Korleis lage frodige beiter av gardsnær utmark

Manus til foredrag LAM 2020, Tromsø

(16.03.21) Beiter kan vere så mangt, det kan vere alt frå fulldyrka jord som vert beita til skrinne fjell-/utmarksbeite. Eg skal i dag snakke om det som er midt i mellom: Innmarksbeite (kulturbeite på folkemunne).

Av: Ole Arnfinn Røysland, NLR Rogaland

Innleiing

Fyrst litt om meg sjølv: Fødd i 1990, oppvaksen på den garden eg nå forpaktar (145 vf sau NKS og litt Angus), jobba som avløyser i mange år, gjekk på Tomb jordbruksskule og 5 år på Ås der eg skreiv masteroppgåve/hovudoppgåve på det prosjektet Ingjers nettopp snakka om.

Før eg går videre, vil eg reinske opp i litt fordomar; Rogaland er meir en flate Jæren. Det er eit mangfaldig fylke. For å illustrere dette vil eg poengtere at me har 3 ulike soner for arealtilskot og 4 ulike soner for distriktstilskot. Der eg sjølv kjem frå: Bjerkreim i regionen "Dalane" er det bratt og ulendt.

Nok om det. Eg er her for å snakke om beiter. Og beiter kan vere så mangt. Det kan vere alt frå fulldyrka jord som vert beita til skrinne Fjell-/utmarksbeite. Eg skal i dag snakke om det som er midt i mellom: Innmarksbeite (kulturbeite på folkemunne). Pr. definisjon er eit innmarksbeite "Jordbruksareal som kan brukast til beite, men som ikkje kan haustast maskinelt." Eller meir tabloid: "Innmarksbeite er beiteareal med veltefare på traktor…" Hjå oss er dyrka mark ofte minimumsfaktoren. Difor ser me den flate dyrkamarka som vintermat, medan det kuperte terrenget er sommarmat. Det betyr at uttrykk som "pussing av beite med beitepussar" er ukjent for meg.

Illustrasjonsbilde

Dette med stell av kupert terreng for best mogleg produktivitet som beite er ikkje noko nytt: Høyr berre kvar Einar Aas skriv i boka "Husdyrlære" frå 1939:

Avisutklipp

Status i på innmarksbeitene i Rogaland

Forsøksringane, som etter kvart vart NLR, har saman med Rogalandsbonden hatt eit stort fokus på desse areala dei siste 30 åra. Det har mellom anna vert målt avling i ulike beiter, gjort gjødslingsforsøk i beiter, vert utført helikopterkalking kvart 2. år osv. Resultatet av dette arbeidet er at me har 480 000 daa innmarksbeite. Enkelte har seksdobla avlinga på beitet sitt. Snittavlinga på beitene i Dalane er til dømes 600 FEm/daa (netto). (Dette svarer til 3 rundballar /daa). Det skal tas med at staten meiner me her ei snittavling på 540 FEm/daa når me skal søke om avlingsskadeerstatning som ei samanlikning. Dei beste har ei avling heilt opp mot 1 000 FEm/daa. Ein må òg ta med at innmarksbeitene er om lag like tidlege om våren som dyrka mark. Dermed er det gode vårbeite, og lite behov for å bruke dyrka mark som vårbeite. Det er som sagt vintermat.

Og berre så det er avklart med det same:

Eg meiner ikkje at me skal dyrke opp all utmark til innmarksbeite. Kvar enkelt skal heller ikkje gyve på med 200 daa innmarksbeite. Men ein kan prøve seg med nokre få daa. Sjå korleis det oppfører seg, sjå korleis sauene liker det og ha det som eit supplement til dei eksisterande vårbeitene/dyrka marka.

Kulturbeite

Produktivt kulturbeite

Kva må til får å etablere eit godt innmarksbeite?

Tru det eller ei, men produktive og smaklege grasarter som me ønsker i beitet har akkurat dei same preferansane som produktive og smaklege grasartar på fulldyrka jord. Dermed vil mykje av det neste eg skal seie vere som repetisjon å rekne.
Dei treng:

  • Lys og varme
  • Rett pH (5,86,5)
  • Næring
  • Passe jordfuktigheit

Etter at dette er på plass, kan det  vere aktuelt å tilføre frø av ønska beitegras. Mange gonger er det ikkje naudsynt, då ønska beitegras ofte vil spire frå den naturlege frøbanken i jorda når forholda ligg til rette.

Lys og varme

Kjelda til lys og varme er som kjent sola. Dermed vil fjerning av skog og kratt, altså det som måtte skygge for beitegraset, vere det korrekte tiltaket for å gi lys og varme heilt med til bakken og dermed beitegraset. Korleis du fjernar  skog og kratt er hoppande likegyldig. Det viktigaste er at det vert fjerna.

