Fôring av kviger og ammekyr gjennom året
(15.10.13) Fôr og beite til ammeku og kviger utgjer mellom 70 og 80 % av dei variable kostnadene på årsbasis. Derfor er det viktig å utnytta beite optimalt og å skaffa seg oversikt over fôrlager og kvalitet på grovfôr så tidleg som råd etter avslutta innhausting.
Av: Øystein Havrevoll, spesialrådgivar storfe
(Artikkelen er publisert i TYR-magasinet nr. 4, 2013)
Næringsbehovet til dyra omfattar energi (FEm) og stoffleg behov slik som protein, mineral og vitamin. I tillegg skal dyra alltid ha fri tilgang på reint og friskt vatn. Næringsbehovet skal dekka vedlikehald, aktivitet, tilvekst, feittavleiring på tynne kyr, drektighet og laktasjon. Fôring etter hold er ein grunnregel i ammekuproduksjonen. Kva dette vil seia og meir konkrete råd om fôring og fôrplanlegging skal eg koma attende til i denne artikkelen.
Driftsopplegg, kalvingstid og hold styrer bruk av beite og fôring gjennom året
Tal frå Årsmelding 2012 i Storfekjøttkontrollen viser at det er mest kalving i perioden februar til april med topp i mars på Austlandet. Dei andre delane av landet har om lag ein månad seinare kalving i gjennomsnitt. I større buskapar er det nå meir vanleg å ha to kalvingstider for å utnytta fjøsplass, avlsokse, beite, fôr og arbeidskapasitet.
Næringsbehovet endrar seg gjennom året ut frå fysiologisk stadie (tomtid, drektighet og laktasjon). I figuren nedanfor har eg vist eit eksempel på denne variasjonen hos ei utvaksen ku. Vektendring kan vera negativ og positiv til ulike tider gjennom årssyklusen. Drektige kviger og førstekalvsku må også ha næringsbehov for å veksa.
Figur 1. Energibehov, FEm/dag, til vaksen ammeku på 650 kg med kalving første mars. Merk at kua tærer på holdet i visse periodar. Fôrrestar er ikkje tatt med.
Som figuren viser er vedlikehaldsbehovet ein stor del av det totale næringskravet i ammekuproduksjonen. Det ideelle vil dermed vera å ha ei lita ku som mjølkar godt, tek opp mykje beitegrøde og har ein frisk kalv som veks godt med høg avvenningsvekt.
Kjøttfe på beite
Grassurfôr den siste tida inne og litt kraftfôr den første tida ute reduserer overgangen til beite. Det er også ein fordel å sleppa dyra før grasveksten har kome for langt (ca.10 cm). Unntak er beite på raigras som gjerne skal pussast før første avbeiting for å stimulera til busking og vekst. I perioden før og etter paring/inseminering bør kua vera i positiv næringsbalanse. Tilgang på beitegrøde må vera minst 25 % meir enn det dyra tek opp dersom tilgang på næring skal vera god nok. Redusert hold på kua og eller svak tilvekst på kalven er teikn på at beiteopptaket er for dårleg. Tilgang på kalvegøyme inne (med kraftfôr og grovfôr) og kraftfôrautomat på innmarksbeite kan sikra god tilvekst hos kalvane.
Rolege og tame dyr på utmarksbeite er ein stor fordel. Grunnlaget for dette legg ein ved positiv og direkte kontakt med dyra gjennom vinteren og ikkje minst på vårbeite. Når dyra er rolege på sommarbeite, er det teikna på godt tilsyn, bruk av salteplassar, nok beitegrøde og lite rovdyr.
Kva er kvaliteten på grovfôret?
Aktuelle grovfôrslag til ammekua er ensilert gras og grønfôr, høy, ammoniakkbehandla halm eller frøhøy og ulike overskotsprodukt eller restar frå grønsakproduksjonen.
Etter at innhaustinga er ferdig, bør ein så snart som råd ta ut prøver til analyse. Meir detaljert informasjon om uttak og sending av prøver, analyser og pris finn du på www.eurofins.no eller www.fkra.no. Oversikt over grovfôrlager og analyse av større parti av grovfôr er svært viktig for fôrplanlegging og fôrdisponering gjennom vinteren. Ved omsetting av større mengder grovfôr, bør absolutt vekt av rundballar og fôranalyse vera kjent. Det er tørrstoffinnhaldet i rundballen som er mest avgjerande for pris per FEm, deretter vekt og innhald av FEm eller MJ per kg tørrstoff. Ofte blir vekta av rundballane redusert med aukande tørrstoffinnhald. I tillegg til pris per rundballe vil frakt ofte utgjera ein betydeleg kostnad.
Tabell 1. Eksempel på variasjon i pris per FEm for to kvalitetar grovfôr når rundballen har fast pris og vekt og tørrstoff varierer:
Samanlikna med kraftfôrpris på kr 3,40 per FEm, vil grovfôret i eksempelet ovanfor utgjera knapt 50 % til opp mot 90 % av kraftfôrprisen. Frakt er ikkje rekna med.
