Teljedato og slakting før eller etter 1. mars

(07.02.24) Du har kanskje noko slaktelam ståande på ekstensiv sluttfôring, eller ein del tomsau eller tomme påsettlam etter fosterteljinga, og lurar på om du skal slakte dei før eller etter teljedato 1. mars? Her er litt hjelp finne ut kva som vil lønne seg.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Fylgjande reglar gjeld: 

Tilskot for husdyr:

Sau/lam født året før eller tidlegare:

  • 1-75 stk: kr 1955 pr stk
  • 76-150 stk: kr 1475 pr stk
  • 151 stk og meir: kr 211 pr stk

Tilskot til lammeslakt O+ og betre: kr 545 pr stk 

Tilskotet blir ikkje utbetalt for lam født året før og som blir levert til slakteriet frå og med 1. mars eller seinare. Dette er gjort for at ein ikkje skal få utbetalt både dyretilskot og lammeslakttilskot på same dyret. 

Teljinga 1. mars er også grunnlag for utbetaling av avløysartilskotet på kr 557 per sau/lam. Har du avløysar, så lyt ein også tenke på avløysartilskotet. Maksimalt avløysartilskot er kr 126 580. Dersom du har andre husdyrproduksjonar i tillegg til sau, lyt ein ta omsyn til desse også.

Tilskot avløysing (berre sau/lam)

  • 1-227 stk: kr 557 pr stk
  • >227 stk: kr 0 pr stk

Eksempel:

Du har 227 og fleire sau/lam på fjøset den 1. mars:

  • Da vil det lønne seg å slakte lammet før 1. mars, så sant dyret får kategorien lam og klasse O+ eller betre, gevinst kr 334

Du har mellom 151 og 227 sau/lam i fjøset den 1. mars:

  • Da må du vurdere om du kan gjere deg nytte av avløysartilskotet. Om avløysartilskottet ikkje kan nyttast, vil det lønne seg å slakte lammet før 1. mars. Gevinsten er kr 334, jamfør dømet over. Dersom du berre driv med sau og kan nytte deg av avløysartilskotet, vil det lønne seg å vente med slakting til etter 1. mars, gevinst kr 223

Du har mindre enn 151 sau/lam på fjøset 1. mars:

  • Da kan det lønne seg å slakte dyret 1. mars eller seinare. Hovudregelen er at dyr født året før, blir kategorisert som lam heilt fram til 15. april.
1-75 sau: Gevinst med avløysartilskot: 1 967
  Gevinst  utan avløysartilskot: 1 410
76-150 sau: Gevinst med avløysartilskot: 1 487
  Gevinst utan avløysartilskot: 930
  •   Andre vurderingar ein må gjera når det gjeld slaktetidspunkt:

Jo eldre eit lam blir, jo mindre lammepreg får dyret. Risikoen aukar difor for at lammet får andre kategoriar enn "lam" jo eldre dyret blir. Feitt-trekk kan også gjera at noko av gevinsten med utsett slakting går tapt. Teljesau skal ha fôring, stell og plass som også kostar pengar. Styresmaktene stiller også krav til god agronomisk praksis og godt dyrhald til alle som skal ta imot tilskot. Det aller viktigaste er:

Dyrevelferda til teljesau skal vera like god som til livsauen.