Forsinka slakting, men likevel godt sal

(19.09.22) Endeleg har vi fått inn slaktestatistikk for vekene 35 og 36 (29.aug.- 11. sept.). I desse vekene slakta Nortura vel 77 000 lam med medel slaktevekt 20,2 kg, medel klasse R/R+ (8,4) og medel feittgruppe 2+ (5,8).

Sau med lam på beite. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Vi slakta over 18 000 fleire lam i desse vekene i fjor. Vi har difor ein forsinka sesong i forhold til fjoråret også desse vekene. Mange melder om blanda kvalitet på lamma som kjem heim frå utmarksbeite. Meir sluttfôring er nok difor ein viktig årsak til denne forseinkinga. Nortura-sauebonden leverer nemleg ein imponerande slaktekvalitet med 95% Stjernelam og 75 % Gourmetlam.

Det har også vore vanskelege innhaustingsforhold i sommar i store delar av landet. Difor vart slåtten sein for mange og liten tid til gjenvekst av haustbeite. Ein del ventar nok difor med sankinga til ein har haustbeite klart til sauen.

Vi er nå inne i ei viktig periode for å lykkast med salssesongen. Vi håpar difor på gode innmeldingar framover.

Veke 37 (12. - 18. september) slakta Nortura vel 60 000 Nortura sau/lam, i veke 38 er det innmeldt 65 500 sau/lam. Alt som blir slakta nå går rett ut i marknaden som «varmt kveitebrød». Det er stort behov for lam fram mot fårikålens festdag torsdag 29. september. Vi skulle difor gjerne vore oppe på fjorårs-slaktinga nå. Prisoppgangen som Nortura har fått til, der over 6 kroner har nådd fram til sauebonden, ser førebels ikkje ut til å dempe etterspørselen.

Nortura har greidd å levere bra med varer til tross for forsinka slakting. I vekene 31-36 ligg vi heile 19 % foran fjorårssesongen. Ein viktig årsak til det er eit godt sal av heile slakt til industrikundane. Dei har stort behov for råvarer sidan reguleringslagra har vore tomme i heile år. Salet til daglegvarekundane går også bra. I veke 36 låg salet  berre 4 % under fjoråret. Det er bra med tanke på at det nå er full grensehandel og reising.

Statistikk

Graf slaktestatistikk i Nortura

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 413 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)