Ein god start er nøkkelen for å lykkast!

(03.07.24) Det er mange flinke Nortura-sauebønder som leverer topp kvalitetslam. Det syner slaktestatistikken. Det er alltid interessant å sjå kva som ligg bak gode resultat. Denne gongen fekk vi lyst til å reise til fjellbygda Oppdal. Der bur sauebonden Martin Hindseth. Han er 32 år og vart sauebonde i 2020.

Martin og Ingar på trappa til det fine og nyrestaurerte våningshuset frå 1860. Her er det historisk sus i veggane. Foto: Finn Avdem

Martin og Ingar på trappa til det fine og nyrestaurerte våningshuset frå 1860. Her er det historisk sus i veggane. Foto: Finn Avdem

Martin har alt greidd å sikre seg to ROS tallerkenar i 2022 og 2023 som premiering for god slaktekvalitet. Sauekontrollen viser også veldig gode resultat på andre område. I 2023 leverte han 1,9 slaktelam pr søye og av 496 slaktelam var 327 levert i løpet av september. Snitt slaktealder på lam var 145 dagar. Kva ligg bak slike resultat?

Martin har alt greidd å sikre seg to ROS tallerkenar i 2022 og 2023​​​​​​

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura og Agnete Lien Aunsmo, rådgjevar småfe i Nortura

I slutten av mai tok difor to Nortura-rådgjevarar turen til Midtbygda i Oppdal, til grenda Vognild og garden Dørumsløkken. Her står Martin på trappa og ynskjer oss velkomen. Han bur i eit ærverdig lafta våningshus frå 1860 saman med sambuar Emma Boustedt. Her er det historisk sus i veggane, noko som vitnar om at folka som bur her har sansen for å ta vare på det gamle når dei restaurerer og pussar opp.

Gode inn- og utmaksbeite

Vi må fyrst rundt å sjå på sauen som går på ulike vårbeite. Garden ligg på 690 m.o.h og han disponerer rundt 400 mål dyrkamark som ligg frå 450-800 m.o.h. Dette produserer beite- og vinterfôr til ca 280 Norsk kvit søyer og ca 20 ammekyr i tillegg til noko fôrsal. Minst halvparten av arealet blir vårbeita.

- Kraftfôr og grovfôr kan ikkje erstatte eit godt vårbeite til søyer med lam, meiner Martin. Rikeleg med vårbeite er difor avgjerande for eit godt resultat. Eg har nokre tidlege, bratte vårbeite ned mot elva Driva, det er gull verdt for meg!

Vi ser med sjølvsyn at her har søyene nok mat! Når det er tidleg vår, som i år, er søyene inne maks ei veke etter lamming før dei er ute på vårbeite. Enga blir fornya kvart sjuande år. Skal ein ha smakeleg godt gras til beite og vinterfôr, må ein ha skikkeleg system på fornying av enga.

Både gode vårbeite og utmarksbeite er viktige ressursar å ha når ein skal produsere kvalitetslam. Foto: Agnete Lien Aunsmo
Både gode vårbeite og utmarksbeite er viktige ressursar å ha når ein skal produsere kvalitetslam. Foto: Agnete Lien Aunsmo

På bildet ser vi starten på utmarksbeitet Skaret, eit godt og variert utmarksbeite med både skog og snaufjell. Det er ein viktig ressurs å ha for den som skal produsere kvalitetslam. Det er fire medlemmer i Skaret beitelag som samarbeider godt om både tilsyn og sanking. Fyrste helga i september er det full mobilisering av familie og vener til sauesank, får vi høyre.

Fjøs og lønsam kopplam-produksjon

- Vil de bli med å sjå på kopplamma? spør Martin.

De vil vi jo gjerne! Ei runde i fjøset høyrer med når ein er på tur. Han viser veg inn i eit ljost og triveleg sauefjøs. Det eldste delen er bygd i 1927, men restaurert i 1987 av far til Martin, Ingar. Da vart det også bygd silo. I 2003 bygde Ingar på fjøset som har fleire langsgåande fôrbrett. Det er enkel mekanisering av fôringa med grabb, rundballerivar og trillebåre.

