Framleis stor etterspørsel etter kvalitetslam frå Nortura

(29.09.25) Veke 38 (15. - 21.september) er inne i slaktestatistikken. I denne veka slakta Nortura 55 200 lam med medel slaktevekt 20,4 kg, heile 0,7 kg over tilsvarande veke i 2024.

Lam i haustfjellet. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Medel klasse var på R+/R (8,6) og medel feittgruppe 2+/2 (5,5). Klassen var 0,2 over fjoråret og feittgruppa 0,2 under fjoråret, som i førre veke. Det er difor berre å ta av seg hatten og takke og bukke for den flotte lammeslaktekvaliteten som Nortura-sauebonden leverer denne sesongen.

I denne veka (veke 40, 29. september til 5. oktober) planlegg Nortura å slakte 53 300 lam og 2 100 sau. Sjølv om vi snart er i gang med oktober, held etterspørselen etter lam seg gledeleg godt oppe, og alt som blir slakta går rett ut til ulike kundar. Engrosprisauken på kr 5 som konsernstyret i Nortura vedtok før årets slaktesesong, ser difor ikkje ut til å ha dempa etterspørselen etter Nortura-lam.

Statistikk graf Nortura

Graf statistikk for lam i Nortura veke 27 - 38

 

Statistikk tal Nortura

Statistikk total