Leveringsvilkår for småfe 2025
(Oppdatert 30.06.25) Nortura har dette året gjort minimale endringer i leveringsvilkårene. Ekstra Gourmetlam-tillegg i ukene 34-38 er videreført også denne sesongen. Trekk for skinn i retur er justert i forhold til kostnadsøkning for å håndtere returskinn.

Fullstendige leveringsvilkår for småfe 2. halvår 2025 finner du i informasjonsheftet på side 3, eller på Min Side.
Utnytt leveringsvilkåra og få betre pris
Nortura-sauebøndene fekk i 2024 utbetalt i middel kr 10,20 pr kg lammeslakt i form av ulike tilleggs ytingar. Dette er betaling frå fellesskapet for god kvalitet, marknadstilpassing og sparte kostnader, og ein bonus for levering over eit visst kvantum sau- og lammeslakt til Nortura.
Det er difor viktig å setje seg inn i leveringsvilkåra (s. 3, lenke pdf.) og tenkje igjennom korleis ein kan ta ut høgast mogleg pris.
Her er eit eksempel på korleis du kan plusse på avrekningsprisen over ved å utnytte leveringsvilkåra. Vi føreset slaktevekt som i 2024 i Nortura (18,7 kg), levert i Gourmetlam-perioden i ei pulje på minst 15 dyr, og at garden leverer minst 1000 kg saue- og lammeslakt til Nortura.
- Puljetillegg: kr 0,75-3,50 pr kg
- Tillegg Stjernelam: kr 2,50 pr kg
- Tillegg Gourmetlam: kr 3,00-5,50 pr kg
- Kvantumstillegg min. 1000 kg slakt: kr 0,40-1,70 pr kg
- Lammeringstillegg (kr 15 pr dyr): kr 0,80 pr kg
- Støtte elektroniske øyremerke (kr 12 pr dyr): 0,64 pr kg
- Sum: kr 8,09-14,64 pr kg lam
Dersom ein utnyttar leveringsvilkåra maksimalt og prisprognosen blir ein realitet, så vil eit R lam slakta i veke 35 betale seg med kr 87,90 pr kg (inkludert grunntilskot). I tillegg kjem andre pristilskotet frå staten. Ein kan unngå stoppsats på kr 250,- dersom ein samlastar med ein eller fleire naboar.