For liten fokus på økonomi i sauehaldet

(28.08.07) Spør eg deg om kor tunge lam du sanka i fjor, tal fødde lam eller klassifiseringa, er det gode sjansar for at du svarar på ståande fot. Interesse for sauen, samt dei systema som er bygd opp i form av sauekontroll og ROS gjer at desse tala er langt framme i medvetet til ein interessert sauehaldar.

Av: Jon Lilleslett, sauebonde

Mange sauehaldarar har mykje å henta på å bli
meir medvetne på både kostnads- og inntektsida
meiner Jon Lilleslet, sauerådgivar i region øst
og sauebonde på Hovet i Hallingdal.

Gjennom desse systema veit ein også korleis ein gjer det i høve til andre, noko som gjer det mogleg å finne ut om ein er god eller har noko å hente på dei einskilde faktorane. Og misforstå meg ikkje; dette blir ikkje mindre viktig framover.

Men dersom eg spør deg kor mykje du brukte på medisin og dyrlege, kor mykje ulla gav deg i kroner pr sau,  eller om du ligg høgt eller lågt på gjødselforbruk er det større sjansar for at du har framfor deg ein halvtime med rekneskapsutskrift og kalkulator før du kan svara sikkert. Me har nok alle ei klar kjensle for korleis økonomien i sauehaldet utviklar seg, men få har oversynet på detaljnivå.

Stor variasjon i inntening
Framleis er det slik at innteninga i sauehaldet varierer veldig, grovt sett frå minustal til om lag 1500 kr per vinterfôra sau (vfs) før tilskot. Denne veldige variasjonen skuldast jo berre summen av forskjellar i dei einskilde utgifts- og inntektspostane. Det er på tide å byggje opp system som gjer at me får høve til å samanlikne økonomitala våre nær sagt post for post. For å ta eit døme: Ligg me på det dobbelte i utgifter til veterinær, må det takast eit krafttak for å betre sjukdomsførebygging og miljø. Ulikskapen på tilsynelatande like buskapar (litt store)  kan fort vera 10.000 kr i dyrlegeutgifter, ein kan til og med investere ein del for slike summar, dersom det gjev mindre sjukdom.

Krevjande å samanlikne
Eg meiner det einaste rette er å ta tala direkte ut av rekneskapet til den einskilde. Det har liten interesse å registrere kva sauehaldaren meiner han eller ho har gjeve av kraftfor, dersom rekneskapstala syner noko anna.

Inntektsida er den som varierer mest, og for utvikling av drifta, investeringar m.m. er det viktig at denne er nokolunde høg. Like viktig er det å måle kostnadssida opp mot inntektssida, og ikkje berre pr vfs. Grunnen til dette er dei enorme ulikskapane i produksjon på norske sauebruk. At den eine har dobbelt kjøtproduksjon pr sau i høve til den andre ligg innafor normalen. Det blir uinteressant å måle kraftforforbruket til desse to etter same mal (vfs). Ein måte å sjekke dette kan vera å måle kostnadene opp mot kor mykje ein faktisk sel av kjøt, ull og livdyr.

Ulike naturgjevne tilhøve er viktig i sauehaldet. Ein må difor alltid tolke tala ein kjem fram til ut frå forholda, for målet er å finne realistiske forbetringar. Det som ligg bak dei tørre tal er vanleg produksjonsteknikk, om ein får sauen til å vekse, om ein slaktar til rett tid og slike ting. Det er fyrst når ein byrjar å bruke tala i analyse av det praktiske sauehaldet, at inntektsida kan forbetrast gjennom betre drift.