Vektgrenser som betyr mykje for prisen

(03.07.24) Nokre vektgrenser fører til store prishopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar.

Lammesanking i skogen på høsten. Foto: Linn Hege Engen

Viktige slaktevektgrenser som fører til prishopp

Slaktevektgrense Verknad på pris
13,1 kg + kr 6,00 pga ny vektgruppe på pris- lista og endra slaktekostnad.
+ kr 3,80 til 4,80 pga at berre lam med 13 kg slaktevekt og tyngre får utbetalt grunntilskot (kr 5,60-6,60 i 2025)
15,1 kg + kr 2,50 pga Stjernelam-tillegg om feitt- og klassekrava også er oppfylte
16,1 kg + kr 3,00 pga Gourmetlam-tillegg om feitt, klasse og datokrav er oppfylte
+ kr 4,50 pga ny vektgruppe på prislista og endra slaktekostnad. Nokre vektgrenser fører til store prishopp. 

Kva levandevekt lammet bør ha for å oppnå desse slaktevektene, kjem an på slakteprosenten (% slaktevekt av levandevekt). Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Godt kjøttsette lam av tunge raser har høgare slakteprosent enn lam frå lettare raser
  • Tunge lam som har hatt god tilvekst har høgare slakteprosent enn lette lam som har hatt låg tilvekst
  • Lam vege i eit sankegjerde med lite beitegras i vomma, har høgare slakteprosent enn lam som går på eit godt haustbeite der vomma er full av beitegras
  • Lam vege om morgonen før beiting har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden

Nedanfor har vi laga ein hjelpetabell for å vurdere kva levandevekt som skal til for å koma over desse viktige vektgrensene.

Hjelpetabell for å vurdere levandevekt for å greie viktige slaktevektgrenser

  Norsk kvit sauslakteprosent Spælsau slakteprosent
  Rett frå sankekve
45,0 %
Håbeite
42,0 %
Rett frå sankekve
42,0 %
Håbeite
39,0 %
Slaktevekt, kg Levande-
vekt, kg
Levande-
vekt, kg
Levande-
vekt, kg
Levande-
vekt, kg
13,1 29,1 31,2 31,2 33,6
15,1 33,6 36,0 36,0 38,7
16,1 35,8 38,3 38,3 41,3

Klasse O+ gjev også eit stort prishopp. Dette er kravet for å få kvalitetstilskot lammeslakt på kr 545 pr lam frå staten (kr 555 frå 1.1. 2025). Medel slaktevekt for eit O+ lam låg mellom 13 kg og 14 kg i 2023. Lette raser krev høgare vekt for å oppnå klasse O+ enn tyngre, meir kjøttfulle raser.

 

Puljetillegget blir nå utbetalt pr kg

Frå 1/7 endrar Nortura måten puljetillegget blir utbetalt på. Grunnlaget er framleis kor mange dyr som blir levert i ei pulje, men utbetalinga blir pr kg slaktevekt (sjå leveringsvilkår s. 3).

Bakgrunnen for denne endringa er at effektiviteten i inntransporten blir målt i kg slakt pr km. Det blir derfor betre samanheng mellom inntransportkostnad og puljetillegg når puljetillegget blir utbetalt pr kg slakt. Nortura styrkar også tilleggsytingane sine med ca 4,3 millionar med denne omlegginga.

Vi håpar dette skal motivere enda fleire til å samarbeide om innmelding og levering av dyr i ein lammering, året rundt!

Når tal slaktedyr går ned utanom sesong, så blir det også meir lønsamt med samarbeid mellom lammeringane for å fylle ein bil. Vi håpar dette blir ei god investering for fellesskapet i Nortura for å få til ein enda meir effektiv inntransport.

 

Reduser risikoen for vêrsmak og -lukt

Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Årsaka til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.

Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.