Islandske hus- og fôringsløysingar til sau

(28.08.07) Dei fleste store sauelanda i verda har klima som gjer at krava til hus er mykje mindre enn i Noreg. Island er eit unntak i så måte. Difor har vi vore og sett på deira løysingar både når det gjeld hus og innreiing.

Av: Per H. Liahagen, tidl. spesialrådgjevar


Det mest interessante ved fôringsopplegget på Island er at dei nyttar appetittfôring av grovfôr inne, der det er golv av trespalter eller strekkmetall.

Til liks med store delar av Noreg, er tilgangen på strø til akseptable prisar også sterkt avgrensa på Island. Talle er av den grunn lite aktuelt. Dei dominerande golvtypane er difor spaltegolv eller strekkmetall.

Klimaet kan til sine tider vera ganske hardt i Island. Dei fleste husa er av den grunn isolerte eller halv-isolerte. Island har også jamt over store buskapar. 200 – 400 vinterfôra sauer er ein ganske vanleg flokkstorleik. Dei har difor kome langt i å finne rasjonelle løysingar for fôring og handtering av dyr og gjødsel.

Her til lands er også interessa for å finne meir arbeidsrasjonelle driftsopplegg for sau aukande. Dette skuldast fleire forhold. Men sterkaste drivkrafta er nok ynskje om å ha større flokkar utan særleg auka arbeidsforbruk, eller at ein ynskjer mindre arbeidsinnsats med noverande flokkstorleik.

Vi skal i denne artikkelen i hovudsak konsentrere oss om døme på fôrhekkar eller fôrkasser for appetittfôring med grovfôr, slik vi såg det på Island.

Fôring

Også i Island er surfôr i rundballar mykje utbreidd. Dei sauebruka vi har vore å sett på har alle brukt rundballar som grovfôr. Deira grasslag og kanskje også haustetidspunktet, gjer at grovfôret ikkje har så stor del grove strå som her i landet. Det kan også vera noko av forklaringa på at dei brukar lite anna konsentrert fôr. Kraftfôr blir ofte berre brukt rundt lamming, eventuelt litt i paringstida. Opplegga for fôring med kraftfôr er difor ikkje særleg avanserte i islandsk sauehald heller.

Det mest interessante ved fôringsopplegget på Island er at dei nyttar appetittfôring av grovfôr inne, der det er golv av trespalter eller strekkmetall. Dei har klart å utvikle ei fôrkasse eller ein fôrhekk, for fôring med grovfôr utan særleg fôrspill. Ei slik fôrkasse har på Island kapasitet for 50-70 sau. Også her til lands blir det brukt rundballe-hekkar for appetittfôring med grovfôr. Men desse har så stort fôrspill at dei egnar seg lite på spaltegolv eller strekkmetall-golv.

Lammingstida

I store sauebuskapar med til dels svært god utnytting av areala i fjøsa, var også opplegg med lammingsbingar og oppstalling etter lamming viktig. Kort veg til enkeltbingar for lamming og oppstalling eit par dagar, og effektive transportgangar derifrå til samlebingar, var sett i system.


Døme på prinsippløysing for islandsk sauefjøs
Komande vinter vil Gilde Norsk Kjøtt teste ut slike fôrkasser som ein nyttar på Island. Dette vil mellom anna skje ved UMB på Ås (tidlegare NLH).

Nokre fakta om sauehaldet i Island

  • Innefôringstida er dei fleste stader frå november til mai.
  • Klipping 2 gonger; om hausten og på etterjulsvinteren (mars) er blitt ganske vanleg p.g.a. ullkvaliteten.
  • De fyrste dagane etter klipping må ein halde temperaturen på min. + 5°C i fjøset i fylgje reglementet
  • Lamming innandørs blir praktisert på de fleste gardar i den nordlege delen av landet; i den sørlege delen kan søyene ofte lamme ute.
  • I fylgje reglement om innreiing av sauefjøs, skal min. liggeplass per vaksen søye vere 0,7 m2 på spaltegolv og minimum eteplass 0,4 m. Ei vaksen søye veg ca 60 – 70 kg.
  • I tilfelle sjølvfôring skal i fylgje reglement minst 1/3 del av sauene i kvar binge kunne ete samtidig
  • Ventilasjonen i sauefjøset skal være tilstrekkeleg

 

Biletet over viser den mest brukte islandske fôrkassa. Kassa høver akkurat til ein rundball. Her ser vi kassa når ho nesten er ete tom for fôr. Sidefelta kan justerast opp- og nedover slik at sauene alltid må ete ovanfrå. Dette, i tillegg til at ein nyttar metallrist til å legge over fôret (her i opphengd stilling), gjer at det blir lite fôrspill. Dyra et seg fyrst nedover i kassa. Etter kvart som det minkar med fôr, kan dyra sjølve skuve langsidene på kassa innover. På den måten vil dyra ete tomt utan at ein treng innsats frå røktaren.

 
Biletet over her ser vi fôrkassa tom og klargjort til innlegging av ny rundball.

Rundballane blir oftast lagt inn i fôrkassene med talje og grabb. Ballane blir oftast kløyvde ned til midten før dei blir lagde i kassa. Deretter blir velta ut til sides og jamna, slik at dei får tilnærma plan overflate.

Dei fôrkassene vi her har vist bilete av, er relativt dyre, ca. kr. 15.000 + frakt. Fabrikken jobbar med å gjera dei noko enklare og dermed billigare. På grunn av prisen er det enkelte som har laga sine eigne, heimelaga fôrkasse. Prinsippet er det same, men konstruksjonen er oftast av tre. Som regel er dei også hengsla oppe.


Over eit eksempel på ei heimelaga fôrkasse frå ein gard på Island. Mange sauehus, også på Island, har for liten takhøgde til at ein kan bruke grabbutstyr til å legge på plass rundballane. Dersom ein har brei nok gang kan ein likevel nytt talje og løpekatt, men ikkje sjølve grabben. Nedanfor er det vist eit døme på ei løysing.


Dette er ei "transportkasse" laga av vinkelstål og vannfast finer. Rundballen blir lagt inn i denne kassa i enden av huset og køyrt innover i fjøset ved hjelp av løpekatten. Rundballen blir då lagt på plass frå kortenden av fôrkassa. Dette er noko meir tungvint enn, men gjer det mogeleg å nytte slike fôrkasser også i vanlege låghus.