Dersom du ryddar mykje beite på ei gong, kan det vere aktuelt å stubbebehandle trestammane så dei ikkje veks opp att før du har etablert eit beitepress som held det i sjakk. Då er det viktig å behandle kort tid etter hogging. Det er òg viktig å behandle der væsketransporten går; mellom barken og veden. På våren, når sevja stig, er det ikkje noko poeng i å stubbebehandle trea. Då går væsketransporten oppover, og glyfosaten vil ikkje trekke ned i røtene.

Blandingsforhold ved stubbebehandling:

  • 1 del frostvæske
  • 1 del glyfosat / Rondup
  • 3 deler vatn
  • Evt litt farge.

Hugs at ugras òg gir skugge for produksjonsgras!

Rett pH

Når ein snakkar om rett pH, så snakkar ein om kalking. Med andre ord er det nytting med jordprøve på beite for å kartlegge status. Poenget med å kalke er å legge til rette for at graset skal kunne ta opp den næringa me tilfører. Dersom pH til dømes er 4,8, vil både fosfor, nitrogen, kalium, svovel og dei andre næringsstoffa vere veldig tungt tilgjengelege for grasplanta. I tillegg til graset, så er dyra veldig glad i kløver på beitet. Kløveren liker endå litt høgare pH enn graset.

Når ein kalker i innmarksbeite snakkar vi om overflatekalking. Dette kan gjerast heile året. Men det er likevel nokre fallgruver ein skal passe seg  for. Den viktigaste er fallgruva "den overivrige bonde". Med dette meiner eg at ein ikkje må overdrive kalkinga. Som kjent er kalk oppmalt stein. Når ein legg oppmalt stein oppå overflata, tek det lang tid før dette sig ned og får heva pH nedover i jordskiktet. Derfor; om du skulle kalke til dømes 1 000 kg/daa på overflata, vil du i praksis kalke opp dei øverste to centimetrane til ein alt for høg pH. Dermed er det andre næringsstoff som vert tungt tilgjengelege for grasplanta. Det er fleire sauebønder som har kalka seg til koboltmangel på lamme ved å vere for ivrige. Vanlegvis er det passeleg å kalke 300-400 kg/daa annakvart år i ein oppkalkingsfase. Det kan òg vere ein idè å gi ekstra mineraltilskot i ein oppkalkingsfase.

Poenget er altså å få opp pH i jorda. Korleis dette vert gjort reint praktisk er likegyldig. Ein kan bruke kalk eller skjelsand, og ein kan bruke kalkvogn, 3-punkts montert kalkspredar, kalk i husdyrgjødsel, helikopterkalking, manuell kalking (snøskuffe frå tilhengar) osv.

Tilførsel av næring

På same måte som graset på fulldyrka jord, får du best vekst i beitegraset om du tilfører næring. Kor denne næringa kjem frå er underordna. Praktiske erfaringar viser likevel at husdyrgjødsel inneheld ein x-faktor framfor anna gjødsel. Men for å bruke husdyrgjødsel på innmarksbeite, må det lokale landbrukskontoret godkjenne arealet som spredeareal. Eventuelt må det vere på plass ein godkjent oppgjødslingsplan. Det er òg viktig å få på husdyrgjødsla 14 dagar før dyra skal ut, slik at UV-strålene frå sola får tatt knekken på ein del "utøy" som følger med husdyrgjødsla. Dersom arealet ikkje er godkjent som spredeareal, vil ein likevel kunne få ein del av den same effekten ved bruk av HELgjødsel. Dette er tørka og pelletert hønsegjødsel som er tilsett ekstra nitrogen og kalium. Dermed er det definert som mineralgjødsel og kan brukast utan at arealet er godkjent som spredeareal. Denne kan òg fås med ekstra kobolt og selen som blir tatt opp via beitegraset og den vegen tilført til dyra. Elles er òg ordinær mineralgjødsel eit godt alternativ.

Ein skal vere obs på at nyrydda beiteareal ofte har svært lave fosforverdiar, og med fordel kan gjødslast med fosforholdig gjødsel, spesielt dei fyrste åra. Følg med på jordprøvane!

Utover i sesongen er tommelfinger-regelen 1 kg nitrogen pr daa pr veke. Altså 4 kg kvar månad eller 5-6 kg kvar 5-6 veke. Men som med alt anna innan sauehold, så er fasiten kva me ser med augo. Dette er alltid eit samspel mellom varme, grasvekst og beitetrykk mm. Dersom graset skyt, vil det verte vraka av beitedyra, og du mister beiteavling. Dersom det vert for snaugnage, vil det vere krevjande å få tilfredsstillande høgde på beitegraset att. Dermed er gjødsling av beiter ein vanskelegare kunst enn gjødsling av slåttemark.

