Har du alt klart til lamminga?
(Sist endret 04.03.24) Lammingstida er ei travel tid som det er viktig å planleggja godt. Ein godt forberedt lammingssesong gir overskot til å berge fleire lam!
God hjelp til fôring. Foto: Kari Mørkve Jordalen
I temaheftet "Mindre lammetap" har Team småfe laga fylgjande liste over det som må vera klart til ein travel lammingssesong.
Ordne i god tid før lamminga:
- Ryddig og oversiktleg (system) i og rundt fjøs
- Vaksinere sauene
- Smittesluse med handvask, overtrekksklede og støvlar til veterinær og andre som skal inn i fjøset
- Råmjølk i frysaren (frå sau året før og frå ku som reserve)
- Øyremerke og tang
- Framfallssele
- Helsekort
Ordne til lamming:
- Nok folk (vaktlister)
- Mobillader, powerbank, viktige telefonnummer (veterinær, Mattilsynet, osv.)
- Nok grinder til å skilje frå søyer som skal lamme
- Mogelegheit for lamma til å ligge på tett underlag
- Lammingslister/noteringsbøker/app og lesestav
- Til fødselshjelp:
- Hansker, lange og korte
- Glidemiddel
- Såpe med lav pH til vask av søya
- Bøtter
- Reine tau/snører etc til fødselshjelp
- Merkestifter
- Godkjente middel til desinfeksjon og sårbehandling
- Flasker med smokker til lamma
- Lammesonder
- System for å forhindre nedkjøling av lam og for oppvarming av nedkjølte lam
- Evt. Utstyr til kopplamproduksjon (alt ein treng)
Har du alt dette på plass?
Mange av desse punktene er viktige heile året, men ekstra viktige i lamminga. Før du veit ordet av det, er lamminga i gang!