Slaktesesongen mot slutten

(22.11.24) Dei to fyrste vekene av november er inne i slaktestatistikken. I vekene 45 og 46 slakta Nortura 28 800 lam med medel slaktevekt 16,7 kg, medel klasse R/R- (7,5) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Vi nærmar oss nå slutten av årets slaktesesong. For dei fleste småfeslakteria er siste slakteveke for småfe dette året veke 49 med innmeldingsfrist fyrstkomane tysdag 26. november. Sjå plan for avslutning av sesongen her.

Vi er nå i ferd med å avslutte veke 47. Etter planen skal Nortura slakte ca 9000 lam og 3000 sau denne veka. 700 av sauene er planlagt lagt inn på reguleringslager, medan alt av lam går til industrikundar og eigen skjæring.

Vi nærmar oss også den uhøgtidlege kåringa av kven av fylka som erobrar sesongens Gourmetlam- og Stjernelam-topp. Buskerud er ein klar favoritt til å ta «The double» i årets sesong. Innlandet og Troms ligg like bak. Vi må difor vente med kåringa til siste lam i 2024 har kome inn i slaktestatistikken.

Statistikk graf Nortura

Graf slaktestatistikk lam

Statistikk tal Nortura

Statistikk total