Vårbeite til sau

(23.05.08) I sauehaldet går det relativt lang tid frå vårbeiting til ein måler produksjonsresultatet, slakting. Difor er ofte verdien av vårbeitet undervurdert. Fleire undersøkingar syner likevel klart at vårbeitet har mykje å seia for produksjonsresultatet.

Av: Jørgen Todnem, Planteforsk, og Lars Ivar Fause, tidligere rådgiver småfe i Region Nord

Lam på vårbeitePå Planteforsk Sæter Fagsenter ble det på slutten av 90- tallet gjort undersøkelser omkring tilvekst og slakteklassifisering etter "godt" og "dårleg" vårbeite. Resultatet frå denne undersøkinga syner klart at "tapt tilvekst" hjå lamma på vårbeite er vanskeleg å ta igjen seinare i beitesesongen. Årsaken til dette er mellom anna at lamma har størst evne til muskelvekst i ung alder. Med aukande alder hjå lammet vil vekstintensiteten avta, og på godt haustbeite vil ein stor del av vektauken vera feittavleiring. Godt vårbeite og god tilvekst om våren, 300 - 400 gram pr. dag, er difor den enklaste og sikraste måten for å produsera lam med tilfredsstillande slaktevekt og slakteklassifisering.

Vårbeite - sleppetid og nødvendig areal
Tidspunkt for lamming bør planleggjast slik at dette fell saman med vekststart for eng og beitevekstane. Om våren er næringsverdien i ungt gras vanlegvis høg, og rikeleg med slikt gras tilfredsstillar næringstrongen hjå søyer med to lam. I praksis kan ein seia at søyer og lam bør sleppast ut på beite når lamma er 12 - 14 dagar gamle og beitegraset er 5 - 6 cm høgt.

For ei søye med to lam er dagsbehovet i vårbeiteperioden ca to kg fôrtørrstoff. Det er vanskeleg å talfeste nødvendig areal for å møte dette behovet, men for god grasmark kan arealkravet i utganspunktet setjast til ca 0,6 - 0,7 dekar for ei søye med to lam i to veker. Dersom ein er usikker på kor mange dyr som kan beite på eit skifte, bør talet dyr avgrensast i starten av beiteperioden. I slike tilfelle bør ein heller "fylle etter" med dyr når ein ser tilhøvet mellom vekst og avbeiting etter nokre dagar med beiting.

Vårbeite - engtype
På sauebruk er det vanleg å nytta dei same engareala til både beiting og hausting av vinterfôr. Ved anlegg av slik grasmark er målet å lage ein tett og bladrik plantebestand som er smakeleg og har stor gjenvekstevne. For i størst mogleg grad å oppnå dette, bør ein nytta frøblandingar.

Til kortvarig grasmark er frøblandingar av timotei og kløver med tilskot av engsvingel særs godt egna. Av aktuelle kløverartar er kvitkløver best egna til beiting, men raudkløveren gjev størst avling.

Ved anlegg av langvarig grasmark bør ein i tillegg til timotei, engsvingel og kløver ha med engrapp i frøblandinga. Engrappen er hardfør og har evne til å lage ein tett bestand med aukande engalder. Den trivst likevel ikkje på mager, tørr og skarp jord, og på slik jord kan engrappen byttast ut med raudsvingel. Raudsvingel er noko mindre smakeleg enn engrapp.

I fjellbygdene kan det vera aktuelt å ta med engkvein i frøblandingane. Raigras er smakeleg og tålar mykje beiting. I område av landet der denne arten overvintrar bør raigras vera med i blandingane. Uansett kva for artar som blir brukte, er det ved anlegg av grasmark viktig å velga sortar tilpassa dei klimatiske tilhøva, då det er store skilnader i t.d. overvintringsevne mellom dei ulike sortane innanfor same art.

Ved all beiting av grasmark bør hovudregelen vera at ung eng i størst mogeleg grad blir spara for beiting. Beiting bør skje på eldre, godt etablert grasmark.

Vårbeite - lengda av beiteperioden
Kor lang beiteperioden bør vera, vil variera mykje mellom ulike bruk, etter m.a. lammingstidspunkt, tilgang på innmarksbeite / kulturbeite og vekststart på utmarksbeite. Tida på innmark bør ikkje overstiga 3-4 veker.

Vi har få forsøk å syne til med omsyn på kva som er rett tidspunkt for slepping i utmark. Generelt ser ein ofte at mange ventar for lenge. Dei forsøka vi har, og praktiske registreringar, syner at tidleg slepping i utmark gjev best resultat.

Når dei lågaste partia i beiteområdet har fått grønskjæret, er det tid for sauekjeften å starte utsortering av dei gode beiteplantene. Tidleg slepping på utmark fører også til at sauene i større grad leitar opp dei beste beiteområda.