Slaktegrisprodusent – unngå trekk!

(12.11.18) Driv du slaktegrisproduksjon? Registrer deg i helsegris for slaktegrisprodusentar og unngå trekk på kr. 0,50 pr. kg etter 1. januar 2019.

Nå er det viktig for alle som driv med rein slaktegrisproduksjon å få godkjent helsegris for slaktegris. Hvis ikkje blir det eit trekk på kr 0,50 pr. kg for leverte slaktegris. Dette er eit bransjevedtak som gjeld for alle som leverer slaktegris.

Helsegris må være godkjent før nyttår fordi ordninga trer i kraft 1.1. 2019.

Ein del slaktegrisprodusentar har alt fått godkjent helsegris, men det er mange som ikkje ennå har registrert seg og kome i gang med prosessen.

For kombinertprodusentar er systemet ennå ikkje heilt klart. For dei vil dette trekket først bli innført 1.7.2019. 

Korleis går du fram?

Først må du logge deg inn på animalia.no/helsegris. På denne sida finn ein brukarmanual som viser framgangsmåte. Her finn ein òg Animalia sine personar som driv brukarstøtte for helsegrisordninga.

Logg deg inn på helsegris. Her bruker du produsentnummer og same passord som du bruker ved søknad om produksjonstillegg.

Når du logger inn første gong må du godta vilkår og oppdatere kontaktinformasjonen.

Når du er innlogga blir første oppgåve å registrere dyrehald. Når dette er gjort, går du vidare til avtalar. Her søker du opp besetninga sin veterinær. Finn du ikkje din veterinær i søkefeltet, må du kontakte denne for å høyre om han har registrert seg i Helsegris. 

Gå vidare og lag ein helseplan for besetninga. Her er ein del spørsmål som du skal svare på. Når du er ferdig med helseplanen, er det viktig å klikke på «godkjent» for at planen skal bli aktiv. 

Dyrehald og helseplan lager du bare første gong du registrerer deg på Helsegris. Blir det endring i dyrehald eller helseplanen, må du oppdatere dette. Er det ikkje endringar, vil dyrehald og helseplan gjelde også ved neste godkjenning. 

Når du har gjort dette, tek du kontakt med veterinæren for å avtale besøk med gjennomgang av besetninga. Veterinæren skal så lage ein besetningsjournal som du får tilsendt gjennom Helsegris. Les gjennom denne og godkjenn den ved å klikke "godkjenn journal".  

Då vil du få opp dette bilete under «status» og du har godkjent helsegris for slaktegris. 

Bilde - godkjent

Helsegris er godkjent for eit år. Du vil få e-post frå Animalia i god tid før godkjenninga går ut. Ta då kontakt med veterinæren for å få ny besetningsjournal.

Illustrasjon
Steg for steg: Slik får du godkjent helsegris.

Tida er knapp til nyttår. Veterinærane skal òg ha tid til å besøke og godkjenne alle produsentane som ikkje har dette i orden.

Vår oppfordring er – Gå i gang og få dette gjort i dag!

Trenger du hjelp kan du ringe direkte til Animalia eller til din egen Helsegrisveterinær, eller du kan få hjelp av en av våre veterinærer på gris.