Julebord for bøndene i Gloppen
TINE Produsentlag, Nortura i Gloppen og bondelaga har gått saman om eit felles julebord på Gloppen Hotell laurdag 29. november. Vi inviterer alle medlemmer i Gloppen, med følgje.
Gloppen hotell kan friste med fantastisk julemat i alle variantar (sjekk Julebord - Gloppen Hotell dersom du vil sjekke ut den fristande kaldbuffet`en og varmbuffet`en).
Arrangørane har litt lett underhaldning under planlegging. Vi håpar å samle veldig mange bønder frå Gloppen denne kvelden. Vi håpar også DU har lyst til å vere med.
- Julebordet startar kl. 1930 og varer ut i dei små timar.
- Prisen for julebordet er kr. 350,- pr person. Betaling ved inngang.
Vi gjer merksame på at vi har reservert 100 plassar og hotellet er ope for andre gjester. So vi håpar DU melder deg på ganske so raskt.
Påmeldingsfristen er 22.november
Påmelding til Runar Ryssdal med sms til 99 54 88 21 eller e-post: runryss@hotmail.com Oppgje namn og organisasjon( Tine/ Nortura), antal deltakarar og at du skal vere med på julebord på Gloppen Hotell).
Arrangør
Arbeidsutvalet i TINE Gloppen Produsentlag
Gloppen krets, Nortura.
