Agder på Stjernelamtoppen 2018

(Sist oppdatert 02.01.19) Da har vi fått inn slaktedata for årets siste slakteveker for lam. I desse vekene slakta Nortura 17 600 lam, det er vel 3000 færre lam enn i dei same vekene i 2017. Medel slaktevekt er heilt lik med fjoråret, 16,3 kg. Medel feitgruppe var 5,6 (2+/2) og medel klasse 7,3 (R-/R). 66,5 % av desse lamma greidde Stjernelam-krava.

Bilete frå Kari Mørkve JordalenAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dette er lam som av ein eller annan grunn har hatt låg tilvekst, og dei har difor ikkje potensial for å bli tyngre  før dei er slaktemogne.

Slaktekvalitet og marknadssituasjon
I sum så slakta vi omtrent like mange lam som i fjorårets sesong. Det er ein del variasjon mellom fylka når det gjeld endring i tal slakta lam. Bakgrunnen for det kan vera så mangt. I fylgje statistikk frå Landbruksdirektoratet er det nesten 200 færre foretak med sau i 2018 enn det var i 2017.

Vi har vore igjennom ein vanskeleg grovfôr-sesong. Mange har difor redusert med sau. Reduksjon kan ein gjera med å slakte fleire lam og behalde mest mogleg søyene, eller behalde fleire lam og rydde hardt opp i søyeflokken.

Når ein ser på slaktestatistikken for både sau og lam, så kan det virke som om dette er gjort litt ulikt rundt omkring i  landet.

Ser vi på slaktekvaliteten, så har medel slaktevekt har gått opp med 0,5 kg medan medel klasse er ganske stabil i forhold til fjoråret. Vi har fått ein del spørsmål om det.  Dersom vi ser på slaktestatistikken til Animalia så var det faktisk fjoråret som var avvikande. I 2017 var det større sjanger for å få god klasse på låge vekter, medan ein i år er over på normalen. Det betyr at  Nortura-medlemmene er flinke til å produsere kvalitetslam også i under vanskelege forhold som vi hadde i 2017. Lamma i år var litt feitare. Dette er nok årsaken til at andel lam som fekk Gourmetalm-tillegg har gått litt ned, medan Stjernelam-andelen har auka.

Når det gjeld sal, så er vi godt fornøgde med det som har skjedd på lam. Gjennom ein stor innsats i samarbeid med handelen, fekk vi løfta salet betydeleg i 2017. Denne auken har vi tatt vare på og vel så det i 2018. Dette har vi fått til gjennom et godt sal i sesongane, samstundes som ein har greidd å auke salet utanom sesongane gjennom m.a.  produktserien "Hverdagslam".

Overproduksjonen er nå mest knytt til sau. Her har Nortura gjort fleire tiltak for å betre marknadssituasjonen. 410 tonn sau er eksportert gjennom Nortura sitt dotterselskap Noridane. Det er blitt lagt ned ein betydeleg innsats i produktutvikling, og to nye produkt med sau som råvare vart tilbydd daglegvarekundane. Vi lykkas diverre ikkje godt med disse lanseringane, men vi har god tru på produkta og prøver oss med relansering. Fårefrikasséen fall i smak når vi lanserte den i Medlemsbutikkane. Vi håper dette tiltaket også skal hjelpe produktet ut i daglegvarehandelen utpå nyåret. Produktet står på  "frivillig listing" i Norges-gruppen og enkelte REMA-regionar er også interesserte.

Nortura har i mange år seld betydelege mengder halalslakta lam til den muslimske marknaden. I 2018 har vi også starta opp med å halalslakting av sau i samband med eksporten og for å kunne tilby sau til den muslimske marknaden i Noreg.

Sauebonden har også blitt oppfordra til å produsere fleire lam per sau for å få ein betre balansert produksjon i forhold til det marknaden etterspør.

Alle desse tiltaka håpar vi på sikt skal gje ein betre marknadssituasjon også for sauen. Det ligg ved utgangen av året 1 770 tonn sau på regulerings-lager. Vi er difor ikkje i mål. Ingen likar å produsere dyrefôr av sau. Det er ein siste utveg. Difor er det ekstra gledeleg at Nortura og Noridane fekk til eksport av sau til tilnærma norsk engrospris. Vi håpar dette blir ein årleg sak som kan vera med å skape varig betre marknadsbalanse for sau.  

Agder på Stjernelam-toppen
Da er tida inne for å kåre sesongens vinnar av "Stjernelam-toppen" sesongen 2018. Da kom vi i den utrulege situasjonen at ikkje ein gong målfoto greier å skilje Agderfylka, båe ligg på topp med 84,7 % Stjernelam. Difor tek vi like godt og kårar Agder som vinnar av Stjernelam-toppen sesongen 2018. På 2. plass finn vi Buskerud med 84,2 % Stjernelam og på 3. plass Hedmark med 82,9 % Stjernelam.

Vi gratulerer!  

Statistikk

Graf


» Oversikt veke 27 - 52, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 50, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 47, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 45, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 41, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 39, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 38, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 27 - 37, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 36, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 35, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 27 - 34, pdf. 35 kb

» Oversikt veke 27 - 33, pdf. 33 kb

» Oversikt veke 27 - 32, pdf. 38 kb

 


 

Statistikk frå Animalia