og eng, noko som gjev oss ei stordriftsulempe heller ein stordrifts fordel. Arbeidsmengda per dyr er difor ikkje redusert i beiteperioden. Kor mykje ein kan spare på stell av sauene i innefôringsperioden  er i stor grad avhengig av driftsbygningen og mekaniseringsgrad. Då me har valgt eit billig sauehus, har me ein mindre grad av arbeidsrasjonalisering enn forventa.

Det skal også nemnast at vintermånadene har gitt muligheiter for spanande arbeid som nydyrking, beiteutviding,  talleforsøk med flis ol. som kunne vera fritid, men som har vore spanande og difor prioritert.  Arbeidstimane har i alle år vore nokså nøye registrert og vore nokså konstant rundt 2500 timar på kvar medlem.

Stordrift – ein fordel eller ei ulempe?
Utgangspunktet vårt var meir fritid og noko betre økonomi. På båe desse sentrale punkta har  det ikkje gått slik me hadde håpa.