Avslutning av småfeslakting – siste innmeldingsfrist 18. november

(31.10.25) Tru det eller ei; vi byrjar å nærme oss slutten på slaktesesongen 2025. Ein stor del av dei som jobbar på slakteria med slakting og skjering av sau og lam, er sesongarbeidarar som skal heim i god tid før jul.

Hugs å melde inn lamma seinast 18. november før kl. 08:00 om du vil ha slakting før jul seier Finn Avdem

Nortura har difor som mål å avslutte småfeslaktinga i veke 48, det vil seie siste veka i november.

Alt av småfe som skal slaktast i 2025 må difor vera innmeldt seinast tysdag 18. november kl. 08.00, slik vi informerte om i årets Lammesesonghefte.

Det er difor viktig å planlegge sluttfôringa godt, slik at alle lam som er planlagt slakta dette året, er klare til veke 48, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.