Leveringsvilkår for småfe 2024

(Oppdatert 19.08.24) Nortura har gjort noen endringer i årets leveringsvilkår i forhold til fjoråret. Puljetillegget utbetales nå som kr pr kg, ikke pr stk. Nedre vektgrense for å få Gourmetlam-tillegg er senket fra 17,1 til 16,1 kg. Det blir utbetalt effektivitetstillegg på sau som slaktes i uke 36. Pristillegg for ullne skinn og trekket for å ta skinn i retur er justert. Hygienetrekket ble økt fra nyttår.

Sau og lam på beite. Foto: Kari Mørkve Jordalen


Fullstendige leveringsvilkår for småfe finner du i informasjonsheftet på side 3.

Nortura har fått inn store bestillinger på kvalitetslam i starten av årets salgssesong. Da er det viktig at vi klarer å levere på disse bestillingene. Derfor økes Gourmetlamtillegget fra kr 3 til kr 5 i uke 35 og videre til kr 5,50 i ukene 36, 37 og 38. I tillegg kommer Stjernelam-tillegget på kr 2,50.

Utnytt leveringsvilkåra og få betre pris

Nortura-sauebøndene fekk i 2023 utbetalt i middel nesten kr 9 pr kg lammeslakt i form av ulike tilleggsytingar. Dette er betaling frå fellesskapet for god kvalitet, marknadstilpassing og sparte kostnader, og ein bonus for levering over eit visst kvantum sau- og lammeslakt til Nortura. Det er difor viktig å setje seg inn i leveringsvilkåra (s.3) og tenkje igjennom korleis ein kan ta ut høgast mogleg pris.

Her er eit eksempel på korleis du kan plusse på avrekningsprisen på neste side ved å utnytte leveringsvilkåra. Vi føreset slaktevekt som i 2023 i Nortura (18,7 kg), levert i Gourmetlam-perioden i ei pulje på minst 15 dyr, og at garden leverer minst 1000 kg saue- og lammeslakt til Nortura.

  • Puljetillegg: kr 0,75-3,50 pr kg
  • Tillegg Stjernelam: kr 2,50 pr kg
  • Tillegg Gourmetlam: kr 3,00 pr kg (kr 5 i uke 35 og videre til kr 5,50 i ukene 36, 37 og 38)
  • Kvantumstillegg min. 1000 kg slakt: kr 0,40-1,70 pr kg
  • Lammeringstillegg (kr 15 pr dyr): kr 0,80 pr kg
  • Støtte elektroniske øyremerke (kr 12 pr dyr): 0,64 pr kg
  • Sum: kr 8,09-12,14 pr kg lam

Dersom ein utnyttar leveringsvilkåra maksimalt og prisprognosen blir ein realitet, så vil eit R lam slakta i veke 35 betale seg med kr 78,- pr kg (inkludert grunntilskot). I tillegg kjem kvalitetstilskotet frå staten. Ein kan unngå stoppsats på kr 250,- dersom ein samlastar med ein eller fleire naboar.