Vinterfôrplan
Ammekyr som er i godt hold etter beiteperioden, kan godt mobilisera feitt og gå ned i vekt dei første månadene av vinterfôringa. Dersom grovfôrkvaliteten er middels eller dårlegare (< 0,86 FEm/kg tørrstoff), er det aktuelt å spe på med ca.1 kg kraftfôr siste månaden før kalving og 1-3 kg etter kalving, spesielt på tynne kyr. Kua bør ha holdpoeng på 3,0-3,5 ved kalving. Den første tida etter kalving vil også kua gå ned i vekt dersom ho mjølkar godt.
Etter avvenning er det viktig å halda tilveksten oppe hos dei unge dyra. Fri tilgang på godt grassurfôr (0,88 FEm eller betre) og 1-2 kg proteinrikt kraftfôr bør gi tilstrekkeleg tilvekst. Gruppering av dyra etter alder og hold er heilt nødvendig for at ungdyr og tynne kyr skal få nok næring. Drektige kviger og eventuelt tynne ammekyr kan gå saman.
Ein fôrplan må vera tilpassa forhold på den enkelte gard ut frå driftsopplegg, næringsbehov hos dyra, tilgang og kvalitet på grovfôret, fôringssystem og oppstalling. I tabell 2 og 3 er det tatt med eksempel på fôrplan til kviger og vaksne ammekyr. Det er rekna med at fôrplanen til kviger er tilpassa avvenning ved 7 månaders alder og at kvigene kalvar to år gamle. Ammekua er i vanleg godt hold ved innsetting.
Tabell 2. Fôrplan kviger
Alder i mnd. |
Vekt kg |
Behov FEm/dag |
Behov AAT/dag |
Tilvekst g/dag |
Fôrplan 1 Dagsrasjon |
Fôrplan 2 Dagsrasjon |
Første vinter 7-14 mnd. |
200- 350
|
3,2 - 4,5 |
325 - 440 |
600 – 650 |
Surfôr e. app. (2,5-4 FEm), 1 kg kraftfôr Tillegg av vitamin og mineral + saltstein |
5-6 kg surfôr (1 FEm), NH3-halm e. app., 1,5-2,5 FEm/dag, 2 kg kraftfôr, vit./mineral + saltstein |
Andre. Vinter 19-24 mnd |
400-550 |
5,2 – 8,5 |
500 - 900 |
650 |
Surfôr e. app. (4,5 – 6,5 FEm) 1-2,5 kg kraftfôr Vit./min. + saltstein |
5-6 kg surfôr NH3-halm e. app.3,5- 4,5 2-3 kg kraftfôr Vit./min + saltstein |
Tabell 3. Fôrplan til ei ammeku på 650 kg
Periode |
Behov FEm/dag |
Behov AAT/dag |
Fôrplan 3 m/surfôr Dagsrasjon |
Fôrplan 4 m/NH3-halm Dagsrasjon |
Drektig ku (tidleg) |
5,0 |
400 |
20-25 kg surfôr (30 % TS, FEm<0,86) NH3-halm e. app., 100 g/dag vitamin- og mineralbl. + saltstein saltstein Fri tilgang på surfôr til tynne kyr og drektige kviger |
5-6 kg surfôr (1 FEm), NH3-halm e. app., 1,5-2,5 FEm, 1,5 kg kraftfôr, 100 g/dag vitamin- og mineralbl. + saltstein |
Drektig ku (seint) | 7,5 | 600 |
25-30 kg surfôr (30 % tørrst., FEm>0,86) 0,5-1,0 kg kraftfôr 100 g/dag vitamin- og mineralbl. + saltstein |
10-12 kg surfôr NH3-halm e. app., 2 kg kraftfôr + saltstein |
Etter kalving |
10 |
900 |
30-40 kg surfôr (30 % tørrst., FEm/kg TS>0,86) 1-2 kg kraftfôr + saltstein |
10-12 kg surfôr, NH3-halm e. app., 3-4 kg kraftfôr + saltstein |
Vilkår for at dyra skal veksa og produsera godt
Friske dyr med nok plass i jamne grupper er vilkår for at ammekuflokken med påsett skal utnytta fôret og produsera godt.
Vidare må det til snyltarbehandling og klauvskjering etter behov. Alle dyr skal alltid ha tilgang på reint og friskt vatn både inne og på beite. Dagleg tilsyn på heimebeite og helst ein gong i veka på utmarksbeite vil kunna gi tame dyr slik at ein tidleg kan oppdaga sjukdom eller skadar.
Holdvurdering av kua ved innsetting, kring kalving og beiteslepp gir ein god indikasjon på om fôring og beiteopptak er passe. Endå viktigare er veging av kalven ved fødsel, beiteslepp og avvenning.
Nøkkeltal frå Storfekontrollen er grunnlaget for framtidig planlegginga av fôringa gjennom året. Bruk desse tala godt til framtidig planlegging.