Felles rutinar for retur av ullne skinn

(Oppdatert 01.09.20) Tal ullne skinn som blir teke i retur har auka dei seinare åra. Det er difor viktig å ha gode rutinar for dette, slik at denne varestraumen fungerer best mogleg for både Nortura og sauebonden.

1. Felles rutinar for kva dyr og periode vi tek ansvar for å ta returskinn avSkinn
Vi tek av returskinn i perioden juni, juli, august, september og oktober. Utanom desse periodane tek vi ikkje ansvar for skinn som blir øydelagde i slakteprosessen.

Årsak: Ull og skinn er ueigna til å lage fine skinn av utanom denne perioden.

Vi tek ansvar for å ta returskinn av lam og vårklypt sau i normalt godt hold.
Fylgjande type dyr tek vi returskinn av på produsentens eige ansvar:

  • Mohair og Kashmir geit/kje
  • Sau med heilårsull
  • Små lam og sau med feittgruppe 2- og lågare
  • Gamle dyr- 5 år og oppover

Årsak: Geit/kje og magre sau/lam har nesten ikkje underhudsfeitt. Slike dyr er svært vanskelege å flå utan at det oppstår riveskader i skinnet. Skinnet på slike dyr er også ofte tynt og lite solid.  

Når Nortura tek ansvar for at jobben blir gjort, betyr det at eventuelle skader på skinn blir erstatta (sjå punkt 4). Når det blir gjort på produsentens eige ansvar, blir eventuelle skader ikkje erstatta.

2. Bruk av felles skjema for bestilling returskinn
Det skal brukast skjema Returskjema skinn når ein bestiller skinn i retur. Du kan også få skjema frå lammeringleiaren. Her skal du skrive på dersom du har ynskje om at skinnet skal sendast til eit spesielt garveri, elles blir skinnet sendt til det garveriet slakteriet har avtale med.

» Returskjema skinn.pdf

Årsak: Ulike garveri har ulik garvingsteknikk og tilbod til leverandørane. Difor har somme spesielle ynskje om garveri. Pelssaulaget har avtale med Donnia-garveriet i Sverige. Når det ikkje er slike ynskje, er det mest rasjonelt at skinnet blir sendt til det garveriet som slakteriet har avtale med. Eit felles skjema gjer at all nødvendig informasjon kjem fram til slakteriet, uansett kva slakteri dyret går til. Skjemaet må kunne hentast fram om reklamasjonar oppstår etter at skinnet er ferdig garva.

3. Felles merking av dyr ein skal ta returskinn av
Dyr ein skal ta returskinn av, skal merkast av produsenten før levering med signalmerker av plast. Bestill returskinnmerke eller Pelsaulaget sitt returskinnmerke frå OS ID eller tlf. 62 49 77 00. Returskinnmerka skal delast i to, og bli sett i med vanleg merketang.

Årsak: Returmerker av metall set rustflekkar på skinna. Dei dett også lett ut av øyra på dyra. Da blir det ikkje teke returskinn av dyret. Metallmerka har ein kvass pigg som sauene lett trakkar inn i klauva. Difor kan dette også vera eit dyrevelferdsproblem.

4. Felles rutinar for erstatning av skinn som blir skada
Når eit skinn blir skada, skal produsenten bli tilbydd eit erstatningskinn som kompensasjon.

Årsak: Vi tilbyr ikkje pengar som erstatning når skinn blir skada, fordi rett verdisetjing av skinn er vanskeleg. Produsentane oppnår ulik pris frå ulike kundar. Ofte kan erstatningskravet difor bli urimeleg høgt. Erstatningsskinn er difor den beste og mest rette kompensasjonen.

5. Felles rutinar når skinn er merka med pelssaulaget sine signalmerkerMerke Norsk Pelssaulag
Når dyr merka med pelssaulaget sitt signalmerke (orange) kjem til slakting, så må Donnia sin fylgjeseddel fylgje skinnet. 

Skinna skal leggjast på eigen pall og sendast til Norilia Skjeberg. Pallen skal merkast med "Norsk Pelssaulag". 

Årsak: Dette er spesielt verdifulle skinn som det er viktig blir sendt til rett garveri (Donnia i Sverige). All informasjon om korleis skinnet skal beredast må følgje med. Donnia hentar skinna på Norilia Skjeberg.

Sjå også artikkel Retur av slakt og medlemskjøp

Sjå også artikkel Vel ut gode returskinn av sau og lam

Sjå også artikkel Anbefaling til produsenter som tar risikoslakt i retur eller nisje