Lammesesongen 2024 – Alt klart for ny slaktesesong

(03.07.24) Når ein skal i gang med ein ny slaktesesong på sau og lam, er det alltid lurt å sjå attende på korleis det gjekk i fjor, og gjera tilpassingar slik at sesongen kan fungere enda betre dette året. Lammesesongen i Nortura er ein kjempestor logistikkoperasjon der alt skal gli godt, frå bonde til butikk.

Foto: Linn Hege Engen

Dei store salsvekene i haustsesongen er i vekene 35 - 40 (26. august - 6. oktober). I 2021 vart 58 % av Norturalamma slakta i desse vekene. I dei to siste sesongane har denne andelen gått ned og var i 2023 nede i 52 %. Nortura greidde å levere rundt 80 % av bestillingane av lam i desse vekene i fjor. Det har vi som mål å få til betre i år.

Generelt var det veldig god slaktekvalitet på lamma. Over 90 % gjorde seg fortent til Stjernelam-tillegg og over 60 % fekk Gourmetlam-tillegg i vekene 27 til 52 i 2023. Det er veldig bra i ein beitesesong der både tørke og regn gjorde tilhøva lang frå optimale for beitedyra. Likevel er det ein trend at ein større andel av lamma ikkje greier vektkravet på 15 kg for å bli pinnekjøttråstoff. Pinnekjøtt er eit viktig produkt for å få god økonomi i skjering av lam.

Vi har i mange år hatt ei fin utvikling i salet av sau. Dette har gjort det mogleg å løfte prisen til sauebonden. I 2023 skjedde det ei markant endring. Salet av heil sau til industrikundane gjekk ned med heile 70 %. Dette førte til at det vart lagt inn sau på reguleringslager for fyrste gong på fleire år. Ved utgangen av mai er dette lageret stabilt på 480 tonn. Nedgang i slakting av lam og godt sal, gjorde at det vesle som kom inn på reguleringslager av lam, gjekk raskt ut.

Reguleringslageret er difor tomt, men Nortura har eit godt lager med stykkingsdelar av lam som forsyner marknaden fram mot ny slaktesesong. Vi har difor ein god marknadssituasjon på lam som gjer det mogleg å auke prisen til bonden.

Dette er noko av bakgrunnen for endringane som er gjort i prisar og leveringsvilkår før årets slaktesesong. Dette finn du meir om i årets lammesesonginformasjon.

Nortura har etter beste evne laga prognoser på slakting og skjering. Det er gjort avtaler med industri-, storhushaldnings- og daglegvarekundar på kva som er planlagt å levere av heile slakt- og stykkingsdelar gjennom sesongen. Svak krone, krig, auka levestandar og lønsnivå i Aust-Europa og høg levekostnad i Noreg, gjer det krevjande å finne kompetent sesongarbeidskraft som ynskjer å jobbe i Noreg. Dette har det difor vore jobba med heilt frå nyttår. Dei som jobbar med dette seier at Nortura endeleg har fått personalkabalen på plass, og småfefabrikkane står klare til å ta imot årets sau og lam.

Nå kryssar vi fingrane for ein god beitesesong, med passeleg nedbør og varme. Rådgjevarane i Nortura melder om ein fin vår og rekordtidleg beiteslepp over heile landet. Ein god start er alltid viktig for ein vellykka slaktesesong med ein stor andel slaktemogne lam rett frå utmarksbeite. Det lovar bra!

Lykke til med Lammesesongen 2024 i samarbeid med Nortura!

Sign.

Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura

 

Informasjonsheftet «Lammesesongen 2024»

Lammesesongen 2024 - informasjonshefte (7 MB)Informasjonsheftet i pdf. (7 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen.

Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.