Vektgrenser som betyr mykje for prisen

(30.06.25) Nokre vektgrenser fører til store prishopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar.

Barn med sau og lam over bru Foto: Kari Mørkve Jordalen

Nortura hadde før nyttår ein gjennomgang av kva vektkrav det er på lam som skal brukast til ulike produkt.

Det er for eksempel ulike vektkrav til lam som skal brukast til pinnekjøtt og lammesteik. Dette må ein ta omsyn til når ein skal sette rett engrospris til kundane som kjøper heile slakt. Det er også større slaktekostnader pr kg når ein slaktar lette lam mot tyngre lam. Dette må ein ta omsyn til når ein bereknar rett avrekningspris til bonden.

Det er også vektkrav i tillegg klasse og feitt-krav for å få Stjerne- og Gourmetlam-tillegg i Nortura.

Staten har også vektkrav for utbetaling av grunntilskot. Nedanfor finn du dei viktigaste vektgrensene og kva som skjer med pris, tilleggsytingar og tilskot når du passerer vektgrensa:

Vektgrense Endring i pris, tilleggsytingar slakt lam og tilskot
9,1 kg + kr 8 pr kg pga lågare slaktekostnader
11,1 kg + kr 12,5 pr kg pga høgare engrospris og lågare slaktekostnader
13,0 kg + kr 5,60 til kr 6,60 pr kg fordi lammet får utbetalt grunntilskot
15,1 kg + kr 5,1 pr kg på grunn av lågare slaktekostnader og høgare engrospris og + kr 2,50 pr kg i Stjernelam-tillegg dersom feitt- og klassekrav er oppfylte
16,1 kg + kr 3–5,50 i Gourmetlam-tillegg dersom feitt-, dato- og klassekrav er oppfylte
18,1 kg + kr 1,20 pga høgare engrospris og lågare slaktekostnader

Frå nyttår 2026 bestemte avtalepartane i årets jordbruksoppgjer at det også skal vera vektkrav for å kvalitetstilskot på lam. I tillegg til klasse O+ eller betre er det også krav om 11 kg slaktevekt for å få kr 334 i kvalitetstilskot og 15 kg slaktevekt for å få kr 714 i kvalitetstilskot.

For å berekne kva levandevekt lamma må ha for å oppnå desse slaktevektene, må ein ta slaktevekta og dividere på sannsynleg slakteprosent. På ordinære lam ligg slakte prosenten ofte rundt 42. For lam av lette raser med noko mindre kjøttfylde, ligg slakteprosenten ofte rund 37. Lite fôr i vomma og god kjøttfylde gjev høg slakteprosent.

 

Reduser risikoen for vêrsmak og -lukt

Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Årsaka til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.

Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.