Fjøset er lyst og triveleg med fleire langsgåande fôrbrett. Foto: Finn Avdem
Fjøset er lyst og triveleg med fleire langsgåande fôrbrett. Foto: Finn Avdem

- Det fungerer fint, seier Martin.

Samstundes som ein fôrar, gjer ein også tilsyn med søyene. Kanskje er det ei søye som treng ekstra fôring for å kome opp i hold, eller kanskje appetitten ikkje er heilt på topp?

Så var det kopplamma. Martin er nemleg storprodusent av kopplam levert tidleg i slaktesesongen. Ingen søyer får gå med tre lam, men alle vaksne søyer skal helst gå med to. Dei driv difor aktivt med adopsjon når ei søye lammar eit lam. Med 2,3 levandefødte lam pr para søye, blir det likevel mange overskotslam. Sauekontrollen viser at Martin slakta 97 kopplam i 2023 med medel klasse U- og medel slaktevekt 19 kg. Dei aller fleste vart levert med fyrste og andre levering 1. og 15. september. Tapet var på berre 4 lam.

Martin har difor godt tak på denne produksjonen også. Her er oppskrifta hans på kopplam-oppfôring:

  1. La alle lam få godt med råmjølk, helst frå mor, i minimum eit døgn. Her har Martin som rutine å mjølke søya og gje alle lam, ikkje berre kopplamma, ei dose med råmjølk ved hjelp av ei lita sprøyte.
  2. Plukk ut det minste eller største lammet i kullet som kopplam, evt at søya går med to lam av same kjønn om alle lamma er jamne.
  3. Ha ein tilvenningsbinge i kopplambingen for alle lam som ikkje har lært seg å bruke smokken. Ha minst to grupper med lam og sorter etter storleik. I bingane skal det i tillegg vera tilgang på kraftfôr, fint høy og reint vatn. Kopplambingen har flisstrødd tett golv.
  4. Lamma blir tatt frå mjølkeerstatninga når lamma er ca 18 kg tunge og ca 4-5 veker gamle
  5. Etter avvenning får lamma ei vekes overgangsfôring med både ferskt gras, høy og kraftfôr før dei blir sleppt på raigras- og grasbeite saman med kraftfôr - automaten. Kopplamma får nytt beite andre kvart år på grunn av parasittar. La det gjerne vera litt avstand frå kraftfôrautomaten og raigrasbeitet. Det aukar beitinga og reduserer kraftfôrforbruket.
  6. Det er også viktig med god og tilrettelagt snyltarbehandling gjennom sommaren.
  7. Kopplamma blir stort sett slakta i fyrste halvdelen av september ved ca 43-44 kg levandevekt.

- Blir det penger av dette da? spør vi.

- Det tør eg ikkje rekne på, smiler Martin.

Det må sjekkast meiner vi to Nortura-rådgjevarane. Kopplamma er jo ein betydeleg del av produksjonen. Da må vi inn på kaffi og Martin finn fram PC og rekneskap og leitar fram utgifter til mjølkeerstatning og lammekraftfôr for fjoråret. Frå Sauekontrollen hentar vi fram slakteresultat, netto avrekningspris, ullmengde og klasse for alle lam med oppvekstkode kopplam. Så legg vi på tilleggsytingane og alle tilskot frå staten og kjem fram til dette resultatet:

Slakteoppgjer inkludert tilleggsytingar kr 140 908
Kvalitets-, grunn-, distrikts-, beitetilskot kr 84 901
Ulloppgjer inkludert ulltilskot kr 4 017
Sum inntekter: kr 229 982
Kraftfôr (83 kg pr lam) kr 48 900
Mjølkeerstatning (15,6 kg pr lam) kr 59 250
Diverse kr 4 000
Sum utgifter: kr 112 450
Til arbeid, grovfôr, beite og avskriving av automat kr 117 532
Pr lam: kr 1 224

- Dette var interessant, seier Martin. Det betyr jo at det går an å tene pengar på kopplamma også. Den viktigaste grunnen til at eg gjer dette, er jo å få betre resultat på lamma som går med søya. Eg meiner det blir mindre tap på utmark og lamma blir jamnare når søyene berre går med to lam.

