Ein haldbar sau – kva betyr dette for økonomien i sauehaldet?

(03.05.11) Det er når søya er 3 - 5 år at ho produserer mest både når det gjeld tal lam og tilvekst på lamma. Det bør difor vera eit mål å få fleire søyer opp i den alderen ho er mest produktiv. Mange meiner at haldbarheita på den norske sauen har gått feil veg. Slik er det faktisk ikkje.

Av: Ove Myklebust og Finn Avdem, Nortura og Marit Lindtvedt Lystad, Animalia

Dersom vi ser på medelet i Sauekontrollen frå 1995 - 2002 var medel utrangeringsalder 3,4 år og medan medelet for 2003 t.o.m. 2010 er 3,9 år.

Kva kostar det å rekruttere nye søyer?
Kostnader med å rekruttere nye søyer er mange:

  • Mindre slakteinntekter påsettåret pga levering av eit søyeslakt i staden for eit lammeslakt
  • Mindre inntekter året etter fordi ein åring produserer færre og lettare lam enn ei vaksen søye
  • Mindre husdyrtilskot fordi ein sau må vera over 12 månader for å få dette (størst kostnad i besetningar t.o.m. 50 vinterfôra sau).
  • Dyrare fôring fordi eit påsettlam må ha ein større del av fôrrasjonen som kraftfôr for å få tilstrekkeleg tilvekst.

Set vi tal på dette, får vi fylgjande reknestykke:

Tabell 1: Kostnader med å rekruttere eit lam til søye

Kostand

Kr

Differanse ull/kjøtt ved slakting av sau og lam

500

Dyrare fôring av åring i høve til vaksen sau

25

Redusert kjøttproduksjon året etter

670

Redusert ullproduksjon året etter

70

Tapt slaktetilskot året etter

110

Tapt husdyrtilskot året etter

1010

Tapt beitetilskot året etter

70

Sum kostnad ved å rekruttere eit lam til søye

2.455


Det kostar m.a.o mellom 1800 og 2700 kr å rekruttere ei ny søye til erstatning for søye som måtte bli utrangert før ho nådde sin mest produktive alder.

Trilling på vårbeite
TRILLING PÅ VÅRBEITE: Søyene er mest produktive når dei er mellom tre og fem år

Kor gamle er søyene når dei blir utrangert
Ser vi på utrangeringsmønsteret for ulike raser, finn vi at ein stor andel av søyene blir utrangert i forholdsvis ung alder:

Tabell 2: Utrangering av søyer i prosent for ulike raser etter 1 til 8 år

Rase

1 år

2 år

3 år

4 år

5 år

6 år

7 år

8 år

Norsk kvit sau

12,4

29,1

45,0

59,6

72,4

85,7

94,8

98,8

Spælsau

10,7

25,5

38,5

51,3

63,5

78,4

90,1

96,9

Sjeviot

12,9

25,9

40,9

55,7

68,4

83,6

93,2

98,3

Alle

11,8

26,6

40,9

55,3

68,0

81,5

92,2

97,7


Vi ser at over 25 % av søyene aldri blir tre år. Over halvparten av søyene blir aldri fem år. Det bør vera eit klart mål å auke denne andelen slik at ein større del av søyeflokken er i den mest produktive alderen.

Årsaker til ulik haldbarheit på søyene
Mange meiner at det ein får meir haldbare søyer dersom påsettlamma blir to år før dei får lam for fyrste gong. Tabell 2 syner at dette til ein viss grad stemmer.

Tabell 2: Halbarheit og livstidproduksjon på søyer av ulike raser som får lam som eittåring og toåring

 

Para 1. gong som eittåring

Para 1. gong som toåring

Rase

Utrangeringsalder
år

Livstidsavdrått
kg haustvekt

Utrangeringsalder
år

Livstidsavdrått
kg haustvekt

Norsk kvit sau

3,5

205

4,1

188

Spælsau

3,7

204

4,3

196

Sjeviot

3,4

171

4,3

192


Ei søye som får lam fyrste gong som toåring blir i snitt litt over eit halvt år eldre enn dei søyene som blir para fyrste gong som åring. Forskjellen er størt på sjeviot som blir 0,9 år eldre i snitt. Vi ser likevel at livstidsavdråtten går ned når søyene blir to år før dei lammar slik at rekrutteringskostnad pr kg avdrått blir mindre med å pare åringane.

Det er vanskeleg å finne, ut ifrå registreringane i Sauekontrollen, kva som er dei vanlegaste utrangeringsårsakene. Skade på jur og spenar og sjukdom blir mest brukt som utrangeringsgrunn ved sidan av “anna årsak”. Dette er det ikkje så lett å trekke noko kunnskap ut ifrå dette. Mange hevdar at høg fruktbarheit fører til at søyene blir utrangert tidlegare.

Grupperer vi søyene i Sauekontrollen etter medel kullstorleik i eit søyeliv, får vi dette resultatet:

Tabell 4: Utrangeringsalder og livstidsproduksjon ved ulik fruktbarheit

Medel fødde lam pr kull

Utrangeringsalder (år)

Livstidsproduksjon
(kg haustvekt)

1,5

4,1

171,8

2

4,2

248,1

2,5

4,5

268,9

3

4,5

279,6

3,5

4,9

315,2


Det ser ikkje ut til at fruktbare søyer har lågare utrangeringsalder. Det ser heller ut til at desse søyene blir eldre enn dei som får færre lam. Dette tyder på at søyene tåler godt å få over to lam og at sauebøndene tek vare på slike søyer. Dette aukar også livstidsproduksjonen og reduserer rekrutteringskostnaden pr kg haustvekt produsert.

Korleis auke haldbarheita til påsettlamma?
Den mest effektive måten å auke haldbarheita på, er ved å vera medlem i Sauekontrollen og bruke den aktivt til å registrere opplysningar som gjer det mogleg å plukke ut dei påsettlamma som har størst føresetnader for å vare lenge.

Når du skal vurdere mødrene til påsettlamma bør du legge vekt på:

  • Høg morsevneindeks
  • Slekt med lang levetid
  • Slekt med lite jurbetennelse
  • Ikkje lammingsvanskar
  • Ikkje sjukdom og andre skavankar
  • Får 2 - 4 livskraftige lam med jamne fødselsvekter
  • Godt morsinstinkt
  • Godt jur med to høvelege og rett plasserte spenar
  • Går i rett beiteområde
  • God ullmengd og kvalitet

Når du skal vurdere sjølve påsettlammet, bør du legge vekt på:

  • Høg O-indeks
  • God vårtilvekst
  • Gode og høgstilte bein
  • To spenar med passeleg storleik
  • Breitt og hellande kryss
  • Ikkje hatt mykje laus avføring (tyder på at lammet er svakt for innvortes parasittar)
  • God ullmengd og kvalitet

Påsettlam
PÅSETTLAM: Eigenskaper du skal sjå etter på påsettlammet.

God fôring og godt stell som gjer at søyene mjølkar godt og blir robuste mot sjukdomar og eit miljø med lite smittepress, vil sjølvsagt også auke haldbarheita på søyene. Får ein til dette og samstundes finn nok påsettlam som oppfyller dei fleste av krava ovanfor, så har ein alle mogelegheiter for å oppnå betre haldbarheit på sauene og betre økonomi for bonden.