Korleis gje råmjølk til alle lam på ein enkel måte

(30.04.09) Kari Mørkve Jordalen og Inge Einar Jordalen frå Vossastrand mista berre 2 lam av 341 fødte lam i 2008. Ein viktig årsak til det låge lammetapet, er at dei har funne ein rasjonell og sikker måte å gje råmjølk til alle lamma som blir født.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Her er ei beskriving av korleis dei gjev råmjølk og andre nyttige tips for å få ned lammetapet:

Det fyrste me gjer er å la lamma suga hjå mora. Deretter mjølkar me råmjølk i ei sprøyte (30 el 50 ml) og gjev lamma ved å la dei suga på ein finger samstundes som me sprøyter forsiktig mjølka inn i munnen på dei. Her er det viktig å passa på at dei sveljer ned mjølka etter kvart. Me plar å gje to til tre sprøyter alt etter kor mykje mjølk sauen har, og kor mykje tid me sjølve har. Dersom ein sau har lite mjølk rett etter fødsel, "låner" me berre litt hjå den som sist har lamma og som har nok sjølv.

Dette er ei enkel og billig forsikring om at lamma får i seg nok råmjølk med ein gong. Det er heller ikkje så arbeidskrevjande, berre ein rutine. Men når lamma kjem som perler på snor, kanskje 5 - 6 sauer som lammar på ein gong, er det veldig effektivt.

Vask sprøytene med jamne mellomrom, og dersom dei blir "trege" pleier me spraya dei med silikonspray. Sprøyte kan ein få kjøpt på Felleskjøpet.

Elles er det viktig å vera til stades og passa på. Vi bergar mange lam kvart år med å vera i fjosen heile tida, kanskje opp mot 15 - 20 lam. Me går skift, og tykkjer det fungerer bra.

Suger råmelk
Fyrst får lammet suge søya

Melk i sprøyte
Så blir søya mjølka i ei sprøyte

Lam suger råmelk
La lammet suge på ein finger samstundes som ein sprøyter råmjølk forsiktig inn i munnen. Pass på så lammet får svelje unna!

Råmelk med sprøyte