Over 90 % Stjernelam og god marknadsbalanse

(10.09.21) Ei ny sesong-slakteveke er kome inn i slaktestatikken. I veke 35 slakta Nortura ca 35 000 lam med medel slaktevekt 20,4 kg, medel klasse R+/R (8,5) og medel feittgruppe 2+ (5,8).

Sau med lam på skogsbeite. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dette er omtrent same slaktemengde, slaktevekt og feittgruppe som i veke 36 i 2020, medan slakteklassen faktisk er hakket betre. Heile landet er nå godt i gang med sesongen, og det er flott å sjå at over 90 % av lamma har fått utbetalt Stjernelam-tillegg i alle fylka. Det betyr at kundane til Nortura får kvalitetslam, uansett kva område og slakteri lamma kjem frå.

Vi er nå i ferd med å avslutte veke 36 (6. - 12. september), ei viktig slakteveke for å forsyne marknaden med lam til salsaktivitetane som er på gang. Vi ser ut til å slakte vel 60 000 lam denne veka. Det har gjeve ei fin marknadsbalanse. Både Nortura og industrikundane har fått det dei ynskjer av lam. 

Det same gjeld neste veke. Vi nærmar oss nå full kapasitetsutnytting på småfeslakteria våre, og planen er å slakte 73 300 småfe i veke 37 (13. - 19. september). Det aller meste av det er jo lam nå. Nortura har lykkast å finne kundar til heile denne slaktemengda. Vi er difor strålande fornøgd med både kvalitet og tilførselskurve så langt.

Statistikk

Graf

Oversikt veke 26 - 35, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)

Relatert informasjon

Relatert informasjon (ekstern)