Småfelaktinga etter nyttår litt over fjoråret

(23.03.23) – Vi var spente på korleis slaktinga etter nyttår ville utvikle seg med bakgrunn i den relativt store auken i tilskot til husdyr som kom i fjorårets jordbruksoppgjer, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura. Ville mange halde att fleire teljedyr?

Småfeslakting ved Nortura Målselv. Foto: Gunnar Klingwall/Nortura

Frå nyttår og til og med 26. mars kjem Nortura til å slakte ca. 38 300 sau/lam. I dei same vekene i 2022 slakta Nortura 37 300 sau/lam, altså berre 1000 dyr færre. Vi fekk store innmeldingar til veke 10 som var fyrste slakteveke etter teljedato, og måtte skyve ein del slakting til veke 11 og 12. Den store innmeldinga i veke 10 kom fyrst og fremst av at dyr som uansett skulle slaktast etter nyttår, vart slakta etter teljedato.

Slaktekvaliteten på lamma er som vanleg god med medel slaktevekt 18,8 kg, medel klasse R-/R (7,3) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6). Avrekningsprisen på lam ligg kr 6,50 over prisen på same tid i fjor. 85 % av lamma fekk Stjernelam-tillegg. Alt som blir slakta nå av både sau og lam går rett ut til ulike kundar. Reguleringslageret er difor framleis tomt for både sau og lam.

Salet hittil i år på høgde med fjoråret

– Når vi summerer alle salskanalar per februar, så ligg salet av lam på høgde med fjoråret. Det er vi godt fornøgde med. Nortura har teke ut ein nokså stor prisoppgang på vegne av sauebonden og framleis samanliknar vi oss med ei periode i fjor prega av mindre grensehandel og reising, seier Avdem.

Det er auke i salet til industri- og storhushaldningskundar, medan det er nedgang i salet til daglegvarekundane. Det er i hovudsak to varegrupper av lam som blir selde til daglegvarekundar utanom sesong, Gourmetlam og Hverdagslam.

– Påska er ein viktig salssesong for Gilde-lam. Frosne lammelår og utbeina lammesteiker, eller lår, skal finne vegen til butikk og ut til kunde i løpet av nokre hektiske veker før påske. Nortura greier difor å halde oppe ein god marknadssituasjon på sau og lam. Nedgang i daglegvaresalet blir kompensert med høgare sal i andre salskanalar.