Medan vi sit rundt kaffibordet, kjem far Ingar også på besøk. Det var han som kjøpte garden i si tid som 18 åring. Han er ein aktiv kårkall og sprek pensjonist, men når ein vart bonde så ung, var det godt å sleppe ansvaret når Martin ynskte å ta over. I tillegg til å vera dreng på Dørumsløkken, er han også lammeringleiar i Midtbygda lammering. Det er ikkje vanskeleg å sjå at desse to karane jobbar godt ilag. I lamminga delte dei på nattevakta, slik at alle fekk seg litt søvn. Mor Anna deltek også aktivt i lamminga. Martin seier at han kom til dekka bord, både når det gjeld fjøs og gode dyr.

Når vi har både den gamle og den nye bonden på plass, må vi spørje meir om kva som må til for å få gode resultat.

Andre gode råd for produksjon av kvalitetslam

– Kva er målet for grovfôrproduksjonen?

- Fyrsteslåtten haustar vi rundt byrjande skyting. Målet er at grovfôret skal dekke fôrtrongen til dei vaksne søyene heilt fram til ca 6 veker før lamming. Det vårbeita arealet blir delgjødsla tidleg for å få i gang veksten. Det blir hausta ein gong som bør vera ca 4 veker før sanking. Håbeitet må ikkje vera for langt når sluttfôringslamma blir sleppt på. Håbeita må også gjødslast skal det bli proteinrikt, godt beitegras.

- Korleis plukkar de ut og fôrar påsettlamma?

- Potensielle påsettlam plukkar vi ut alt om våren. Det er oftast lam frå jamne tvillingkull etter søyer som går i dei beste utmarksbeiteområda. Påsettlamma får jamn fôring heile innefôringsperioden fram til lamming, ca 0,4 kg kraftfôr og appetittfôring med godt grovfôr.

- Kva plukkslaktingsstrategi har de?

- Etter hovudsanken sorterer vi søyer og lam. Lamma blir i sortert i 4 puljar: påsettlam, lam under 36 kg, lam 36 til 47 kg og lam over 47 kg. Dei lettaste lamma får med seg kraftfôrautomaten ut på eige beite. Lam over 47 kg blir som regel sendt til slakt, medan lam 36-47 kg blir sluttfôra på gode håbeite. Sortering ved sanking gjer det enklare å melde inn rett tal lam, og vi treng ikkje gå gjennom heile lammeflokken kvar gong vi skal plukkslakte.

- Gode resultat krev også godt avlsmateriale?

- Her vil vi gje vereringen i Oppdal mykje av æra. Vi kjøper inn nye avkomsgranska verar frå dei kvart år. Det er mange bruksbesetningar som vil kjøpe verar. Oppdal er jo ein stor sauekommune. Vi må difor ta det vi får, men vi er veldig godt fornøgd med verane vi får frå Oppdalsringen. Dei er flinke!

Framtidsplanar og økonomi med sau

- Har de noko utbyggingsplanar i den næraste framtida?

- Eg skulle gjerne bygd eit nytt fjøs til ammekyrne, seier Martin. Rundbogehallen dei har nå passar godt til ekstra lammingsareal. Nå må vi bruke låven, og det er tungvint. Vi må også leige fjøs til ungdyra.

- Korleis synes du økonomien er med å drive med sau?

- Eg synes det slettes ikkje er så verst, seier Martin. Eg driv både med ammekyr, sau og snøbrøyting. Av det eg driv med, er det sauen som betaler best! Eg har sjølvsagt eit nøkternt, men funksjonelt fjøs. Det er også viktig for å ha grei økonomi.

Plutseleg ser vi at klokka har gått frå oss. Tida går fort når ein pratar om sau. Sauebønder har som kjent også anna å drive med enn å snakka med Nortura-rådgjevarar ein dag i mai. Til slutt må vi likevel spørje Martin og Ingar om kva som er det aller viktigaste for å produsere gode slaktelam. Etter ei lita tenkje-pause kjem svaret: Ein god start for lamma, både inne og ute, er det aller viktigaste.

I år har det vore ein kjempestart, med rekordtidleg vår og tidleg beiteslepp. Held dette fram, er det berre å gle seg til hausten!