Litt lette, men framleis god kjøttfylde på lamma

(23.11.23) Da er vekene 44 og 45 (30. oktober - 12. november) inne i slaktestatistikken. I desse vekene slakta Nortura 54 000 lam med medel slaktevekt 16,8 kg, medel klasse R/R- (7,6) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).

Sanking av lam. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

87 % av lamma oppfylte krava til Stjernelam.

Dette er litt lette lam, men framleis er kjøttfylden god på dei fleste av lamma. Agder leiar framleis kampen om Stjernelam-toppen og Innlandet har ei klar leiing om Gourmet-lam toppen.

Vi har også gjort unna veke 46. Da vart det slakta 10 500 lam. I veka vi er inne i nå er det innmeldt  vel 9000 sau/lam og i neste veke (veke 48) er det innmeldt 7 800 sau/lam. Med det behovet som er nå, gjev dette marknadsdekning og vel så det.

Statistikk graf

Graf veke 27-45

Statistikk tal 

Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)