Fôring av ammeku i innefôringsperioden
(29.08.07) I ammekuproduksjonen utgjer fôrkostnadane 70 til 80 % av dei variable kostnadene. Fôringa er såleis den faktoren som har størst betydning for det økonomiske resultat i denne produksjonsforma.
Av: Karl Vie, rådgjevar Nortura
|
Ammekua kan utnytte fôr med liten alternativ verdi og målsettinga må vere å fôre billigast mogeleg samtidig som ein passar på dekke kua sin trong for næring til vedlikehald, tilvekst og til foster og mjølkeproduksjon.
Fôrplanlegging
Ved å sette opp fôrplaner har ein betre føresetnader for å få gode resultat i høve til totalt fôrforbruk og utnytting av fôrressursane på garden. Kyrne vil i større grad få dekka trongen for næringsstoff i dei ulike produksjonsfasane og dermed og gje flest mogeleg levandefødde kalvar. Kjennskap til kvaliteten på grovfôret gjennom å ta fôrprøver er naudsynt å kjenne til for å kunne planleggje fôringa. Grovforkvaliteten har betydning for val av kraftforslag og – mengde. Den vil såleis påverke fôrkostnadane.
Gruppering.
For at kvart enkelt dyr skal få ein høveleg dagsrasjon i innefôringsperioden, bør ein gruppere dyra etter alder og hold, og tilpasse fôringa deretter.
I lausdrift kan det vere ynskjeleg å dele inn i fire grupper:
- Avvende kvigekalvar som skal bedekkast/inseminerast.
- Førstegangskalvarar
- Kyr i dårleg hold
- Kyr i godt hold
Med tradisjonell båsfjøs vil det vere enklare med individuell fôring, men det vil og vere enklare å tilpasse rett fôring dersom ein plasserer dyr i dei ulike kategoriane i nærleiken av kvarandre.
Hensikta med å sortere dyr i grupper er å tilpasse fôringa slik at dyra er i høveleg hold ved kalving. Dersom ein har grovfôr av god kvalitet, kan appetittforing av dette grovforet medføre at kyr som er i bra hold ved innsett, vert for feite utover vinteren. Det er derfor viktig å vurdere holdet heile tida og å regulere fôringa ut i frå det
Kviger
Tal frå storfekjøttkontrollen viser at medelalder ved første kalving i snitt for alle rasar er i overkant av 32 mnd. Her ligg det eit stort forbetringspotensiale. Ved optimal fôring i kvigeoppdrettet bør kvigene av dei lette rasane kalve ved ca. to års alder. For dei tunge rasane noko i overkant av to år.
Ved bedekning bør kvigene vege om lag 60 % av vaksen vekt og ved kalving om lag 80 %. Det betyr at, ved ei voksenvekt på 600 kg , bør kviga ved bedekning vege ca 360 kg og ved kalving ca. 480 kg.
Forsøk viser at for sterk fôring av kvigekalvane i tida fram mot kjønnsmodning fører til utvikling av feittvev i anlegga for mjølkekjertlar. Dette resulterer i at dei som vaksne vert dårlegare mjølkekyr enn kviger som er fôra moderat. Derfor bør ein vere merksam på og unngå for hard foring i perioden fram mot kjønnsmodning. Det er her snakk om at tilvekst over 600 g/dag frå 3 månaders alder og fram til kjønnsmodning vil redusere dyret sin mjølkeevne i vaksen alder.
For kalvar som går med mora vil dette vere vanskeleg å regulere, då mora sin mjølkeevne har vesentleg betydning for kalven sin tilvekst. Det kan, ved høg tilvekst på kvigekalven , vere aktuelt å framskunde fråvenning ein månad eller to. Etter avvenning kan ein då regulere tilveksten for å få ei optimal vektutvikling fram mot tidspunkt for bedekning
Etter bedekning kan kvigene, om nødvendig fôrast noko hardare, for å få dei godt utvikla til dei skal kalve. Det er viktig at kvigene er i godt hold før 8. drektigheitsmånad, slik at ein slepp å fôre for hardt siste tida før kalving.
For hard foring siste tida før kalving kan lett gje store kalvar og dermed fødselsproblem. Dei to siste månadene har kviga trong for tillegg for fosterproduksjon(sjå tabell 2) Her er det viktig å vurdere holdet til dyra og eventuelt senke fostertillegget.
Tabell 1: Dagsbehov til kjøttfekviger ved ulik vekt og tilvekst
Tilvekst pr. dag |
700 g |
800 g |
||||
Lev. vekt |
FEm |
AAT g |
FEm |
AAT g |
FEm |
AAT g |
200 |
3.2 |
330 |
3.5 |
350 |
3.7 |
375 |
300 |
4.0 |
405 |
4.2 |
425 |
4.4 |
445 |
400 |
4.9 |
480 |
5.2 |
500 |
5.5 |
520 |
500 |
5.8 |
550 |
6.1 |
570 |
6.4 |
585 |
Ammekyr
Ein reknar med at kjøttferasane har om lag 10 % lågare energitrong til vedlikehold enn NRF. Det er derimot liten skilnad mellom energitrong til fosterproduksjon, mjølkeproduksjon og tilvekst. Mjølkeproduksjonen til ammekyr vil variere ganske mykje avhengig av rase og eventuelt ved innkryssing med mjølkerasar. Mjølkemengda for reine kjøttfe vil hovudsaklege ligge mellom 5 og 15 liter pr. dag. Det er viktig at kyrne er i passe hold ved kalving, og at fôringa vert trappa opp etter kalving. Då vil mjølkeproduksjonen auke i takt med behovet til kalven
Tabell 2 : Energi og proteinbehov til ammekyr
|
Levandevekt kgFEm/dagAAT gr/dag |
500 |
600 |
700 |
800 |
|
Mjølkeproduksjon |
0.44 Fem/ kg mjølk |
|||||
Fostertilvekst: 8. månad |
1.5 FEm/dag |
160 g AAT/dag |
||||
9. månad |
2.5 FEm/dag |
230 g AAT/dag |
||||
Tilvekst på eigen |
Første og andrekalvskyr, |
FEm /dag |
AAT,g/dag |
Grovfôropptak
Evna til å ta opp grovfôr er avhengig av kua sin storleik og hold, fôret sitt tørrstoffinnhald, snittlengde, grovfôrkvalitet og smak. Ved bruk av surfor kan ein ,som ein tommelfingerregel, gå ut i frå at ammekyr har eit opptak på 1,5 kg tørrstoff pr 100 kg levandevekt.
Tilskotsfôr
I ammekuproduksjonen, der store delar av fôrrasjonen er grovfôr, er det særdeles viktig at ein sikrar tilgang på mineraler og vitaminer. Kraftfôrblandingane er tilsett vitaminer i mengder som normalt dekker behovet. Når det vert brukt mindre enn 2 kg kraftfôr pr. dyr og dag , bør det gjevast tilskotsfor i innefôringsperioden. Tildeling av 50- 100 gram av mineral og vitaminblanding pr. dyr dag vil normalt dekke behovet til kviger og ammekyr. Saltslikkestein dekker noko av dyra sitt behov for mineraler, men inneheld ikkje vitaminer.
Praktisk fôrplanlegging
|