Flott slaktekvalitet og prisoppgang på lam i starten av året

(11.03.26) – Nå har vi inne slaktestatistikk for januar og februar. I årets to fyrste månader har Nortura slakta 9 300 lam med medel slaktevekt 19,7 kg, medel klasse R (8,1) og medel feittgruppe 5,4 (2/2+). 78 % av lamma held krava til Stjernelam, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

Sau og lam på beite. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Dette er ein auke på 2,7 % i forhold til same periode i 2025.

– Det viser nok ein gong at Nortura-sauebonden leverer kvalitetslam, nesten året rundt. Statistikken syner at lammeslaktinga er 25 % høgare i år enn i tilsvarande periode i 2025. Statistikken syner  også at Nortura løfter prisen på lam. Hittil i år ligg prisen kr 7,65 pr kg over same periode i 2025, seier Avdem.

Nortura er nå inne i ein «minislaktesesong» i samband med slakting av sau og lam etter teljedato 1. mars. Ut frå innmeldingane i dei tre fyrste vekene av mars, kjem Nortura til å slakte rundt 24 500 sau og lam i samband med teljedatoen. Det er omtrent same mengde som i 2025. Det blir gjort ein stor innsats for at minst mogleg av teljesauen skal hamne på reguleringslager.

Det er stor etterspørsel etter sau frå Halal-kundane til Nortura. Mest mogleg av sauen blir difor gjort klar til desse kundane, både som heil sau og tredelt halv sau pakka i kartong. I tillegg er det også god etterspørsel etter skore vare av sau. Mykje av sauen som blir slakta i mars går difor også til ordinær skjering.

Reguleringslageret av sau er tømt

Reguleringslageret av sau i ferd med å bli tømt, og lageret har vore minkande sidan nyttår. På same tid i fjor låg det 730 tonn sau på reguleringslager, dette er godt nytt for sauebonden, både med tanke på pris på sau og lågare omsetningsavgift.

God sal av sau gjennom Medlemsbutikkane

Eit lite bidrag til betre marknadssituasjon på sau, er tilbodet som Nortura har på medlems- og ansattekjøp av tredelt halv sau pakka i kartong. Vi har hatt tredje runde med dette tilbodet nå i samband med saueslaktinga i mars. Denne gongen vart det seld 388 kartongar eller ca. 6,6 tonn med sau som vart levert ut i veke 12, i god tid før påske.

– Vi selde meir sau nå enn vi gjorde i mars i fjor. Det betyr at mange er godt fornøgd med dette produktet, seier Finn Avdem.