Flott slaktekvalitet og flott slaktekvalitet på lam
(12.09.25) Fyrste veka i september er inne i slaktestatistikken. I veke 36 slakta Nortura 37 400 lam med medel slaktevekt 20,7, heile 0,6 kg over tilsvarande veke i fjor.

Medel klasse R+ (8,8) og medel feittgruppe 2/2+ (5,4).
Stjernelam-andelen ligg på 95,3 %, og Gourmetandelen på heile 82,9 %, noko som er 5 % over det den var i veke 36 i fjor. Det er difor flott slaktekvalitet på lamma som kjem til Nortura-slakteria nå.
Nortura kom tidlegare i gang med skjæring av lam denne sesongen enn i fjor, og ligg difor godt an med å levere årets lam til ulike kundar. Det er vekst i salet til både i industri- og daglegvarekundar.
Dei store salsvekene kjem nå. Vi er difor spente på tilførslar og sal framover.
I neste veke, veke 38 (15. - 21. september) er det innmeldt vel 55 000 lam og 1 500 sau. Etterspørselen etter lam er framleis høg og tilførslane dekker berre 62 % av bestillingane. Det er difor liten tvil om at det marknad for fleire lam nå. Når det gjeld sau, er det framleis litt overdekning. Her må vi difor stå på for å auke salet. Nortura PROFF, som leverer varer til storhushaldningskundane, jobbar med utvikling av ein del spanande produkt av både ung sau og sau. Vi håpar desse vil slå an!
Fyrst og fremst gler vi oss over godt sal av lam. Det betyr mest.
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 36, pdf. 253 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)