Buskerud på Stjerne- og Gourmetlam-toppen

(09.01.25) Da er siste lam slakta og avrekna i 2024 i Nortura. I dei siste vekene av 2024, vekene 47-52, vart det slakta 23 000 lam med medel slaktevekt 16,3 kg, medel klasse R-/R (7,4) og medel feittgruppe 2+/2 (5,5), 87 % av desse lamma fekk utbetalt Stjernelamtillegg.

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Vi var spente på korleis klassifiseringsstatistikken ville bli i den fyrste sesongen der lengdemåling vart brukt for å setje klasse på småfe. I Nortura vart medel klasse i årets sesong rein R (8,0), nesten det same som i fjorårssesongen. Medel slaktevekt er også lik på 18,6 kg. Det store biletet er difor at lengdemålinga har fungert veldig bra. Målet var jo at ein skulle merke minst mogleg til denne omlegginga, men at variasjonen  mellom slakteri og klassifisør skulle bli mindre. Stjernelam-andelen har auka med 1,4 % og Gourmetlam-andelen har auka med 1 %. Det er vi veldig godt fornøgd med.

Da er det tid for å kåre kven av fylka som er sesongens Stjerne- og Gourmetlam-topp. På Stjernelam-toppen tronar Buskerud med 97,5 % Stjernelam. På sølvplassen kjem Troms med 96,5 % Stjernelam og bronsen går til Innlandet med 96,4 % Stjernelam.

Buskerud er også på Gourmetlam-toppen med 71,7 % Gourmetlam. Her tok Innlandet sølvplassen med 71,1 % Gourmetlam medan Telemark kapra bronseplassen med 70,5 % Gourmetlam.

Vi gratulerer!

Statistikk graf Nortura

Graf med slaktestatistikk lammesesongen i Nortura 2024

Statistikk tal Nortura

Statistikk total