Lengdemåling på småfe i Nortura
(15.05.23) Lengdemåling som hjelpemiddel for å setje klasse på småfe har vore prøvd ut i fjorårssesongen på tre slakteri.
LENGDEMÅLING GOL: God stemning ved fyrste prøvekøyring av nytt lengdemålingsutstyr på Nortura Gol. Foto: Ingrid Hillestad Medhus
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
I Nortura har Nortura Karasjok vore med på utprøvinga. Dei hadde utstyret på plass i samband med slakting av rein. Lengdemåling har vore brukt for å setje klasse på storfe sidan 2019, så dette ei godt utprøvd metode. Utprøvinga har vore så vellykka at det nå er bestemt at lengdemåling også skal brukast på småfe.
Prinsippet med lengdemåling er at ein utnyttar den store samanhengen som er i forholdet mellom vekt/lengde og kjøttfylde. Lengda på slakteskrotten blir målt frå slaktekroken i hasen til overgangen mellom bog og nakke. Ut frå vekt og lengde blir det rekna ut ein K-faktor.
K-faktoren blir sett inn i ei likning som reknar ut klassen.
I utprøvingsfasa blir svaret i likninga vurdert opp mot klassen Animalia sine kontrollørar ville sett. Målet er altså at når ein har vekt og lengde på slaktet, så skal likninga rekne ut klassen som dei som har tilsyn med klassifiseringa i dag ville sett.
Rutinane for klassifisørane blir da slik:
- Slakta blir hengt på vekta
- Data frå killerterminalen blir henta inn for å få rett slaktekategori (sau/lam/ung sau etc.. øyrenummeret blir brukt som hjelpemiddel til å setja rett kategori)
- Laserstrålar frå lengdemålaren blir sett i rett punkt for å måle lengda
- Feittgruppa blir bedømt (dette blir gjort som før)
- Klassifisøren får opp forslag på klasse
I slaktesesongen dette året kan klassifisørane overprøve resultatet som blir rekna ut. Data frå slaktesesongen vil bli brukt til å forbetre likningane fram mot neste år. Når systemet er ferdig utprøvd og alle småfeslakteri har fått montert lendemålingsutstyr, så vil resultatet frå lengdemålinga bestemme klassen.
Lengdemåling er også ein fordel for feittbedømminga. Lengdemålaren tek nemleg bilete av alle slakt. Ved evt. klage på feittbedømming, kan den som skal behandle klaga gå attende i arkivet og vurdere biletet av slaktet.
Lengdemåling for å setje klasse fungerer på alle kategoriar av drøvtyggjar-slakt.
Utstyr for lengdemåling vil bli sett inn på dei fire største småfe-slakteria til Nortura; Malvik, Gol, Førde og Forus før slaktesesongen i år.
Resten av småfeslakteria i Nortura vil få montert lengdemålingsutstyr i starten av 2024.
Målet er å få til enda meir stabil klassifisering på alle slakteri i Noreg. Rett klasse er viktig for slakteoppgjeret og utbetaling av kvalitetstilskotet til sauebonden.
MÅLEPUNKT: Lengda på slaktet blir målt frå slaktekroken i hasen til overgang bog nakke. Foto: Morten Røe