Rogaland og Buskerud deler Stjernelam-toppen sesongen 2019

(Oppdatert 24.12.19) Da har vi inne slaktestatistikk for dei fire siste slaktevekene i Nortura, og oppsummert for lammesesongen.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I veke 47 - 50 (18. november - 15. desember) slakta Nortura 24 400 lam med medel slaktevekt 16,6 kg, medel klasse R-/R (7,4) og medel feittgruppe 2+/2 (5,7). Sjølv i dei fire siste slaktevekene, der kanskje mange slaktar siste rest av lam, held 72,3 % av lamma kravet til Stjernelam-kvalitet. Det er bra!

Rogaland og Buskerud har dei siste vekene kniva om den gjeve tittelen "Stjernelam-toppen sesongen 2019". Buskerud la inn ein langspurt dei siste fire slakte-vekene, slik at ikkje ein gong målfoto greidde å skilje desse fylka i årets slaktesesong. Båe enda opp med 88 % Stjernelam i sesongen 2019. Det vart difor delt fyrsteplass også denne sesongen, som i fjor da Agder-fylka delte 1. plassen. På 3. plass kom Aust-Agder med 87,6 % Stjernelam. Imponerande resultat og vi gratulerer!

Da er det berre å nyte jule-fruktene av ein lang og hektisk lammesesong i form av pinnekjøtt, vossakorv, lammerull osv. God jul!

Statistikk

Graf

 

Oversikt veke 27 - 50, pdf. 79 kb

Oversikt veke 27 - 46, pdf. 79 kb

Oversikt veke 27 - 44, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 41, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 40, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 39, pdf. 40 kb

Oversikt veke 27 - 38, pdf. 41 kb

Oversikt veke 27 - 37, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 36, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 35, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 34, pdf. 43 kb

Oversikt veke 27 - 33, pdf. 42 kb

 


Statistikk frå Animalia