Tyn ugraset og reduser kraftfôrrekninga med Italiensk raigras

(22.05.09) Alle som fornyar ei viss del av enga kvart år, bør ta eit år med Italiensk Raigras på arealet ein skal fornye før ein sår attlegg. Italiensk Raigras set lite strå i såingsåret og egnar seg difor ypparleg som kvalitetsbeite til sau.

Raigras
Gjenvekst av Italiensk raigras

Av: Finn Avdem, fagsjef sau

Her finn du ein måte du kan gjera dette på.

Bruk fyrst den gamle enga til vårbeiting. Frå såing til beiting skal ein ha tid til å hauste ei avling med kvalitetssurfôr av havre/raigras og gjenveksten av raigras nå passeleg beitehøgde på 5 - 10 cm.

Dette er ein grov mal for korleis du går fram:

  1. Så 4 kg Italiensk raigras og 8 kg havre pr dekar. Gjødsle med ca 10 kg N pr dekar.
  2. Haust blandinga av raigras og havre når havren er i skyting, etter ca 6 - 8 veker. Prøv å få fortørka raigraset/havren og bruk ensileringsmiddel. Erfaringar frå forsøk er at dette blir eit fuktig, fiberfattig kvalitetssurfôr som egnar seg godt til produktive søyer etter lamming. Kombiner gjerne dette surfôret med høy.
  3. Ta ei overgjødsling med ca 4 - 6 kg N etter hausting
  4. Gjenveksten av Italiensk Raigras vil som regel vera beiteklar etter 2 - 3 veker.

Dersom ein har sanking ca 1. september, bør ein difor så raigras/ havre ca 15. juni. Berekn ca 0,2 dekar raigrasgjenvekst og 0,1 dekar gjødsla håbeite pr lam som erfaringsvis treng sluttfôring. Forsøk syner at lam som får slike kvalitetsbeiter oppnår tilvekst på 0,4 - 0,5 kg pr dag. Dette er ei langt billegare sluttfôring enn om du skulle gjort dette ved hjelp av kraftfôr og innhausta grovfôr.

Ein tilleggseffekt av raigraset, er at ugraset blir tyna. Når du sår attlegg neste år, vil du difor få ei meir produktiv eng som har mindre behov for sprøyting mot ugras.

Raigras og havre
Raigras og havre, klart for hausting

Les meir i fagbiblioteket, er du pålogga finn du lenken til "Prøv Italiensk raigras i år!" under relaterte lenker.