Storfekjøtt produksjon på innkjøpt kalv - Del 3
(29.08.07) Del 3 av: Artiklane omhandlar driftsopplegg for spesialisert storfekjøttproduksjon ved innkjøp av kalv, samt aktuelt stoff for dei som vurderer kva opplegg dei skal velje ved framfôring av eigenproduserte kalvar.
Av: Karl Vie, fagrådgjevar i Team Storfe
Charolais, Simmental og Limousine er
slakte modne ved slaktevekter frå 350 kg, men raser som Aberdeen Angus, Hereford og Tiroler Grauvieh kan vere slaktemodne ved 240 og 300 kg |
Rett slaktetidspunkt
Når er dyra slaktemoden?
Eit slaktemodent dyr gjev slakt med optimalt tilhøve mellom kjøtt, feitt og bein. Dyret sin arvelege kapasitet for muskeltilvekst er då utnytta, kombinert med ei moderat feittavleiring. Det er fleire tilhøve som påverkar rett slaktetidspunkt:
- Raseforskjellar
- Fôrstyrke
- Arvelege forskjellar
Okse
Raseforskjellar
- NRF er hovudsaklege slaktemodne med slaktevekter mellom 275 og 325 kg.
- Lette rasar som Aberdeen Angus, Hereford og Tiroler Grauvieh er slaktemodne mellom 240 og 300 kg.
- Tunge raser som Charolais, Simmental og Limousine er slaktemodne ved slaktevekter frå 350 kg og oppover.
Fôrstyrke
Fôrstyrken påverkar når feittavleiringa skjer. Ved sterk fôrstyrke inntrer feitavleiringa tidlegare og dyra vert tidlegare slaktemodne.Vi kan sette opp nokre grove reglar for dette:
- Intensivt fôra NRF oksar er slaktemodne frå 275 til 300 kg slaktevekt.
- Moderat fôra NRF oksar er slaktemodne frå 300 til 325kg slaktevekt.
- For kjøtferasane er forholdet det same. Fôrstyrken bør avgjere når tid innafor dei tilråde vektintervalla at slaktinga bør skje. Fôrar ein sterkt bør ein slakte ut ved nedre tilrådde vekt og ved svakare fôring gjerne opp mot øvre tilrådde vekt.
Arvelege forskjellar
Det vil vere enkeltoksar som avvik i høve til tilrådingane om slaktetidspunkt. Dei med aller best tilvekstevne vil kunne tåle høgare slaktevekter.
Enkelte oksar vil ha redusert tilvekstevne. Det kan vere på grunn av genetiske forhold eller at dei er tilbakesett på grunn av tidlegare sjukdom. Desse oksane vil ein ikkje tene pengar på uansett, så dei er bør slaktast tidleg.
Slakteprosent for oksar
Rase |
Slakte % |
For NRF |
50 til 53 |
For lette kjøttferasar |
52 til 55 |
For tunge kjøttferasar |
55 til 59 |
Økonomi
Den beste økonomien i produksjonen vil ein få ved å levere oksane til slakt når dei har nådd slaktemoden alder og vekt. Det vil vere svært god økonomi i å fore dei umodne oksane til dei vert slaktemodne. Å vente med slakting til oksane har passert slaktemoden alder vil gje dårlegare økonomi. Fôrforbruket aukar vesentleg når oksane passerer slaktemoden vekt. Samstundes aukar feittavleiringa og dermed sjansane for prisreduksjon på grunn av feitt-trekk.
Kastrat
Vi kan sette opp fylgjande anbefalte slaktevekt for dei tre fôrstyrkenivå som er nemnt under kastratproduksjonen.
Fôrstyrke |
Slaktevekt |
"Intensiv" |
230 til 240 kg |
Moderat |
250 til 260 kg |
"Ekstensiv" |
270 til 280 kg |
Kviger
Slaktevekta for NRF kviger bør ligge mellom 200 og 230 kg. Dersom ein ynskjer å ligge i øvre vektsjiktet bør fôrstyrken ikkje vere for høg. Anbefalt slaktevekt for kjøttfekviger av ekstensiv rase bør ligge mellom 170 til 210 kg og for dei intensive rasane bør slaktevektene ligge mellom 240 og 280 kg. I begge kategoriane vil fôrstyrke avgjere kor innafor det tilrådde intervallet ein bør legge seg.
