Noregs mest moderne skiljeanlegg for sau?

Beinhelleren sankelag i Hordaland:

(20.04.10) Beinhelleren Sankelag har beiteområdet sitt i Stølsheimen Øst på fjellet mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Laget slepper 2.300 sau og lam i dette gode beiteområdet som ligg mellom 700 og 1.200 m.o.h.

Av: Finn Avdem, fagrådgjevar småfe i Nortura

I 2007/2008 bygde Egil Eidsnes og resten av sankelaget det dei meiner er Noregs mest moderne skiljeanlegg for sau. Det driftige sankelaget hadde som mål å lage eit anlegg som skulle vera fleksibelt og som kunne sortere mykje sau på kort tid. Eit anna mål var at sauen skulle handterast minst mogleg. Kreftene skulle brukast på sanking og ikkje skilling.

Det vart heller ikkje montert lys fordi at etter det er mørkt, da skal sankarar, skiljarar og sauen kvila!

Anlegget skulle også ha god drenerande grunn for å unngå mykje søl i fuktig vær.

Anlegget har nå vore i drift i to sankesesongar, og det fungerer svært godt i forhold til målsettingane som vart sett. Vi er så heldige å ha fått ein del bilete frå sankesesongen 2009. Kanskje fleire kan hente idear og inspirasjon her?

Inspeksjon og montering av skiljeanlegget før sankinga startar

Klikk for større bilde

Hjartet i sankeanlegget er eit 50 m2 stort hus der den elektroniske vekta er montert. Huset blir også brukt til å lagre alle grindane som blir brukt for å bygge opp sankeanlegget. Desse blir nemleg demontert når sankesesongen er over, slik at dei ikkje blir øydelagde av snø om vinteren.

Oversiktsbilete av skiljeanlegget

Klikk for større bilde Klikk for større bilde

 
Sauen blir sanka inne i fjellet og kjem til skiljeanlegget på vegen til høgre på biletet. Fyrste stopp er sankekvea til høgre.

Sauen blir så slusa inn i sorteringsrenna via ein ”korridor” bygd opp av lette Knarrhult-grinder. Det er viktig at grindene i sankekvea er så høge at sjølv det mest spretne lammet ikkje greier å hoppe over.

Sorteringa går føre seg i to omgangar. Fyrst blir sauene sortert flokkvis i sorteringsrenna, utan veging. Sorteringsrenna har difor fleire svingbare portar der ein kan styre sauen til rett kve. Farga på øyremerket styrer denne sorteringa.

Så blir livlam, livsau og lam som skal sluttfôrast skilt frå slaktelamma som skal rett på slakteriet. På bileta (som du klikkar på for å få dei i større format) er båe desse sorteringane gjort. Slaktemogne lam går i ei felles kve bak vegehuset. Livdyra går flokkvis i kvar sine kveer til høgre, venstre og på framsida av vegehuset. Til venstre på sankekvea er det laga ei opplastingsrampe. Her er det plass til både dyrebilen og ein tilhengar.

Området skiljeanlegget er bygd på er planert, godt drenerande masse.

Sortering av dyr

Klikk for større bilde Klikk for større bilde

 
Sortering av livdyr og slaktelam går føre seg flokkvis i vegehuset. Vegehuset har strekkmetallgolv slik at det held seg tørt og reint her.

Alle leverer inn lister på førehand på kva individnr som skal bli livlam og slaktelam. Eigaren treng difor ikkje vera til stades ved sortering. Ein erfaren sauebonde (holdvurderingssjef) saman med ein del ungar og ungdom er difor heile mannskapet som trengs ved sortering. Resten av dei vaksne kan da vera i fjellet og sanke sau.

Slaktelam som held vektkrav og er i passeleg hold, går til høgre og inn slaktelamkvea. Livdyr går til venstre og attende til kvea som er tildelt flokken.

Klikk for større bilde Klikk for større bilde

 
Alle dyr er RFID merka og blir identifisert med lesestav. Slaktelamma treng ikkje meir sortering fordi alle slaktelam går til Nortura Sandeid eller Nortura Førde. Desse fabrikkane har individslakting og identifisering med hjelp av RFID-merka.

I sorteringsrenna er det "klaffar" som syter for at dyr ikkje får rygge. Sau og lam går naturleg framover i renna, og det er lite behov for å presse på bak for å få dyra til å gå framover.

Etter skiljing

Klikk for større bilde Klikk for større bilde

 
Etter skiljing går livsauen i eigne kveer, medan slaktelamma slappar av før siste reis til Nortura Sandeid eller Nortura Førde.

Ein stor andel av lamma er slaktemogne rett frå utmarksbeite.

I 2009 held lamma som vart slakta rett frå sankekvea i dei fleste besetningane, U- i midel klasse. På grunn av tidleg sanking og rasjonelt opplegg, kom lamma ut i marknaden tidleg i sesongen når det var stort sug i marknaden etter lammekjøtt.

Økonomi
Anlegget har ein totalkostnad på ca kr 650.000. Sankelaget har fått 180.000 i tilskot i form av SMIL- midlar med meir. Medlemmene i sankelaget har også stilt opp med ca 700 dugnadstimar, slik at kontantutlegget til slutt vart ca 300.000. Dette har medlemmene i sankelaget betalt inn etter kor mange sauer dei har.

Egil Eidsnes meiner dette er Noregs mest moderne og rasjonelle skiljeanlegg for sau.

Fagrådgjevar Finn Avdem i Nortura mottek gjerne bilete og beskriving av andre skiljeanlegg som ynskjer å konkurrere med Beinhelleren Sankelag om denne tittelen. Send dette til finn.avdem@nortura.no.