Feil merking av sau, verar og lam tek mykje tid!
(14.03.18) Dei tilsette på Medlemssentra i Nortura bruker mykje tid på å vera "detektivar" for å finne ut kven som skal ha slakteoppgjer for dyr som er feilmerka. Tid er pengar, og det er bonden som betaler desse pengane. Feil merking gjeld spesielt innkjøpte dyr.
Merkeforskrifta for småfe er klar:
"Hver gang dyr overføres til et nytt dyrehold i Norge, skal det merkes med et hvitt øremerke innen 7 dager etter ankomst til nytt dyrehold. Dersom dyret allerede har et hvitt øremerke, skal dette erstattes med nytt hvitt øremerke. Når dyr overføres til et nytt dyrehold, er det mottaker som er ansvarlig for at dyr får et nytt øremerke"
Forskrift om merking, registrering og rapportering av småfe
Også vêrar med lilla kåringsmerke skal merkast med kvitt merke når dei blir ført til slakting.
Når Nortura skal identifisere innkjøpte dyr, er regelen at vi skal lese opplysningane på det kvite øyremerket og taste dette inn. Det er her opplysningane om den nye eigaren står. Dersom dyret har eit fungerande RFID-merke frå den tidlegare eigaren, kan det fort skje at dette blir registrert. Det kan difor vera lurt å øydelegge elektronikken i RFID-merket. Antenna ligg ca 2mm inn i merket. Set difor spissen på avbitartonga så langt inn som vist på biletet og klem til. Pass på at det som er prega på merket er leseleg etter at du har øydelagt elektronikken, og merket må ikkje dette ut.
Hugs også å vaske skitne merker.
Vi vil også minne om at årstalet på øyremerka blir brukt som rettleiing når klassifisørane bestemmer om dyret er lam, ung sau, sau eller vêr. Sørg difor for at årets lam blir merka med årets øyremerker, og ved tap av øyremerke må det bestillast eit erstatningsmerke.
Bilde RFID-destruksjon: Slik øydelegg du elektronikken i RFID-merka
Øyremerke med skit: Ikkje lett å lesa kva som står på dette øyremerket