God kvalitet, knapp marknadsdekning og prisoppgang på lam

(16.05.25) – Til og med veke 18 (4. mai), har Nortura slakta vel 27 200 lam. Det er 5 % færre enn i same periode i 2024. Det er god slaktekvalitet på lamma som blir slakta også etter nyttår, seier vår fagsjef for småfe, Finn Avdem.

Sau og lam på fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Medel slaktevekt på lamma er 19,4 kg og 88,5 % Stjernelam. 

Ein del av desse lamma var sikkert tomme påsettlam. Likevel er det berre 1,8 % av lamma som har fått feitt-trekk.

Alle lam som har blitt slakta etter nyttår har gått direkte til eiga skjering eller har blitt seld til industrikundar. Reguleringslageret er difor framleis tomt for lam. Knapp marknadsdekning gjer at Nortura kan ta ut betre pris til sauebonden. Hittil i år ligg difor prisen på lam kr 3,54 over fjoråret. 

Nedgang i saueslaktinga, men framleis sau på reguleringslager

I same periode er det slakta 11 500 sau og ung sau. Dette er ein nedgang på nesten 7 % frå same periode i 2024. Nedgangen i saueslakting er difor større enn nedgangen i lammeslakting. 

– Den same tendensen såg vi i enda større grad i slaktesesongen. Dette tyder difor på at Nortura-sauebonden produserer meir lam pr sau. Dette er god utvikling for å få betre marknadsbalanse for både sau og lam, seier Avdem. 

– Det er framleis 761 tonn med sau på reguleringslager ved utgangen av april som burde vore ute før ny slaktesesong. Det er ein del interesse frå industrikundane, og det går ut ein del pallar med sau frå reguleringlageret kvar veke. Likevel skulle vi ynskt at lageret av sau minka raskare enn det gjer. 

 

Vellykka kje-kampanje  

Nortura har også dette året hatt salskampanje på Stjernekje i samarbeid med Coop MEGA, Jacobs og einskilde Meny-butikkar. Det vart seld 2 200 kje gjennom denne salskampanjen. 

Bildet er frå kampanjen i 2024 hos Coop MEGAGeitebøndene som var med på dette, leverte fine kje med medel slaktevekt på ca 7 kg, medel klasse O+/R- og medel feittgruppe 2-/2. 

– Kjekampanjene til Nortura blir koordinert gjennom salskontoret vårt i Tønsberg. Dei melder om at Nortura leverte Stjernekje til alle butikkar som hadde bestilt, og at kundane var godt fornøgd, seier Finn Avdem i Nortura.

Spesielt i den siste kampanjeveka vart det noko overskot av kje. Desse legg Nortura på lager for å kunne levere Stjernekje også utanom kampanjeperiodene. Ein del industrikundar kjøper også Stjernekje når det er overskot. 

Bildet er frå kampanjen i fjor hos Coop MEGA