Kraftfôrtildeling til sau i fjøs utan fôrbrett

(07.04.08) I samband med lamming blir det ofte teke i bruk ekstra areal i redskapshus, plansiloar osv. På slike areal vil det ikkje vera fôrbrett og det kan vera ei utfordring å få gjort kraftfôrtildelinga på ein god måte slik at alle søyene får kraftfôr.

Av: Finn Avdem, fagsjef sau, Nortura

Vi presenterer her to enkle forslag på korleis ein kan løyse dette på ein enkel måte.


Kraftfôrtildeling frå plattform ved vegg. Det går tre søyer pr meter krybbe. Kraftfôret blir tildelt på innsida mellom vegg og plattform. Dette er også eit flott utsiktspunkt for å ha oversikt over lamma. Krybbehøgde ca 70 cm, plattformhøgde ca 1,20 bredde ca 20 cm.


Flyttbart kraftfôr-fôrbrett i redskapshus. Ein går da inn på fôrbrettet og tildeler kraftfôret, enkelt og greit, utan å bli trakka ned!