Slaktetidspunkt for krysningar
For krysningar vil rett slaktetidspunkt ligge på eit nivå i overkant av medel for dei tilrådd slaktevekt for foreldrerasane.
Rutine ved innkjøp
Ved innkjøp av fôringskalv/fôringsdyr er det nokre viktige moment :
- Før kalven vert teken inn i fjøsen må ein sjekke at attestar/ eigenerklæringar fylgjer med og er i orden.
- Sjekk at kalven er frisk, utan skade og rett merka frå leverandør.
- Det bør vere ei form for karantene for alle innkjøpte dyr der dei bør stå 3 til 4 veker i eige rom. Poenget med eit slikt tiltak er å skjerme dyra i buskapen, samstundes som dei innkjøpte dyra gradvis kan venne seg til miljøet. Det er og viktig å kunne halde dei innkjøpte dyra under observasjon for å forsikre seg om at det er friske dyr som er kjøpt inn.
- Innkjøpte kalvar bør ikkje plasserast i for store grupper og kalvar som vert plasserte i lag må verte av omtrent same storleik.
- Liggeunderlaget skal vere reint og tørt.
- Gradvis endring i fôring, både når det gjeld fôrslag og fôrrutiner, etter innsett i ny buskap. Det er uheldig å kjøpe inn kalvar som nettopp har slutta med mjølkefôring, då dei i denne overgangsperioden ikkje er gode nok til å ta til seg grovfôr og kraftfôr. Kalvar som ikkje får i seg nok mat og som kjem i negativ energibalanse , har lite motstandskraft mot sjukdom. Høy er ein gunstig faktor for å stabilisere fordøyinga. Det kan derfor tilrådast å gje kun høy som grovfôr dei første dagane etter innsetjing.
- Tilpass fôringa til den kalven er vand med i starten. Den er beskriven på eigenerklæringa. Når ein endrar fôringsopplegget skal alle endringar skje gradvis.
- Kalven må forskriftsmessig merkast.
Fôrplanlegging
Fôrplanlegginga foregår i første rekkje om hausten, men fortløpande justeringar er aktuelt til alle årstider. Dette gjeld vurdering av beitekvalitet, tilvekst og om det er aktuelt med tilskotsfôring på beite og eventuell justering av fôrplaner i innefôringstida.
Målet er å sette saman fôrrasjonar som dekker dyra sitt næringsbehov, slik at vekst og utvikling vert mest mogeleg i samsvar med det som driftsopplegget forutset. Samtidig skal fôringa verte billigast mogeleg og ein viktig del av fôrplanlegginga er å disponere fôrmengdene slik at fôrmangel kan unngåast.
I ein planmessig kjøttproduksjon krevst det kjennskap til levandevekta for dyra på visse stadier, minimum ved start og slutt på fôringsperiodane. Dette er nødvendig for å kunne kontrollere og eventuelt justere fôrstyrken i høve til den oppsette planen. For å vurdere fôrstyrken må ein ha oversikt over grovfôrkvaliteten og grovfôropptaket til slaktedyra. Grovfôrprøver vil vere eit viktig hjelpemiddel for å kontrollere grovfôrkvaliteten.
Kor stort fôropptaket er vil variere både med omsyn til kjønn, rase, fysiologisk status, kvaliteten på fôret og samansetting av rasjonen. Fordi fôropptaket er direkte relatert til storleiken på dyret, er det hensiktsmessig å oppgje fôropptakspotensialet som kg. tørstoff pr. 100 kg levandevekt.
Auka tilskot av kraftfôr vil vanlegvis føre til reduksjon av grovfôropptaket. Grovfôret vert bytta ut med det andre fôret, og verknaden vert kalla substitusjonseffekt. Det er først og fremst ved fôring av slakteoksar vi må ta omsyn til substitusjonseffekten fordi fôrstyrken til oksar er større enn til kviger og kastrater.