For å få køyrt ut næring i beitene, kan det vere aktuelt å bygge ein del vegnett i beitene. Dette er spesielt aktuelt dersom ein skal bruke husdyrgjødsel. Men ein skal heller ikkje kimse av å ha med seg ei bøtte bak kunstgjødselspreiaren for å gjødsle dei vanskelegast tilgjengelege områda.

Isåing

Når Lys, pH og næring er på plass, kan ein tekne på å endre artssamansetninga i beitet ved å tilføre frø. I land som Irland, Skottland, New Zealand og andre beitenasjonar held dei fram beitevariantar av raigras som det beste alternativet. Dette er heilt andre artar enn raigras til slått. Dei veks seinare, er lågare, meir smaklege mellom anna. Men vinterherdigheten er nok den same som for "vanleg" raigras. Beiteguru frå New Zealand, Trevor Cook, har uttalt "Beiteraigraset kom til New Zealand med europearane. Det var det beste Europearane tilførte landet." Om ein ikkje ønsker beiteraigras, er ulike arter av rapp det som sauen føretrekker. Det er òg eit gras som gir god avling. Kløver er òg ein god vekst i beite. Den fikserer nitrogen sjølv, den inneheld meir protein enn gras (betre vom-funksjon), inneheld stivelse og noko meir mineral enn gras. Då kan ein redusere gjødslinga ein heil del. Dersom ein har god pH, og fått etablert godt med kløver, kan det i menge tilfelle vere nok å gjødsle beitene ei gong på våren. Men det igjen kjem ann på beitetrykk og alle dei andre faktorane me har vert innom.

Ein anna modell er å gjødsle opp ein del av arealet til innmarksbeite. Dermed kan dyra sjølv variere mellom innmarks- og utmarksvegetasjon. For at dette skal fungere optimalt, er det viktig med kort avstand mellom vegetasjonstypane.

Overvintring

Kjapt litt om overvintring: Dess lenger du beiter sauene utover vinteren, dess meir nedgnagd vert grasplantene, dess mindre energi får graset med seg i "vintermatpakka", og dess tregare kjem beitene til våren.

Bruk auga

Eg har nå vert innom ein del teori. Alle her veit at praksis er viktigare enn teori. Bodskapet er: Bruk auga, sjå og lær. Dersom det er mykje rapp og kløver i beitet, så gjer du sannsynlegvis noko rett. Dette er dei grasa som har det strengaste kravet til pH og næring. Er det lite av desse, så er det sannsynlegvis noko som kan gjerast på ein anna måte.

Kor beiter sauen? Dersom du ikkje er flink til å skilje grasartane, så er sauen det. Dersom det er areal på beitet som han ikkje beiter, så er det truleg ein grunn til det. "Det har alltid vert slik" er ikkje ein god nok grunn. Der sauen er minst ivrig, er truleg den beste plassen å sette inn tiltak: kalking? Gjødsel? Drenering?

Kva produserer eit godt innmarksbeite?

Målingar i Dalane viser følgande gjennomsnittsproduksjon på beitet gjennom sesongen:

Periode

Produsert mengde:

Frå våren til starten av juni:

3,6 FEm/daa/dag

Juli – juli :

5,0 fem/daa/dag

Juli-aug:

4,6 FEm/daa/dag

Aug-sept:

3,2 Fem/daa/dag

Sept-okt:

1,6 Fem/daa/dag


Behovet til ein NKS-sau med to lam er om lag 3,5 FEm/dag. Etter kvart vil lamma òg trenge noko mat. Dermed kan ein i teorien halde mat til ein tvillingsau/daa NETTOAREAL fram til St. hans. Men hugs korleis rangordninga i saueflokken er: Sau er høgare i rang enn lam. Dermed vil lamma lide dersom det vert for lite mat på beitet, ikkje sauen.

Etter St. hans er sjølv dei tregaste fjellbeita klare for bruk. Dermed får ein redusert beitepresset på innmarksbeitene når produktiviteten snur. Men det er mogleg å ha noko dyr att heime. Tidleg slakt? Gamle søyer som er dårleg egna til fjellbeite?

Legg òg merke til at produksjonen taper seg veldig etter august.

Ein skal òg vere klar over snyltarproblematikken som kan følgje med eit så høgt beitepress. Sambeiting med ku er eit veldig godt tiltak for å redusere denne problematikken man samstundes utnytte arealet maksimalt.

Til slutt ei lita historie om kva sauen vår er i stand til på godt og snyltarfritt beite:

5 sauer (NKS, indeks 107) som lamma 16.-22. apr vart slept på godt innmarksbeite i lag med kyr i overgangen april mai. Alle gjekk med tre lam. 20. august var gjennomsnittsvekta på desse lamma 55 kg. Dette er potensialet i gode og snyltarfrie beiter! Lukke til med beitedrifta!